Måndag kveld vart to av dei tre Covid 19-pasientane i Helse Fonna skrivne ut, slik at det no berre er éin pasient med påvist Covid 19 i føretaket, på Stord sjukehus. Besøksforbodet held fram, men vert fortløpande vurdert.
Helse Fonna ber samstundes publikum om å avgrense besøk ved føretaket sine sjukehus og DPS-ar, og minner om besøksreglane:
* Alle besøkande skal få spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.
* Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.
* Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk.
* Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.
* Besøkande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Dei må informerast om å halde 1 meter avstand.
* 1 besøkande per pasient
* Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom
* Besøk inntil 1 time på enkeltrom
* Unntak kan gjerast dersom det er strengt nødvendig.