
SPESIALISTAR: Bioingeniørane Bente Omenås (t.v.) og Viktoria Haga Melbo er no godkjente som spesialistar. Det kjem pasientane til gode.
– Spesialistgodkjenninga er eit bevis på kunnskap og kompetanse, men eg har også lært veldig mykje av prosessen for å bli godkjent.
Det seier bioingeniør Viktoria Haga Melbo, som no kan smykke seg med tittelen bioingeniør med spesialistgodkjenning.
Bioingeniørane er avgjerande i pasientbehandlinga
Bioingeniør er eit yrke med mange moglegheiter. I sjukehusa speler dei ei avgjerande rolle i diagnostikken – det å finne ut om ein pasient er frisk eller sjuk, og kva sjukdom det eventuelt er. Bioingeniørane må ha høg kvalitet på arbeidet sitt for å levere raske og korrekte svar. Dei er også avhengige av at sjukepleiarar, legar, helsesekretærar og andre som tar ulike prøvar av pasientane gjer det på rett måte og at prøvane blir oppbevart korrekt og levert raskt til laboratoriet, der bioingeniørane kan undersøke dei.
Viktoria Haga Melbo har no spesialistgodkjenning innan immunhistokjemi, medan Bente Omenås sitt spesialfelt er rådgiving og rettleiing innan prøvetaking og pasientnære analysar (PNA). No kan dei begge undervise ved aktuelle fagområde på høgskular og universitet og ikkje minst tilby undervising internt i sjukehuset og til samarbeidande partar som for eksempel kommunane.
Fokus på fag og kvalitet
Viktoria jobbar ved laboratorium for patologi i Helse Fonna, der dei undersøker prøvar frå celler og vev for å avdekke kreft. Ein viktig del av jobben er å finne ut kva type kreft det er, slik at behandlinga kan tilpassast den enkelte pasient for best mogleg effekt.

SOM REGEL GODARTA: Ein bioingeniør lagar snitt av ein feittsvulst som er fjerna frå ein pasient, slik at den kan undersøkast for kreft. Slike feittsvulstar er som regel godarta. God og rask undersøking er viktig for å avdekke kreft og sikre rett behandling.
Bente Omenås er tilknytt Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratoriemedisin) og gir råd og rettleiing til fastlegar og kommunehelsetenesta. Dei tar både laboratorieprøvar som blir undersøkt utanfor sjukehus, og bestiller prøvar og undersøkingar frå sjukehuset.
No er dei begge sertifiserte som spesialistar på kvart sitt felt. Det er lagt merke til, for dei har allereie blitt kontakta av fagmiljø andre stader i landet med spørsmål om å dele funn frå fordjupingsoppgåvene sine og bidra med undervising og kompetanseheving.
– Det er absolutt ei godkjenning som fører til auka fokus på fag og kvalitet, seier Haga Melbo og Omenås.
Ein positiv spiral
For å få godkjenninga må ein ha grunnutdanning som bioingeniør, minst tre års relevant arbeidserfaring, minst 100 timar formidling, relevant etterutdanning på minst 100 timar, minst 30 studiepoeng i relevant vidareutdanning frå høgskule eller universitet og skrive ei fordjupingsoppgåve under rettleiing. Godkjenninga er gyldig i fem år, deretter må ein søke på nytt og kunne dokumentere kontinuerleg fagleg utvikling i perioden som er gått.
– Eg har allereie sagt ja til å vere rettleiar for ein kollega som skal starte på fordjupingsoppgåve for å søke om spesialistgodkjenning. Det er slike ting som gjer at dette er ein positiv spiral som berre bidrar til meir og meir kompetanseheving, seier Haga Melbo.
Ho får støtte frå sjefen sin, funksjonsleiar ved laboratorium for patologi Bettina Wachholz.
– Vi har lagt til rette for dette fordi det er eit kjempeløft for Helse Fonna. Det at vi no har to bioingeniørar med spesialistutdanning er noko vi verkeleg kan vere stolte av. Kvar enkelt bioingeniør treng fagleg utvikling for at vi skal kunne møte utfordringane i laboratorietenesta, seier ho.

STOLT AV MEDARBEIDARANE: Funksjonsleiar Bettina Wachholz ved laboratorium for patologi er stolt av Bente og Viktoria og meiner spesialistgodkjenninga er eit løft for kvaliteten.