
Politikarar, styrerepresentantar, brukarar, tilsette, byggfirma, lokalmedia og andre inviterte gjester deltok måndag på den høgtidlege opninga.
Emma Sofie Lae-Pedersen og Siv Emberland frå Helse Fonna sitt ungdomsråd fekk i oppdrag å halde snora, som vart klipt av Bent Høie.
Lån med på statsbudsjettet
Forutan mange fine ord, der han også tok eit lite tilbakeblikk på sjukehushistoria i Haugesund, kom statsråden med ei gladmelding om vidare utbygging ved Haugesund sjukehus.
– Eg har skjønt det slik at de ikkje kviler på laurbæra, men går rett i gang med ombygging. Og at det er planlagt eit nytt byggjetrinn for å byggje framtidas sjukehus. I samband med det har vi fått ein lånesøknad frå Helse Vest, og eg kan med dette informere om at regjeringa seier ja til denne. Det betyr at dette ligg inne i neste års statsbudsjett. Så då kan de berre brette opp ermene, setja i gang og byggje vidare, sa Høie i sin opningstale.
Planlegging av neste byggjetrinn er alt godt i gang, men føresetnaden for å komme i gang med forprosjektet i 2022 er at Helse Fonna får lån på statsbudsjettet. Planen er å starte opp i 2023.
Helse Fonna har ein sunn økonomi som gjer dette mogleg samstundes som Valen, Stord og Odda sjukehus skal drivast og vedlikehaldast.

Har halde budsjett
Det er ganske unikt at ein har klart å halde både tidsplan og budsjett gjennom ein krevjande pandemi. Det nye sjukehusbygget i Haugesund er blant dei største investeringane som er gjort på land på Haugalandet gjennom tidene. No står nybygget på 18 000 kvadratmeter ferdig, og i neste veke startar ombygging og oppgradering av 6000 kvadratmeter av eksisterande bygg.
Nybygget har kosta nær to milliardar kroner. Byggjetrinn to har ein prislapp på om lag éin milliard kroner.

– Dette har vore eit viktig prosjekt for pasientane og medarbeidarane ved sjukehuset. Samstundes har det gjeve etterlengta oppdrag til byggebransje og næringsliv lokalt, seier administrerande direktør Olav Klausen.
Utbygginga sikrar god og trygg pasientbehandling i mange år framover. Helse Fonna vil leggje til rette for at pasientane i regionen skal få god behandling lokalt. Det krev både standardisering, elastisitet og fleksibilitet.

Styreleiar i Helse Vest, Einar Strømsvåg, er svært nøgd med det nye bygget, og særleg måten prosjektet er gjennomført på.
– Å levere eit slikt prosjekt til budsjett, rett tid og kvalitet er imponerande i seg sjølv, men at ein klarar det i ein koronapandemi er ein utruleg prestasjon, seier styreleiaren i Helse Vest.
Haugesundsmodellen
Det nye sjukehuset i Haugesund får eit nytt felles akuttmottak for alle typar av pasientar.
Driftsmodellen har fullt integrerte kliniske sentra. Det vil enkelt forklart seie at ein byggjer med utgangspunkt i kor pasienten er i sjukehus.
Det er samlokalisering av sengepostar og poliklinikkar. Grensene mellom somatikk og psykisk helsevern blir redusert, det same gjeld mellom medisin og kirurgi.
Det er pasientens behov for tenester som er utgangspunkt for korleis bygget skal sjå ut.
Nytenkinga som er til beste for pasient er allereie blitt kalla «Haugesundsmodellen» og er ei integrering av funksjonar rundt den enkelte pasient.
Sjå fleire bilde frå opninga
