Barnediabetes-teamet ved Haugesund sjukehus får Kvalitetsprisen

– Det er veldig stort for oss som team å få denne prisen. Vi har arbeidd oss sakte oppover og framover ved å endre rutinar og gjort systemendringar som har gitt varige resultat for pasientane. Vi har motiverte medarbeidarar som står på for barn og ungdom med diabetes.

Dette seier Heiko Bratke, som er overlege ved barneavdelinga og leiar av diabetes-teamet ved Haugesund sjukehus. I fleire år har han og teamet arbeidd for ei stadig forbetring og i form av til dels enkle metodar, for å seinke langstidsblodsukkeret, HbA1c, til dei unge pasientane med diabetes.

 vinnere1-barneavd.jpg

Heider og ære: Barnediabetesteamet ved Haugesund sjukehus får Kvalitetsprisen i Helse Vest 2021. Bak frå venstre Inghild Hovland (sjukepleiar), Helge Fredrik Lekven-Johnsen (sjukepleiar), Heiko Bratke (barnelege), Turid Gabrielsen  (sjukepleiar), Linda Rushanovski  (sjukepleiar) og Caroline Hegg  (sjukepleiar). Framme f.v: Grete Vigemyr (barnelege), Sverre Sigurd Johansen Lamens (barnelege), Margareth Worre Bårdsen (sjukepleiar) og Meret Pedersen (sjukepleiar).

Her kan du sjå filmen frå tildelinga, og Heiko Bratke sitt vinnarinnlegg på Kvalitets- og registerkonferansen 2021

 

Pasientopplæring frå tidleg alder

–  Det er pasientane som gjer jobben. Vi hjelper dei gang og bidreg til at pasienten og familien kan innarbeide gode rutinar for kosthald, og for gode rutinar med å vurdere glukosenivåret regelmessig. Det har vore ei stor utvikling på dette området, frå å skrive ned resultat på papir og komme jamleg til kontrollar, til at moderne teknologi gjer at resultata blir sende til mobiltelefonen i sanntid.

 

 Heiko Bratke-207-foto-Eirik-Dankel_4.jpg

Barn og diabetes: - Det er pasientane som gjer jobben, seier Heiko Bratke. Foto: Eirik Dankel

 

–  Vi har mange pasientar som vi har følgt opp gjennom fleire år, og det er morosamt når dei kjem til oss og fortel at dei hugsar kva vi fortalte på det aller første møtet, eller kurset dei var på som ganske små. Det er om å gjere å skape haldningar og lære barn og ungdom med diabetes, at dei kan ha eit godt liv, med gode rutinar frå tidleg alder. Dersom dei følgjer råda, kan dei også unngå plager som vaksne, fortel Bratke.

 

Del av nasjonalt kvalitetsforbetringsprosjekt

Prosjektet for betre kvalitet i behandlinga av barn og ungdom med type 1 diabetes er gjennomført i samarbeid med Barnediabetesregisteret sitt nasjonale kvalitetsforbetringsprosjekt hos barn- og ungdom med type 1 diabetes i Norge, IQ-Norge (Improvement Quality-Norge).

– Her er mange dyktige og engasjerte fagfolk involvert. Forbetring krev som oftast innsats av mange i godt samarbeid. Ved bruk av Demings forbetringssirkel har heile det tverrfaglege diabetesteamet ved barneavdelinga arbeidd systematisk for å betre kvaliteten i behandlinga, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest, som deler ut prisen til ein stolt Bratke og eit overraska diabetes-team, som trudde dei skulle i eit heilt anna møte.

 kvalitetsprisen.jpg

Vart overraska: Dei var kalla inn til eit anna møte, men så kom det digital helsing frå adm.dir. Inger Cathrine Bryne i Helse Vest, og Elisabeth Huseby kom inn med blomar, diplom og kunstverk. Foto: Moxey

– Avdelinga har testa ut og implementert fleire forskjellige tiltak for opplæring av barn og ungdom – og for å sikre høgast mogleg fagleg standard i behandlinga. Dette inkluderer informasjons- og opplæringsverktøy, filmar – som også er tekne i bruk i fleire barneavdelingar i landet, internundervisning, oppdatert kunnskap om diabetesutstyr og regelmessige diabetes-teammøte. Det er innført ein meir strukturert og individuelt tilpassa poliklinisk oppfølging, seier Bryne.

 

Best i Noreg

Dette arbeidet gir resultat! Resultata frå barneavdelinga i Helse Fonna viser ei tydeleg forbetring av diabeteskontrollen til pasientane – og gjennom kontinuerleg forbetring, stadig betre. Helse Fonna er den barneavdelinga med best gjennomsnittleg HbA1c-resultat i Noreg.

Resultata av kvalitetsforbetringsprosjektet i Helse Fonna er presenterte i fleire nasjonale og internasjonale fagforum. I 2017 blei barneavdelinga akseptert som medlem i verdas internasjonale barnediabetesregister (SWEET). Helse Fonna er per no første og einaste medlem frå Noreg. HbA1c-resultata i Helse Fonna er også på 5. plass av 101 deltakande avdelingar frå heile verda, skriv juryen i si grunngiving for tildelinga.

– Dei gode resultata av forbetringsarbeidet ved Barneavdelinga i Helse Fonna, og den internasjonale anerkjenninga dette har fått, bør vere ein inspirasjon til barneavdelingar i dei andre føretaka i Helse Vest og i resten av landet, seier Inger Cathrine Bryne.

– Kva skal pengane brukast til?

– Eg ønskjer at fleire i teamet skal få dra på ein fagkonferanse, der vi kan lære meir og treffe andre som jobbar med det same. Men akkurat no med pandemien er dette ikkje så lett å få til. Ei slik reise med fagleg innhald sveisar teamet endå betre saman, og det er viktig med fagleg oppdatering og å knyte kontaktar internasjonalt, seier Bratke.

 


Fakta om Kvalitetsprisen

Prisen er på 100 000 kroner og vinnaren får blomar, diplom og eit kunstverk.

Prisen går til éin eller fleire personar som gjennom forskingsarbeidet sitt har bidrege til å heve kvaliteten eller pasienttryggleiken på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.

Arbeidet bør støtte opp under pasienttryggleiksarbeidet i Helse Vest. Arbeid som omhandlar implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak, er òg aktuelle.

Helse Vest har delt ut Kvalitetsprisen sidan 2007. Berre éin gong tidlegare har Helse Fonna fått prisen. Det var i 2016, då Miriam Hartveit ved Valen sjukehus fekk prisen for sitt årelange arbeid med å betre samhandlinga mellom primær- og spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern.

 

Tidlegare vinnarar av Kvalitetsprisen