I vinter har vi hatt eit tilbod om poliklinisk behandling til utvalde pasientar med alvorleg svekka immunforsvar som får covid-19. Dei har fått medikamentet Sotrovimab, som er eit antistoff som verkar mot koronaviruset og som blir gitt intravenøst på sjukehus.
Det viser seg at den koronavirusvarianten som no har blitt heilt dominerande i vårt område er B.A.2-varianten av «Omicronviruset». Sotrovimab viser seg å ha liten effekt mot denne varianten. Det betyr at slik behandling tidlig i forløpet vanlegvis ikkje lenger er aktuelt. Helse Fonna har difor ikkje lenger eit slikt poliklinisk behandlingstilbod.
Men det er ingen grunn til stor bekymring hos pasientgruppa på grunn av dette. Erfaringene internasjonalt og lokalt dei siste vekene viser at Omicronviruset sjeldan gir alvorleg sjukdom. Dette gjeld også dei fleste pasientane med svekka immunforsvar.