Auka tiltru til sjukehusa i Helse Vest

Tiltrua innbyggjarane har til sjukehusa på Vestlandet har auka under koronapandemien, viser ei fersk innbyggjarundersøking gjennomført av Respons Analyse. Samtidig viser undersøkinga at enkelte har unnlate å ta kontakt med sitt sjukehus i frykt for å vere til bry.


Fleire enn 2.000 vestlendingar over 18 år har svart på undersøkinga som blei gjort av Respons Analyse i mai i år. Der blei dei blant anna spurde om tiltrua til at dei ville få den behandlinga dei treng, om dei har fått utsett behandling i perioden, om dei har nytta videokonsultasjon i behandlinga, korleis kontakten med sjukehuset har vore og om informasjonen frå sjukehuset har vore lett å forstå. Undersøkinga blei gjort på oppdrag frå Helse Vest og blir brukt i evalueringa av kommunikasjonen frå Helse Vest og sjukehusa i perioden frå 12. mars til utgangen av mai.

– Det er gledeleg å sjå at tiltrua til sjukehusa er så høg og at innbyggjarane opplever at vi har handtert pandemien på ein god måte. Dette har vore, og er framleis, ein krevjande situasjon. Resultata speglar den enorme innsatsen som er gjort av leiarar og medarbeidarane i sjukehusa og deira kompetanse og evne til rask omstilling til situasjonen. Dei gode resultata er ein stor honnør til alle medarbeidarane i helsetenesta, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

stord sjukehus2.jpg


God handtering av pandemien

Spørsmåla i undersøkinga består av både spørsmål om åtferd og vurderingar. For vurderingsspørsmåla er det nytta ein 1-5 skala, der 1 er dårlegast og 5 er best. Innhaldet i skalaen varierer frå tilfredsheit til kor einige ein er i ulike utsegn. Dei spurde har eit svært godt inntrykk av det nærmaste sjukehuset si handtering av koronapandemien. Snittscoren er her er på 4,6 for alle føretaka i Helse Vest.

Sidan 12. mars svarer 16 prosent at dei har vore pasient eller pårørande ved ein behandlingsstad ved eitt av sjukehusa. 13 prosent har fått utsett/kansellert behandling for seg eller sine nærmaste i perioden etter 12. mars.

– Dei spurde har stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng, både om ein blir sjuk av Covid-19 (snitt på 4,6), og om ein har behov for anna sjukehusbehandling (4,4). Då innbyggjarane blei spurde om dette i oktober 2019, var snittscoren der på 4,2. Koronapandemien har heilt klart bidrege til å auke tilliten og tiltrua til sjukehusa, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae.

Både pasientar og pårørande er godt nøgde med erfaringa dei har hatt med sjukehuset etter 12. mars. Stort sett ligg snittscoren godt over 4 på alle spørsmåla. For dei som i perioden har vore i kontakt med sjukehuset er dei stort sett godt nøgde med informasjonen som er formidla. Samla tilfredsheit for informasjonen som er gitt, ligg på 4,3.


Vil ikkje belaste sjukehusa i koronakrisa

Fire prosent av dei spurde, svarte at dei sjølve eller nokre av sine nærmaste, har latt vere å ta kontakt med sjukehuset, sjølv om det har vore behov for det etter 12. mars. Den viktigaste årsaka til dette var at dei ikkje vil belaste sjukehusa under koronakrisa.

– Dette ser vi på som svært uheldig, men er i tråd med det sjukehusa sjølve opplevde og rapporterte om. Fleire pasientar kom seint til sjukehus fordi dei vegra seg for å ta kontakt med naudetatane i frykt for å vere til bry. Her må vi vere klarare i kommunikasjonen vår i tida som kjem. Har du skada deg eller mistenkjer alvorleg sjukdom, skal du ringje 113 eller kontakte fastlegen din. Som du ville gjort elles. Sjølv om vi står i ein pandemi, er sjukehusa godt rusta til å ta seg av alvorleg sjuke og dei som treng rask hjelp, understrekar Aae.