Auka openheit om sjølvmordstankar

Over 150 000 vestlendingar fekk med seg Helse Vest sin folkeopplysingskampanje for å førebyggje sjølvmord. Det viser ei befolkningsundersøking gjennomført av Epinion. Det er ein klar tendens til at fleire veit at openheit om sjølvmord er viktig og kor dei kan vende seg for å få hjelp.

Denne saka er henta frå www.helse-vest.no

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem. Kvart år tek om lag 600 nordmenn sitt eige liv. Det er nesten fem gonger så mange som det døyr i trafikken. I tillegg blir det antatt at mellom 3500 og 7500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Likevel blir det ikkje snakka om.

– At så mange har fått med seg bodskapen i kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv», er formidabelt. Og så veit vi at mange har lagt merke til han «utan at dei veit det sjølve». Slik er det ofte med massekommunikasjon: bodskapen legg seg ein stad der inne i oss, og så dukkar han opp at når vi har bruk for han, fortel Jan Olav Johannessen, psykiater og forskingssjef i Helse Stavanger.

Målet med folkeopplysingskampanjen for å førebyggje sjølvmord var nettopp å få i gang dei livreddande samtalane i det offentlege rom og mellom enkelmenneske. Kampanjen skulle bidra til å bryte ned stigma og skape forståing for at det ikkje er farleg å snakke ope om sjølvmordstankar, og kor viktig det er å ta den potensielt livreddande samtalen mellom menneskjene det gjeld.

 

 

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv

Tal frå ei registerstudie viser at 62 prosent av dei som tok sjølvmord i 2016 ikkje hadde vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok sjølvmord. Nesten 70 prosent av dei hadde vore i kontakt med fastlegen, veker eller siste månader før – men ikkje snakka om sjølvmordstankane sine.

– Mange, ja bortimot halvdelen av oss, er redde for å snakke om sjølvmord med nokon dei kjenner, sjølv om dei har mistanke om at denne vennen, eller kollegaen, slit med tunge tankar. Vi er redde, fordi vi frykter at ved å spørje om sjølvmordstankar, ja så sett vi vedkommande på ein ide han eller ho ikkje hadde frå før. Heldigvis er det ikkje slik. All forsking og erfaring tilseier det motsette: å snakke om sjølvmordstankar er ikkje farleg. Tvert om, det kan redde liv, seier Johannessen.

Folkeopplysingskampanjen for å førebyggje sjølvmord vart utført i tett samarbeid med helseføretaka i Helse Vest, Velg å leve og Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest). Rogaland Fylkeskommune og Nasjonalt kompetansesenter for forebygging og selvmordsforskning bidrog også i arbeidet.

Må satse meir på sjølvmordsførebygging

Resultata frå folkeopplysingskampanjen viser ein klar tendens til endring i rett retning. Sjølv om endringane er små, har kampanjen satt temaet på dagsorden og opna for tettare samarbeid i regionen for å førebyggje sjølvmord.

Å førebyggje sjølvmord er ikkje gjort i handvending. Folkeopplysingskampanjen til Helse Vest er ikkje nok til å famne dette folkehelseproblemet aleine. Det er behov for massiv innsats og ei langsiktig satsing på området. I Helse Vest fortsetter vi arbeidet med sjølvmordsførebygging i regionen, og håper å kunne gjenta kampanjen våren 2020.

–  At 600 menneske i Noreg tar sitt eige liv kvart år er 600 for mykje. For 20-30 år sidan var talet trafikkdrepne omtrent på same nivå. Gjennom systematisk satsing på førebyggjande tiltak er dette talet no nede i så vidt over 100 per år. Det er sjølvsagt òg for mange, men vi bør forvente ei tilsvarande satsing òg på sjølvmordsførebygging. Skal vi oppnå reduksjon av sjølvmord i Noreg må det satsas betydelige midlar til målretta folkeopplysing, slik kampanjen i Helse Vest har gjort. Og vi veit at slike kampanjar må rullast ut jamleg, elles forsvinn merksemda og den kunnskapen vi har bygd opp. Eg gler meg til fortsettinga, seier Johannessen.