Auka bruk av blåblokkerande briller i psykiatrien

Forskar og overlege ved Valen sjukehus, Tone Henriksen, oppdaga eksepsjonelle resultat i behandlinga av bipolare pasientar ved å gi dei briller som blokkerer blått lys. Funna blei starten på eit innovasjonsprosjekt som nå spreier seg raskt.

Edvard Munch såg det. Vincent Van Gogh såg det. Det spesielle blå lyset, som nokre er meir sensitive for enn andre.

"Det er ikkje rart han blei gal då han såg lyset så sterkt" sa Edvard Munch om Vincent Van Gogh. Begge kunstnarane hadde psykiske sjukdommar som var vanskelege å behandle i deira samtid. Men dei snakka altså allereie på den tida om dette lyset som påverka dei så sterkt.

Kvinne holder et oransje brilleglass opp foran seg. Foto.

Forskar og overlege Tone Elise Gjøtterud Henriksen har framifrå resultat på bruk av oransje briller for psykiatriske pasientar. Dette har gitt innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Foto: Helse Fonna/Stina Steingildra

– Derfor kan ein jo seie at det er merkeleg at det skulle ta så lang tid før vi oppdaga samanhengane. I nyare tid kom ofte psykiatriske pasientar inn på avdelinga med solbriller på, men vi bad dei alltid om å ta dei av, slik at vi kunne sjå auga deira, seier Tone Henriksen, forskar og overlege på Valen sjukehus.

Oppsiktsvekkande funn

På bakgrunn av eit fåtal studiar som blei gjort på blått lys og søvnpasientar, bestemte Henriksen seg for å gjere eit forsøk med oransje briller i behandling av bipolare pasientar i manisk fase.

– Funna var oppsiktsvekkjande. Pasientar som under vanleg behandling viste teikn til betring etter nokre veker, blei kvitt manien i løpet av få dagar.

Dei oransje brillene fjernar nemleg det blå lyset frå omgjevnadane. Henriksen fortel at det i auget sit celler som tek imot dette blå lyset, og gir signaler til hjernen om at det er dag og som dermed aktiviserer kroppen. Dersom dette lyset blir fjerna, oppfattar hjernen at det er heilt mørkt, sjølv om det ikkje er det.

Innovasjonsprosjekt

Henriksen fekk i 2016 Helse Vest sin innovasjonspris for dei oransje brilllene som blei starten på fleire nye prosjekt forbunde med lys. Innovasjonsprosjekta ”Aktiv lysregulert akuttpsykiatri” og ”Implementering av kronoterapi” har motteke støtte frå Helse Vest, og inneheld både utvida bruk av oransje briller, blåblokkerte rom og eit lysterapi-rom ved Valen Sjukehus.

Oransje briller på lys bakgrunn. Foto.

INNOVASJON: Prosjektet med oransje briller blei starten på eit prosjekt som berre veks og veks for forskar og overlege ved Valen sjukehus, Tone Elise Gjøtterud Henriksen. No skal Sandviken sjukehus etablere eit eller fleire blåblokkerte rom, fleire sjukehus tek i bruk brillene og på Valen sjukehus kjem lysterapi-rom, som skal hjelpe pasientar med andre lidingar.

Dei oransje brillene blir no aktivt tekne i bruk ved Sandviken sjukehus i Bergen. No held prosjektet fram der ved opprettinga av eit eller fleire blåblokkerte rom. Nyleg blei det også vedteke at brillene skulle takast i bruk ved Oslo universitetssykehus. Det er Henriksen glad for.

– Det spreier seg raskare enn eg hadde trudd. Faktisk har det spreidd seg utanfor fagmiljøet også. Vi får tilbakemeldingar på at pasientar har skaffa seg eit par sjølve og teke dei i bruk heime. I tillegg blir det rapportert om at DPS har motteke fleire førespurnadar angåande brillene. Det blir spennande å sjå kor utbreidd denne behandlinga blir, seier Henriksen.

Ikkje-medikamentell behandling som fungerer

–  Eg merka forskjell etter berre eit par minutt, seier Tuva Maria Martinussen, som tok del i prøveprosjektet med BB-briller, eller oransje briller, for to år sidan.

Som 23-åring møtte ho sjukdommen bipolaritet for første gong, og blei nærast paralysert av opplevinga.~Det starta med kløe i huda, rastløyse, isolasjon, sjølvmordstankar. Matlysta forsvann, og generelt lysta på å leve. Dei grandiose tankane vaks. Ho var heilt sikker på at ho skulle bli fengsla fordi ho, i hennar eige hovude, hadde svindla NAV. Det hadde ho naturlegvis ikkje, men den første episoden var ein såkalla blanda episode. Ein episode med både desperasjon, angst og mani. Det var ikkje til å halde ut. Og medisinar var noko av det ho frykta mest.

Kvinne sitter i sofa, har oransje brille i hendene. Foto.

ORANSJE BILLER OG ORANSJE MOBIL: Tuva Maria Martinussen blei med i Tone Elise Gjøtterud Henriksens prosjekt, der oransje briller blei nytta i behandlinga av bipolare pasientar. Ho merka effekt med det same, og har seinare blitt svært merksam på lyset i omgjevnadane hennar. Blant anna bruker ho ein app som fjernar det blå lyset og legg eit oransje slør over mobilen eller PC-skjermen.

– Eg blei sett på ei rekkje ulike medisinar. Alle gjorde tilstanden verre. Så etter å ha vore innlagt på sjukehus, fekk eg tilbodet om å delta i eit prøveprosjekt med oransje briller. Eg er alltid interessert i å teste ikkje-medikamentell behandling, så eg takka ja. Då eg tok på brillene kjende eg straks ein effekt. Heile kroppen roa seg og manien blei mindre påtrengande, fortel Martinussen.

To år seinare har ho blitt mykje friskare. Episodane er færre og minskar stadig i både styrke og lengde. Ho nyttar brillene framleis når ho treng å roe ned og gjere verda rundt seg litt mindre påtrengande. Bevisstheita kring lys, og effekten det har på helse og psyke, er blitt sentral i kvardagen hennar.

For Tuva Maria Martinussen ser framtida lys ut – både når ho ser verda gjennom eit oransje slør og når ho ser den som alle andre.

– Eg er no trygg på at eg kan halde sjukdomen i sjakk. Merkar eg at symptoma melder seg, tek eg i bruk brillene. Sjølv om ein anbefaler å nytte brillene mellom klokka 18 på kvelden og 8 på morgonen, kjenner eg god nytte av å ta dei på med jamne mellomrom elles også. Eg håper at alle psykiatriske avdelingar kan gi dette tilbodet til pasientar. Det kan hjelpe mange, meiner Martinussen.


Les meir om innovasjon i Helse Vest

Tone Elise Gjøtterud Henriksen fekk innovasjonsprisen i Helse Vest i 2016. Sidan har ho arbeidd vidare med å utvikle konseptet og arbeide med lysbehandlinga for bipolare pasientar. Helse Vest lyser kvart år ut innovasjonsmidlar. Gjennom å gi støtte til dei gode ideane, kan vi utvikle og skape nye og betre tenester og produkt til nytte for pasientane våre, for pårørande og alle medarbeidarane våre.

Denne artikkelen er basert på Helse Vest sin nyheitssak om same tema.