Alltid på farten

Randi Broch Guddal går på sin sjuande periode som hovudverneombod i Helse Fonna.

Randi Broch Guddal (59) enda nokså tilfeldig opp som verneombod på Valen sjukehus i 2000. I 2002 vart ho klinikkverneombod, og sidan 2009 har ho vore føretaks hovudverneombod. No har ho fått denne rolla i endå ein periode, ut 2022.

Den travle kvinna frå Husnes er stadig på farten, anten det er på Valen, Stord, Haugesund, Odda – eller eitt av dei andre samlingspunkta i Helse Vest.

Randi Guddal 2020 - nett_2.jpg

Reiser mykje: Randi Broch Guddal på møte i Haugesund denne veka, med alle verneomboda i Intern service. Foto: Eirik Dankel

- Ja, det kan nok stemma, eg er ofte på farten. Å, er du på farten no igjen? er vel det spørsmålet eg ofte får, ler Broch Guddal. Vekene er aldri like, og det er sakene som styrer kor ho er hen til ei kvar tid. Dei siste månadene har sjølvsagt mykje vore gjort på Skype, anten frå heimekontoret nokre steinkast frå hjørnesteinsverksemda Sør-Norge Aluminium, eller kontoret på Valen sjukehus. Men hovudkontoret sitt har ho i Worum-bygget i Karmsundsgata.

randi guddal Stord DPS2020.jpg

 

Tøffe tak

I hennar «tidlegare» yrkesaktive karriere var Randi Broch Guddal arbeidsterapeut ved Valen sjukehus. Her starta ho i 1979. Seinare tok ho både aktivitørutdanning og etterutdanning i psykiatri for aktivitørar, ho har hatt ansvaret for lærlingar, og ho har vore leiar på femte nivå, som leiar for arbeidsstova på Kringlebakken. Men sidan 1. januar 2009 har Broch Guddal vore hovudverneombod for heile helseføretaket på heiltid. Det har ikkje alltid vore ein dans på roser, men det har oftast vore mange kjekke stunder.

- Eg har vakse meg godt inn i rolla etter kvart, kan ein vel seie, forklarar Broch Guddal.

For hadde ho ikkje trivst så godt, så hadde ho ikkje vore i vernetenesta i så mange år.

- Det kan vere tøffe tak innimellom, det er ikkje til å leggja skjul på. Helst ønskjer vi at sakene vert løyste på lågast mogeleg nivå, men dei mest alvorlege og fastlåste sakene hamnar gjerne på mitt bord. Dei er ikkje alltid like kjekke å ta tak i, men det må gjerast, og det kan vere tøft for mange. Men om eg ser tilbake, så føler eg at eg har eit godt forhold til dei aller fleste. Det er nok lettare å vera hovudverneombod i dag enn det var for 20 år sidan, slår Broch Guddal fast.

Randi Guddal 2020 - nett.jpg

Trufast: 20 år som verneombod, og dei siste tolv åra som hovudverneombod for heile Helse Fonna. No går Randi Broch Guddal på to nye år i denne viktige rolla. Foto: Eirik Dankel

Godt samarbeid

Eit anna viktig moment som ho trekkjer fram er det gode nettverket for verneombod i Helse Vest. Dei jobbar godt i lag. Særleg har samarbeidet med Leif Johnsen, som er konsern hovudverneombod for heile Helse Vest, vore svært bra. Dei to har om lag like lang fartstid i verneombodsapparatet, og kjenner kvarandre godt.

Verneomboda i Helse Vest har fått til mykje. Blant anna har dei laga to metodehandbøker, ein eigen versjon av Arbeidsmiljølova, og ei bok der dei har brukt det viktigaste frå fleire andre bøker, som er kalla HMS. Ikkje HMS for helse, miljø og sikkerhet, men HMS for helse, miljø og sjukehus.

I Helse Fonna er det åtte AMU-møte i året der ein behandlar arbeidsmiljøsaker. I etterkant av desse møta kallar føretaks hovudverneombodet inn klinikkverneomboda til nettverksmøte. Klinikkverneomboda kallar så inn lokale verneombod til tilsvarande møte, slik at dei får ein god dialog på tvers av dei ulike nivåa.

- Vi skal vere eit nettverk som hjelper og støttar kvarandre. Det er ikkje alltid like lett for alle å sleppe ifrå sitt daglege arbeid, men denne metoden er etter kvart godt innarbeidd, og det verkar som dei fleste er komfortable med denne måten å gjere det på, seier Randi Broch Guddal, som fortel om eit godt samarbeid med dei tillitsvalde.

- Vi har ulike roller, innfallsvinklar og oppgåver, men vi samarbeider godt, slik eg ser det. Eksempel er at tillitsvalde har hovudfokus på det privatrettslige med blant anna lønn og arbeidstid for sine medlemmer. Verneomboda skal ha ein slags paraplyfunksjon med hovudfokus på arbeidsmiljøet med ulike innfallsvinklar, og skal vere ivaretakande for alle medarbeidarar uavhengig av kva forbund ein høyrer til. Men det er også saker der ting går litt over i kvarandre der det er naturlig at begge partar er med og samarbeider., forklarar hovudverneombodet.

Randi Guddal - Stord sjukehus2020.jpg

Travel: Randi Broch Guddal veit aldri korleis arbeidsveka blir. Her er ho innom Stord sjukehus. Foto: Magne Kydland

Lovbestemt

Det er ikkje alltid like lett å rekruttere verneombod i alle avdelingar og klinikkar. Det har ofte med kultur å gjere og det er ikkje alle leiarar som har same forståing for kor viktig slikt arbeid er. Det å bli teken på alvor, og at leiaren forstår verdien av rolla, er viktig for det enkelte verneombodet.

- Dette er jo ei lovbestemt rolle, og det er viktig at verneombodet blir behandla med respekt. Blir ein ikkje det,  kan det vere vanskeleg å motivere seg. Det er svært positivt at vi no har på plass verneombod i alle område for dei neste to åra, det teiknar godt for framtida. Sjølv opplever eg meg godt ivareteken av dei leiarar som eg samarbeider med, og merkar eg at det er kjekkare å vera hovudverneombod i dag enn det var i starten. Dess meir ein får til, dess kjekkare er det, sluttar ein godt motivert føretakshovudverneombod – klar for å ta fatt på sitt 13. år i den viktige rolla. Imponerande!

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som handlar om arbeidsmiljø. I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar skal vernetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal vera ein sjølvsagt del av arbeidsdagen. 


Vernetenesta

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som handlar om arbeidsmiljø. I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar skal vernetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal vera ein sjølvsagt del av arbeidsdagen. 
Vernetenesta  i Helse Fonna HF er oppbygd etter korleis organisasjonen er oppbygd. Einingane har sine lokale verneombod, og eitt klinikkverneombod (KVO) som har ansvar for å koordinere vernetenesta i sin klinikk. Føretaks hovudverneombodet (FHVO) er frikjøpt i 100 % stilling og har det koordinerande ansvaret for vernetenesta i heile Helse Fonna. 

Forutan føretaks hovudverneombodet, har Helse Fonna desse klinikkverneomboda:

Bente Brynjelsen Kirketeig, Kirurgisk klinikk

Atle Nordtun, Medisinsk service klinikk

Dag Magne Torland, Klinikk for psykisk helsevern.

Solfrid Johanne Steensnæs Gaard, Medisinsk klinikk

Camilla Frugård Lunde, Somatikk Stord

Tone Aukland Sandtorv, Fag- og forsking, Foretaksledelse/stab

Nils Inge Hatlevik, Internservice.