70 personar har meldt seg over natta

Seint i går kveld la Helse Fonna ut eit ønske på Facebook: Er du helsepersonell og ønsker å bidra? På kort tid var innlegget delt av nær 800 personar og hadde nådd ut til 65 000 Facebook-brukarar. I dag morges har over 70 personar registrert CV-en sin.

– Responsen er heilt enorm og viser at dugnadsånden lever, seier HR-direktør Helga Stautland Onarheim i Helse Fonna.  

– No begynner vi å gå gjennom dei registrerte personane for å sjå korleis vi kan bruke kompetansen deira i våre sjukehus.

Portrett av HR-dirketør Helga Stautland Onarheim

STOR RESPONS: HR-direktør Helga Stautland Onarheim i Helse Fonna er glad for den store responsen. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Eigne medarbeidarar skal ikkje registrere seg


Helse Fonna har allereie kartlagt eigne medarbeidarar for å ha oversikt over kompetansen. For eksempel er det mange sjukepleiarar med intensivutdanning som i dag har andre jobbar i føretaket. Ved behov vil desse kunne gå inn og bidra ved intensivavdelingane. 

– No er det personar som er utdanna helsepersonell, men som ikkje har eit stillingsforhold i sjukehus eller kommune vi er ute etter, seier Stautland Onarheim.

Ho forklarar dette med at sjukehusa planlegg for at situasjonen kan bli langvarig og behovet for helsepersonell kan bli større enn sjukehusa kan dekke. 

Er du helsepersonell og kan bidra? 



Vi tar kontakt med deg om det blir aktuelt.