Vaksinasjonsfordeling i Helse Fonna er gjort etter tilrådingar frå vaksinasjonstutvalet, som er breitt sett saman med representantar frå mellom anna tillitsvalte og verneombod, smittevern, bedriftshelseteneste, og HR. Dei har følgt føringane som blei gitt frå Helse Vest i starten av januar. Der heiter det at Regjeringa sitt prinsipp for prioritering er styrking av sjukehusa si evne til å møte aukande smitte i befolkinga og ta vare på dei behov befolkinga har for helsetenester. Derfor er det i Helse Fonna vaksinert mange medarbeidarar innan ulike yrkesgrupper. Vaksinasjon skal mellom anna prioriterast til personell med kompetanse som er vanskeleg å erstatte.
Sjå lista over vaksinasjonsfordeling per stillingskategori i Helse Fonna så langt (Lista inneheld ikkje namn av omsyn til personvernet)
Vaksinasjon av medlemer i beredskapsleiinga
Det har fått mediemerksemd at tre av 16 medlemer av beredskapsleiinga i Helse Fonna har vore prioriterte for vaksinasjon. Administrerande direktør Olav Klausen seier han forstår at det kan vere usemje om korleis føretaka prioriterer. Han seier at det var i rolla som berdskapsleiar han blei vaksinert.
– Eg står for vurderinga som er gjort om at ei viss kontinuitet i beredskapsleiinga er viktig i den situasjonen vi står i no. Vi har lagt vekt på openheit om prioritering av vaksinasjon frå starten, og vaksinasjonsutvalet har hatt eit viktig og vanskeleg arbeid, seier Klausen.
I media er det også trekt fram at 31 mellomleiarar er vaksinerte. Klausen seier dei som kjenner forholda i Helse Fonna veit at mellomleiarane i stor grad også jobba klinisk.
– Dei er prioriterte utifrå dei same vurderingane som alle andre som har blitt vaksinerte i Helse Fonna, omsynet til å kunne møte befolkinga sitt behov for helsetenester, seier Klausen.
Han legg til at føringane har vore opne lokale vurderingar.
– Vaksinasjon er ikkje eit uttrykk for verdsetting av enkelte yrkesgrupper, stillingar eller personar, men skal trygge evna vår til å handtere denne pandemien.
Nær fullvaksinasjon ved Stord og Odda sjukehus
I denne vaksinasjonsrunden har Helse Fonna fått nok vaksine frå PfizerBioNTech til å vaksinere rundt 900 nye medarbeidarar. Det har allereie vore to vaksinasjonsdagar i Haugesund og ein på Stord. I Haugesund held vaksinasjonen fram tysdag 30. mars og tysdag 6. april, medan for Stord, Odda og Valen skjer det i veke 14. Deretter blir det planlagt for eit oppsamlingsheat for å sette dei siste dosane av denne leveransen. Klausen seier han er glad for at vi med det vil ha omlag 2700 medarbeidarar som er vaksinerte mot covid-19.
– Med denne leveransen planlegg vi for å komme i mål med vaksinasjon av så og seie alle medarbeidarar ved Stord og Odda sjukehus. Det gir håp og motivasjon å sjå at vi er kome såpass langt, men eg er utolmodig etter å få tilby vaksine til alle i Helse Fonna som ønskjer det.