Kripos sitt føredrag hadde tittelen «Dere er viktigere enn dere tror». Kåre Svang opna med å fortelle at sakene havnar på deira bord frå to hovudspor: Barnevernet eller helsetenesta.
– Desse sakene kjem aldri til oss viss ikkje de melder i frå. Politiet køyrer ikkje rundt og leitar etter barn som er utsette for vald, sa Svang. Opplysningsplikt var då også eitt av tema i presentasjonen.
Naivitet er det største hinderet i avdekking av vald og overgrep mot barn
Kåre Svang, Kripos
Fagdirektør i Helse Fonna, Haldis Lier, nytta høvet til å minne om Helse Fonna sine interne prosedyrar som gjeld ved mistanke om alvorleg vald eller omsorgssvikt mot barn.
– Nokre foreldre er i stand til å påføre barna sine store skader
Svang har gjennom ei årrekke jobba med dei mest alvorlege valdssakene mot barn. «Jeg har sluttet å bli overrasket over hva noen utsetter barna sine for» har han sagt i eit intervju med NRK. Og nettopp dette, at vi må innsjå at nokre foreldre er i stand til å påføre barna sine store skader, i verste fall dødelege, var ein av dei viktigaste beskjedane i går.
– Eg har sjølv opplevd at kolleger i lokalt politi seier «Det kan ikkje vere foreldra som har gjort det. Vi kjenner dei, det er skikkelege folk. Det er umogleg», innrømte Svang. Barnet i saka han snakka om var berre fire månadar gammalt og hadde fleire brot i ribbein, skalle, lårbein og underarm. Ingen andre enn foreldra hadde hatt samver med babyen.
– Naivitet er det største hinderet i avdekking av vald og overgrep mot barn, sa Svang.
Han viste også til ei sak med eit 10 veker gammalt barn som hadde til saman 12 besøk på legevakt og helsestasjon, der ingen hadde tenkt tanken at symptoma til barnet kunne skuldast skader. Barnet hadde blitt undersøk av tre legar før ein oppdaga skadane: Brot i begge kragebein, brot i tolv ribbein, brot i begge armar og begge lårbein.
Svang meiner helsepersonell bør kjenne «utelukkelsesteorien»: Dersom ein kan utelukke at barnets skader kan ha oppstått ved fødsel, ha naturlege medisinske årsakar, vere sjølvpåført eller skuldast uhell, har ein grunn til å vurdere om skadene kan skuldast omsorgssvikt, mishandling og vald.
Av:
Stina Steingildra