Det er mykje som blir nytt for Annelin Steinsnes og kollegene ved dagens akuttmottak når dei flyttar i august. Nye lokalar, nytt og moderne utstyr, nye kolleger frå psykisk helsevern og to nye overlegar i den nye spesialiteten akutt- og mottaksmedisin.
– Det er ikkje mange som har denne spesialiteten enno, men vi trur tilbodet vi kan gi er såpass interessant at vi skal klare å tiltrekke oss dei rette kandidatane, seier Steinsnes.
Ho trur nye lokalar og utstyr, tanken om å sjå heile mennesket med overlegekompetanse innan både somatikk og psykiatri på plass og den tydelege satsinga på mottaksavdeling vil verke spennande for mange.

REKUTTERER: Avdelingsleiar for mottaksavdelinga ved Haugesund sjukehus Annelin Steinsnes tur stillingane er attraktive for spesialistar i mottaksmedisin. Foto: Stina Steingildra
Viktig rolle innan simulering og opplæring
Det var i 2019 dei første legane i Noreg fekk godkjent utdanninga i den nye spesialiteten akutt- og mottaksmedisin. Steinsnes seier dei også er opne for søkjarar med spesialisiering innan indremedisin eller allmennmedisin.
– Vi ser etter nokon brenn for akuttmedisin og som likar å undervise og dele kunnskap. Overlegane skal jobbe klinisk, men får også ei viktig rolle innan simulering, trening og opplæring, seier ho.

SIMULERING: Den som blir tilsett må like å undervise og dele kunnskap. Bildet er frå simulering i akuttmottaket. Arkivfoto: Stina Steingildra
Det er vanleg at det er legar i spesialisering som går i forvakt i akuttmottaka. Dei konfererer med medisinsk eller kirurgisk overlege ved behov.
– Gode og rask avklaring i akuttmottak er viktig. Liknande satsingar ved andre sjukehus har vist å gi god effekt, seier klinikkoverlege i medisin og professor Bjørn Egil Vikse. Han trur moglegheiten til å drive fagutvikling saman med vaktlaga i akuttmottak vil vere attraktivt for fleire søkjarar.

ØNSKER VELKOMMEN: Klinikkoverlege og professor Bjørn Egil Vikse ser fram til å ønske nye kolleger velkomne. Foto: Stina Steingildra
Steinsnes seier styrka overlegekompetanse vil gi fleire fordeler.
– Læringskurven for legar i spesialisering vil bli brattare ved å jobbe tett på overlege i akuttmedisin, vi vil raskare kunne avklare enkelte pasientar og ein del pasientar vil nok kunne unngå unødvendig innlegging, meiner ho.
Ny og framtidsretta avdeling
Avdelingsleiaren ser fram til ei spennande tid, med innflytting i splitter nye lokalar om berre eit halvt år.
– Det blir mykje nytt for oss, men vi er ein utruleg god gjeng med godt arbeidsmiljø. Det faglege engasjementet er høgt og vi ser fram til å bygge ei heilt ny og framtidsretta mottaksavdeling.

SNART INNFLYTTINGSKLART: Nytt sjukehusbygg på 18 000 kvadratmeter skal vere klart til innflytting i august 2021. Illustrasjon/fotomontasje.