– Personlege mål bør styre behandlinga

I psykisk helsevern er det ofte fokus på å betre symptom og sjukdom. Men for pasientane er ikkje nødvendigvis symptombetring det viktigaste for eit betre liv, viser forskinga til Eva Biringer.

–  Vi spurte pasientane kva forventningar dei hadde før dei begynte i behandling ved eit distriktspsykiatrisk senter. To år seinare spurte vi dei om forventningane var innfridde, seier Biringer. Ho har dei seinare åra via tida si til forsking på mellom anna brukarmedverknad, korleis brukarane opplever tenestene og kva som gir eit betre liv.

– Alle gode terapeutar snakkar med pasienten om kva deira personlege mål, håp og ønske for behandlinga er, seier Biringer.

Men i den kvalitative studien ho og fire kolleger har gjennomført, svarar nokre av brukarane at behandlinga ikkje har hjelpt dei å nå desse måla.

– Mange er takksame for behandlinga, og seier at dei har fått hjelp til å forstå seg sjølv og sjukdomen, til å endre vonde tankemønster og utfordre seg sjølv. Men nokon opplever ikkje å ha fått hjelp til det dei sjølv har definert som mål for å få eit betre liv; orden i økonomien, jobb, utdanning, bustad . Viss det er ei uoverkommeleg oppgåve å hente posten fordi postkassa er fullt av inkassovarsel, er det ikkje nok hjelp i å gå i samtale med psykolog ein gong i veka. Då er det fleire ting du treng hjelp til for å komme deg ut av kaoset, seier Biringer.

eva-biringer-foto-stina-steingildra-intranett.jpg 
MEININGSFYLT LIV: - Ikkje alle brukarar oppgir det å bli frisk som eit mål. For mange går vegen til eit betre liv gjennom kvardagslege mål som å få ein eigen plass å bu, gjere ferdig utdanninga si eller klare å gjennomføre meiningsfylte aktiviteter, som å vere ute blant andre, seier forskar Eva Biringer. Foto: Stina Steingildra

Livskvalitet trass sjukdom

Dei seinare åra har dette heilskaplege synet på behandling i psykisk helsevern breitt om seg. Omgrepet «recovery» blir på norsk ofte omsett til det ikkje heilt dekkande «betringsprosess», som viser til at behandlinga ikkje bare skal handle om å redusere symptom og å bli friskt frå sjukdom. Like viktig er den individuelle og personlege oppfatninga til brukaren av kva som er eit godt liv og kva som gir betring.

– Eit eksempel kan vere ein pasient med høyrselshallusinasjonar, som truleg vil få medisinar mot symptoma. I recovery er det viktigare at behandlaren snakkar med pasienten om kva som skal til for at han eller ho skal ha eit godt og meiningsfylt liv og lar dette vere styrande, forklarar Biringer.

– Korleis kan pasienten oppleve livskvalitet og ha det godt med seg sjølv på trass av symptoma?

Gi rom til råd og støtte

Studien er gjort ved eit distriktspsykiatrisk senter, som er ein del av den spesialiserte helsetenesta. Biringer er open på at det ikkje ligg til spesialisthelsetenesta sitt primære mandat å hjelpe med praktiske ting som økonomi, bustad og jobb.

– Behandlarar i spesialisthelsetenesta bør likevel ha kunnskap om og fokus på at folk sine mål og håp er knytt til dagleglivet, og gi rom i behandlinga til å kunne gi råd og støtte også til denne delen av betringsprosessen – det å få seg ein jobb, ein eigen stad å bu, fullføre utdanning , få fleire vener eller ein kjærast.

Brukarmedverknad gir aha-opplevingar

Bengt Sundfør er ein av medforfattarane til artikkelen. Han har fleire års erfaring som erfaringskonsulent og har vore ein aktiv medforskar gjennom heile studien.

– Bengt sitt brukarperspektiv er veldig nyttig, seier Eva Biringer.

– Han hjelper med å stille dei rette spørsmåla og forstå svara, og han er veldig reflektert og klok. Eg har fått mange aha-opplevingar, seier den erfarne forskaren.

– Vi utfyller nok kvarandre, seier Sundfør.

– Mi erfaring som pasient i psykisk helsevern gjer at eg lettare kan sette meg inn i informantane sin situasjon.

Kva råd vil han så gi til pasientane i møte med behandlar for å kunne nå sine mål?

– Eg vil heller gi råd til behandlarane. Dei må lære seg å tenke annleis og tilpasse seg pasientane sine behov.

Publikasjonar

Biringer E, Davidson L, Sundfør B, Ruud T, Borg M. Experiences of support in working toward personal recovery goals: a collaborative, qualitative study. Biringer E, Davidson L, Sundfør B, Ruud T, Borg M. Experiences of support in working toward personal recovery goals: a collaborative, qualitative study. (2016) 16:426. http://link.springer.com/article/10.1186/s12888-016-1133-x

Biringer E, Davidson L, Sundfør B, Lier HØ, Borg M. Service users' expectations of treatment and support at the Community Mental Health Centre in their recovery. Scand J Caring Sci online publication Aug. 3 2016. DOI: 10.1111/scs.12364.  http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/scs.12364/abstract;jsessionid=11827B9DA8AC7A7322B9C6D8910CD9C0.f04t04