– Pasientane skal vere trygge uavhengig av avdeling

Det nasjonale tilsynet med sjukehusa sine rutinar for å ivareta såkalla utlokaliserte pasientar har fått mykje merksemd i media. Helse Fonna var eitt av mange føretak i landet som fekk avvik for brot på forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helsetenesta.

– Helsetilsynet meiner vi ikkje har gjort nok for å redusere risiko som oppstår når vi vel å flytte pasientar frå den avdelinga det medisinsk sett er naturleg å legge dei, til ei avdeling som har betre kapasitet.

Det seier direktør i medisinsk klinikk John Conrad Brandsø. Tilsynet gjaldt både medisinske og kirurgiske sengepostar og har derfor vore følgt opp i Helse Fonna av både Brandsø, direktør i kirurgisk klinikk Kjersti Tollaksen og direktør i klinikk somatikk Stord Reidun Rasmussen Mjør.

Når ei avdeling får inn fleire pasientar enn dei har kapasitet til, må ein vurdere andre tiltak. I Helse Fonna er det etablert rutinar for kva tiltak ein kan nytte seg av ved overbelegg. Eitt av dei er å flytte pasientar til ei anna avdeling på sjukehuset som har betre kapasitet. Då er det viktig at det er tydeleg avklart kven som har det medisinskfaglege og det sjukepleiefaglege ansvaret for pasienten. I tilsynet får Helse Fonna kritikk for ikkje å ha sett i verk nye eller korrigerande tiltak for å sikre pasienttryggleiken til utlokaliserte pasientar, når ein samtidig har kjent til at eksisterande tiltak ikkje har hatt ønskt effekt.

5 spørsmål og svar om utlokaliserte pasientar

Kva er ein utlokalisert pasient?
Når ei avdeling får inn fleire pasientar enn dei har plass til, kan ein flytte pasientar til ei avdeling som har betre kapasitet. Dette blir kalla utlokaliserte pasientar.

 
Kva er utfordringa med utlokaliserte pasientar?
Pasientar blir i utgangspunktet lagt på den avdelinga som har best kompetanse og utstyr til å behandle det som er pasienten sin hovuddiagnose. Når pasienten blir flytta til ei anna avdeling, har helsepersonell i hovudsak andre pasientgrupper som sitt spesialfelt og avdelinga er innretta etter dette med tanke på kompetansesamansetting og utstyr. Dersom det ikkje er tydeleg kommunikasjon mellom avdelinga som flyttar og avdelinga som mottar pasient, kan det oppstå uklarheit om kven som har det medisinske og pleiefaglege ansvaret for pasienten.

 
Kva fekk Helse Fonna kritikk for i tilsynet?
I det nasjonale tilsynet som blei gjort ved fleire norske sjukehus fekk Helse Fonna kritikk for å kjenne til risiko ved utlokaliserte pasientar og samtidig ikkje ha sett i verk nok tiltak for å redusere denne.

 
Kva gjer Helse Fonna for å rette opp i avviket?
Helse Fonna har laga ei ny rutine som skal sikre at flytting av pasientar skjer etter vedtatte retningsliner slik at kommunikasjon om og ansvar for pasienten blir tydeleggjort. Rutinen er innført og leiinga skal sjå til at rutinen blir følgt. 
 

Ny rutine for utlokaliserte pasientar

– Vi tar tilsynet sin konklusjon på alvor og vi har laga ein ny rutine for korleis vi skal ivareta pasienttryggleiken for utlokaliserte pasientar. Den nye rutinen har vi implementert og vi jobbar kontinuerleg med å sjå til at den blir følgt og vurderer om den fungerer som tiltenkt, seier Brandsø.

I den nye rutinen kjem det tydeleg fram kva pasientar det er aktuelt å flytte og korleis ein skal avklare ansvaret mellom avdelingane. Mellom anna opnar rutinen berre for å flytte pasientar som er medisinsk avklarte og der ein kan vente betring i løpet av opphaldet, pasientar som er ferdig behandla og ventar på tilbod i kommunen eller pasientar som skal ligge på smitteisolat. God informasjon til pasienten er også ein viktig del av rutinen.