HELSENORGE
Først ut i nytt bygg:

– Pasientane kan føle seg heilt trygge

Felles akuttmottak tek imot dei første pasientane i nybygget torsdag 26. august klokka 09.30. Det gler dei seg til.

– Alle gler seg. Eg har ikkje høyrt nokon som seier noko anna. Eg har jo jobba her i «snart 100 år», og dette blir jo som å starte på ny, smiler ei nøgd Irene Grindhaug. Ho er akuttsjukepleiar og jobbar både i akuttmottaket og på AMK-sentralen, som held til like ved Felles akuttmottak.

Akuttmottak nybygg - august-2021 - foto Eirik Dankel_20.jpg
Blid og nøgd: Irene Grindhaug gler seg til å ta i bruk nye lokale. Her prøvesit ho ein av plassane på den nye AMK-sentralen. Foto: Eirik Dankel


Rett skal vere rett: Irene Grindhaug har sjølvsagt ikkje jobba i Helse Fonna i nærare 100 år. Men ho har vore trufast medarbeidar i snart eit kvart århundre. Grindhaug byrja i 1998, og har vore med på mange store endringar opp gjennom åra. Men ingen så store som denne.

– Vi har jo snakka om dette lenge, og det har vore planlagt i fleire år. No er dagen endeleg her, slår Grindhaug fast.

 

Nye funksj​​onar

Jobben er stort sett den same, men utstyret og lokala er nye. Difor tek det litt tid for å bli kjend, og få inn alle nye rutinar. Vanlegvis er dei 11 medarbeidarar på eit dag- eller kveldsskift, og seks på natt. Men torsdag vil det vere over 20, som ekstra tryggleik på første driftsdagen.

Akuttmottak nybygg - august-2021 - foto Eirik Dankel_8.jpg

Gler seg: André Eristland, Annelin Voraa Steinsnes og Irene Grindhaug er klare til å ta imkot dei første pasientane i nybygget torsdag 26. august. Foto: Eirik Dankel


– Det blir dobbel drift ein periode. Vi har også drift i det gamle mottaket, til alle pasientane er ute, opplyser avdelingsleiar Annelin Voraa Steinsnes.

Saman har dei no bygd ei ny og framtidsretta mottaksavdeling. Felles akuttmottak inneheld både psykiatri, skadepoliklinikk og blodprøvetaking. Dette gjer at dei tilsette på akuttmottaket har fått nye kollegaer både frå psykiatri, laboratoriet, skadepoliklinikk, i tillegg til to overlegar.

Akuttmottak nybygg - august-2021 - foto Eirik Dankel_18.jpg
AMK-sentralen: Slik ser den nye AMK-sentralen ut. Den er i drift frå og med torsdag morgon klokka 09. Foto: Eirik Dankel


– Det blir tryggare for pasientane som kjem til skadepoliklinikken. No er det nokon som passar på dei heile tida, døgnet rundt. Det blir lettare å skjerme pasientar. Det blir spennande å sjå korleis endringane påverkar arbeidsflyten, men dette blir uansett mykje betre. Og i tillegg til nye, flotte og moderne lokale, har vi nytt medisinteknisk utstyr. Alle gler seg, seier Steinsnes.

 

Godt s​amarbeid

Totalt er dei rundt 70 medarbeidarar som flyttar ned i Felles akuttmottak, som ligg i underetasjen i nybygget. Her vil det vere to inngangar, ein for dei som kjem i ambulanse, og ein for dei som kjem privat, i eigen regi.

Sjølv om mykje er på plass, så brukar dei tysdag og onsdag til flytting, før dei er på plass i nye lokale torsdag morgon.

Akuttmottak nybygg - august-2021 - foto Eirik Dankel_10.jpg

Framtidsretta: Nye, flotte lokale, med moderne utstyr, skal gjere kvardagen betre for pasientar og medarbeidarar i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel


Dette er noko dei har førebudd seg til i fleire år. Dei har hatt omvisingar, fagdagar, øvingar og har kursa seg i nye ting, som å ta blodprøve, men likevel er dei spente.

– Ja, det er nok ein del ting som må endrast og justerast undervegs, trur sjukepleiar André Eritsland. Men det skal dei fint klare. Eritsland meiner dei har blitt meir samansveisa og fungerer betre i lag no enn dei gjorde for berre eit par år sidan.

 

Nyttig erfaring​

– Vi har lært mykje av pandemien. Då måtte vi snu oss rundt og opprette nytt pandemimottak i løpet av ei helg. Det takla vi, og dette er nyttig erfaring å ha med seg no. Vi har blitt flinke til å ta ting på strak arm, fortel Eritsland, som nyttar høvet til å rose leiarane i akuttmottaket, Annelin Voraa Steinsnes og Torstein Stavenjord.

– Dei har vore opne for innspel og idear, og dei fortener verkeleg skryt. Dette har ført til at vi gjer kvarandre gode, noko som er viktig for ei avdeling som oss. Og så må eg få rosa fagsjukepleiarane, som har gjort ein kjempeinnsats, seier Eritsland.

Avdelingsleiaren gjev skryt i retur.

– Vi kunne ikkje ha site på kvart vårt kontor og funne ut av alt på eiga hand. Samarbeidet og innspela har difor vore viktige, seier Steinsnes.

Med andre ord: Dei er både nøgde og spente. Dei er klare. Og dei gler seg. Og sist, men ikkje minst: Dei skriv historie, når dei tek imot første pasient i nybygget ved Haugesund sjukehus, torsdag 26. august.​


Akuttmottak nybygg - august-2021 - foto Eirik Dankel_4.jpg