Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

– Kvaliteten på LIS-utdanninga blir betre

Det trur overlege og påtroppande leiar for utdanningsutvalet Andreas Andreassen om den nye spesialiststrukturen for legar.

Stina Steingildra
Publisert 31.08.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

– Den største endringa er at tidskrav og gruppe 1-teneste blir erstatta av definerte læringsmål for kvar spesialisering. Får ein ikkje attestert at læringsmåla er oppnådd, er ein heller ikkje kvalifisert til spesialiseringa, seier den komande utvalsleiaren.

– Det ligg derfor til rette for at kvaliteten på utdanninga blir betre. Men det krev godt samarbeid mellom sjukehusa og tilrettelegging for at legen får trening og rettleiing til å nå læringsmåla. Rolla som rettleiar for LIS blir meir formalistert ved at ein må attestere for oppnådde mål, seier Andreassen.

Allereie i haust startar første del av den nye spesialiststrukturen. Då kjem den første gruppa studentar som skal heite «LIS 1» og ikkje «turnuslegar». Den tidlegare turnusperioden, som framleis skal vere på halvanna år, vil no telle som første del i ei spesialisering.

Portrett av overlege Andreas Andreassen

LIS 2 og 3 startar i mars 2019

Læringsmåla for det som skal heite LIS 2 og 3 er enno ikkje vedtatt. Spesialistkomiteane har laga forslag som har vore ute på høyring, og målet er at dei skal vere klare til årsskiftet.

– Strukturen og læringsmåla for LIS 2 og 3 skal innførast frå mars 2019, slik at dei som i haust startar som LIS 1 då går vidare i ny ordning, seier Andreassen. Han forklarar at dei som ved innføringa av LIS 2 og 3 allereie har fullført minst tre år av spesialiseringa si kan halde fram i dagens ordning.

– Soleklar kvalitetsforbetring

Andreassen er sjølv leiar for spesialistkomiteen i pediatri og har jobba med å utarbeide læringsmåla for spesialiseringa i barnesjukdomar.

– Eg har vore tett på heile omlegginga av spesialiststrukturen. Det har vore spennande og vil bli spennande framover også. Derfor sa eg ja til å leie utdanningsutvalet her i Helse Fonna. Klarar vi å gjennomføre dette på ein god måte, blir det ei soleklar kvalitetsforbetring, seier han og får støtte frå HR-direktør Helga Stautland Onarheim:

– Vi må sørgje for god utdanning og oppfølging av legar i spesialisering. Dei vil forhåpentleg bli ein del av kollegiet vårt når dei er ferdige spesialistar og då er det sjølvsagt av største interesse for oss av kvaliteten på utdanninga deira er god. Til sjuande og sist handlar jo dette om kvaliteten på behandlinga vi gir pasientane våre.

Portrett av Helga Stautland Onarheim, HR-direktør

Ho er glad for at Andreas Andreassen vil leie det nye utdanningsutvalet, som skal bidra i planlegging, koordinering og kvalitetssikring av utdanninga i LIS 1, 2 og 3.

– Utdanningsutvalet har medlemer frå alle sjukehusa i føretaket og skal vere eit rådgivande organ for å sikre at legar i spesialisering når læringsmåla på ein mest mogleg måte. I tillegg har vi Regionalt utdanningssenter som skal bidra til eit heilheitleg utdanningsløp i regionen og nasjonalt, seier Stautland Onarheim.

Meir informasjon om den nye spesialiststrukturen finn du på www.lis-utdanning.info