- Ikkje bruk tøymunnbind

Tøymunnbind skal ikkje brukast på sjukehusa, verken av helsepersonell, pasientar eller pårørande.

​Avdeling for smittevern minner om at det ikkje skal brukast tøymunnbind i Helse Fonna.

munnbind.jpg

- I prosedyrane står det at tøymunnbind ikkje skal brukast i helsetenesta, verken av helsepersonell, pasientar eller besøkjande. Dei som kjem på besøk får tilbod om eingongsmunnbind i resepsjonen, dersom dei ikkje sjølv har med, opplyser smittevernsjukepleiar Linda Hatteland Sørheim i Avdeling for smittevern.

I prosedyren for utvida bruk av munnbind i samband med Covid-19-pandemien, står blant anna følgjande: "I alle situasjonar der ein ikkje kan halde éin meter avstand, skal munnbind nyttast. Polikliniske pasientar og besøkjande bør nytte munnbind i situasjonar der det ikkje er mogeleg å halde éin meters avstand."

Ifølgje Folkehelseinstituttet er vi framleis ikkje der at vi kan gje lette i generelle råd om munnbind og avstand. Vi veit framleis for lite om smitte mellom vaksinerte. Men med eit aukande tal innbyggjarar som er vaksinerte, vil dette blir fortløpande vurdert.

I Helse Fonna sin prosedyre er det presisert at avstand er det viktigaste smitteverntiltaket.