– Hald babyen unna forkjølte vaksne og barn

RS-virus gir bare ein vanleg forkjølelse hos vaksne og ungar, men spebarn kan bli alvorleg sjuke. For vesle Vilma enda det med sjukehusinnlegging.

 

– Vi var rett og slett redde for at ho skulle slutte å puste, fortel mamma Ida Dankel og pappa Sindre Seim.

Vilma er bare fem veker. Så små babyar har sårbare luftvegar. Forkjølelsen gjorde at ho fekk pustevanskar, verka utilpass og ikkje lik seg sjølv. Foreldra tok ho med til fastlegen, som ringte barnelege på sjukehuset med det same.

– På sjukehuset blei vi godt tatt i mot, og Vilma blei raskt undersøkt av lege og sjukepleiar. Ho fekk oppløysing med saltvatn i nasen før amming, slik at ho skulle kunne puste og ete godt. I tillegg fekk ho saltvannsinhalasjon ved behov, for å løyse opp slimet.


SÅRBAR: Vilma fekk RS-virus då ho var fem veker. Luftvegane på så små babyar er sårbare. Foto: Eirik Dankel.
 

Stor påkjenning


– Det er slett ikkje alltid nødvendig med innlegging i sjukehus, fortel barnelege Grete Vigemyr, men legg til at det for enkelte barn er ein betydeleg sjukdom og ein at dei hyppigaste årsakene til sjukehusinnlegging blant dei minste barna.

For mange babyar er god pleie heime alt som trengs, sjukdomen går over av seg sjølv. Likevel kjem kvart år over hundre barn med RS-virus til Haugesund sjukehus for behandling eller undersøking. Diagnosen blir stilt utifrå observasjon av symptom og ein kan ta prøvar frå slim i nasen for å slå fast sikkert at det er snakk om RS-virus.

– Babyar med RS-virus kan ha symptom som spisevanskar og feber, dei kan streve med pusten, og det kjem gjerne pipe- eller hveselydar når dei pustar. Dersom babyen har veldig tungt for å puste, blir han eller ho utslitt og orkar ikkje konsentrere seg om anna, fortel Vigemyr.

Babyar som har vanskar med å puste, bruker heile kroppen for å få nok luft. Dette kan sjåast som inndragingar både i halsområdet og under ribbeina når babyen trekker pusten.

Ved sjukehusinnlegging er behandlinga å sørgje for nok næring til babyen, og det blir lagt inn sonde ved behov. Babyen kan få inhalasjonar med oksygen og damp av saltvatn. Det løyser opp slim og gjer det enklare å puste. Også CPAP kan vere nødvendig, eit apparat som gir ekstra trykk for å blåse opp lungene og lette pusten.

Det er gjerne premature eller svake babyar som blir hardast ramma av RS-virus. Barn over seks månadar får sjeldan slike vanskar, men reagerer meir som større barn og vaksne ved forkjølelse.

RS-virus gir sjeldan større komplikasjonar. Enkelte kan få lungebetennelse og i sjeldne tilfelle atelektase, der ein del av lunga klappar saman. Det er som regel ikkje nødvendig med behandling for atelektase, som går tilbake av seg sjølv.

Dråpesmitte

RS-virus blir spreidd med dråpe- og kontaktsmitte. Vigemyr meiner babyar skal skjermast frå vaksne og ungar som er forkjølte.

– Det er ikkje noko poeng i at babyar skal gå frå fang til fang i forkjølelsessesongen, seier ho.
– Eg tilrår å alltid ha myggnett på barnevogna i haust- og vinterhalvåret. Unngå offentlege stadar med trengsel og mykje folk, som caféar og liknande.

Kva så med eldre søsken? Skal ein halde dei unna også? Dersom det er mogleg, meiner Vigemyr.

– Større barn forstår forklaringar om at dei ikkje får nusse på babyen når dei sjølv er forkjølte. Dersom ungane er såpass små at dei ikkje forstår, må foreldra sørgje for god hygiene og vask slik at risikoen for smitte er mindre.

Vigemyr har nokre klare råd til foreldre til babyar med RS-virus:

– Pass på at babyen får nok mat. Bytt gjerne liggestilling ofte, ved å legge babyen på sida. Hald også babyen opp med jamne mellomrom. Det lettar pusten og på slimet. Å skylle nasen på babyen kan gi stor betring i pusten, for dei minste babyane pustar bare med nasen. For ein baby kan tett nase opplevast som at han eller ho ikkje får puste.

Denne artikkelen blei først publisert på www.helse-fonna.no i januar 2016. Artikkelen er kun generell informasjon om RS-virus, og må ikkje vere erstatning for legekonsultasjon dersom barnet ditt er sjukt. Ta kontakt med din fastlege eller legevakt (tlf 116 117) dersom du har spørsmål om ditt barns helse.