- Fagbrevet er eit løft

Jorge del Pino har jobba ved Stord sjukehus i snart 30 år. No er han blitt den første portøren på sjukehuset som tar fagbrevet.

– Det var veldig spesielt å begynne på utdanninga, for eg var sjølv sensor då dei etablerte fagbrevet som portør i Noreg for fem år sidan, fortel del Pino.

– Sidan det ikkje fanst fagbrev frå før, søkte dei etter portørar med lang erfaring i faget som kunne gå inn og vere sensorar. Eg måtte bestå ein eksamen før eg fekk starte som sensor.

Potører Stord 2020 - foto Eirik Dankel - nett_7.jpg

KVALITETSBEVIS: Jorge del Pino tok sveinneprøven i juni og har no fagbrev som portør - etter snart 30 år i jobben. Foto: Eirik Dankel

Ein portør jobbar med transport og logistikk i sjukehus. Det er ein variert jobb med mange ulike oppgåver. Du må like fysisk arbeid, å jobbe med menneske, kunne vere sjølvstendig og ta ansvar. No har del Pino sjølv tatt både teoretisk eksamen og praktisk sveineprøve, der ein annan sensor vurderte korleis han løyser arbeidsoppgåvene sine. 

 
– Vi jobbar mest med transport og logistikk, men når du tar fagbrevet lærer du også å gå inn i situasjonar som kan oppstå rundt pasienten og hjelpe til, fortel del Pino.


– Yrket vårt handlar i hovudsak om pasientane. Dei skal få best mogleg service. Det er vi som sørgjer for at medisinar og utstyr er på rett stad til rett tid og når du triller ei seng med pasient, må du vite korleis pasienten skal ligge for at dei ikkje skal bli svimle, for eksempel.

Håpar det inspirerer


– Fagbrevet er ei kvalitetssikring av kompetansen vår, seier Leif Leknesund. Han er funksjonsleiar for lager og transport ved Stord sjukehus. Han seier Jorge er eit ja-menneske, ein ressursperson som tar initiativ.

Potører Stord 2020 - foto Eirik Dankel - nett_9.jpg

STOLT: Leif Leknesund er leiar for lager og transport på Stord sjukehus. Han oppmodar sine medarbeidarar om å ta utdanning. Frå venstre Monica Nordtveit Brandvik, Jorge del Pino, Thea Bjelland og Leif Leknesund. Foto: Eirik Dankel

– Eg er glad for at han har tatt fagbrevet og håpar det inspirerer kollegene til å gjere det same. Det er valfritt, sjølvsagt, men eg håpar dei ser at det er både kjekt og nyttig. Uansett deler Jorge kunnskapen sin med dei andre, så det er eit løft for heile avdelinga.


– Du får mykje fagleg input, supplerer Jorge, som også får mykje inspirasjon gjennom jobben som sensor.


– Eg får besøke andre sjukehus og sjå korleis dei løyser ting. VI kan lære av dei, og dei kan lære av oss, seier han.

Potører Stord 2020 - foto Eirik Dankel - nett_4.jpg

PASIENTEN FØRST: Transport av pasientar er ein viktig del av jobben. Men pasienten skal ikkje berre frå A til B, dei skal ha det godt undervegs. - Pasienten skal kunne vere orientert, derfor skal dei sjå den vegen eg trillar. Føtene først, slik at dei ikkje blir svimle, forklarar Jorge del Pino. Foto: Eirik Dankel.

– Usynlege heltar


Den tre dagar lange sveineprøven blei avlagt i juni. Eigentleg skulle den vore i mars, men det blei utsett då koronautbrotet kom. Arbeidsledig blei Jorge og kollegene absolutt ikkje, sjølv om heile sjukehusdrifta blei lagt om då samfunnet stengte ned.

 

– Eg vil seie at vi fagarbeidarar var usynlege heltar under pandemien, seier han. Portørane, reinhaldarene, kjøkkenpersonalet – sjukhuset går ikkje rundt utan oss og vi har verkeleg stått på, meiner han.

 

– Eg elskar jobben min. Og eg er stolt av jobben min, smiler Jorge del Pino.

Potører Stord 2020 - foto Eirik Dankel - nett.jpg

LOMMEKJENT: - Eg er betre kjent på sjukehuset enn heime hos meg sjølv, ler Jorge del Pino. Foto: Eirik Dankel