– Eg har aldri vore redd

Ho har stått eitt år i frontlina saman med kolleger ved Haugesund sjukehus. Ho har sett smitta pasientar bli kritisk sjuke på kort tid, og friskne til ved bruk av heilt nye metodar. No ser anestesilege Maria Huanca tilbake på eit år med opp- og nedturar.


maria-huanca.jpgHaugalandet og Sunnhordland møter våren med smitterekord, nedstenging og høg beredskap. Sola skin akkurat som dei marsdagane i fjor. Men det var ikkje slik «neste sommar» skulle bli. Vi skulle klemme kvarandre igjen. Ungar skulle gløyme kva ordet kohort betyr. Russen skulle rulle og dei eldre skulle dekke på med sitt finaste servise og invitere på kaffibesøk. Men meteren er utvida til to og viruset har funne måtar å smitte raskare på. Ved intensiven på Haugesund sjukehus var det innlagt tre pasientar med covid-19 då dette intervjuet blei gjort. Maria Huanca og kollegene har meir enn nok å gjere. Men mykje er annleis.
 
– Det er ikkje like mykje spenning i lufta som for eitt år sidan. Då var det ein del som var uklart med tanke på kor smittsamt viruset var og kor mange pasientar som ville komme i løpet av ei vakt. Vi visste ikkje om det var eit stort antall på veg til oss. I dag er mange vaksinerte og vi veit at smittevernutstyret fungerer, seier Maria.
 

Haldt seg oppdatert på spanske podcastar

Den spansktalande anestesilegen begynte tidleg i 2020 å høyre på spanske lege-podcastar om det nye viruset. Ho og kollegaene las seg opp på det som var kome av dokumentasjon og studiar på viruset. Spanske sjukehus var overfylte og Maria sine spanske kollegaer var overarbeidde og utsette for høg smitterisiko. Så kom viruset til hennar eiga avdeling, i Haugesund, Noreg. Ho meiner pandemien har vore handtert godt i Helse Fonna.

– Vår styrke i Helse Fonna er at vi har dyktige klinikarar i alle yrkesgrupper. Under første bølgje fekk vi skryt frå kollegaer ved andre sjukehus over korleis vi handterte utfordringane med å behandle desse pasientane, seier Maria.

Ho meiner både medarbeidarar og leiarar i Helse Fonna har stått saman og vore fleksible for å møte utfordringane i ein pandemi i stadig endring. Samtidig ønsker ho konkrete planar for auka kapasitet på overvaking og intensiv på permanent basis, slik intensivlegar landet over har tatt til orde for. 
 

– Vi kan finne ny behandling

Ho er forsiktig optimist når det gjeld vegen vidare.

– Vi veit stadig meir om korleis viruset oppfører seg når det kjem inn i menneskecellene og alle reaksjonane sjukdomen gir i celler og organer. Det å vite meir om det vi kallar patofysiologi hjelper oss å forstå sjukdomsforløpet og opnar for at forskarar og klinikarar kan finne ny behandling.

Utviklinga til dei muterte versjonane av koronavirus gir likevel bekymring.

– Det er veldig alvorleg at stadig yngre som ikkje har spesielle underliggande sjukdommar blir innlagt på sjukehus og treng intensivbehandling. Eg tenker at vi enno ikkje veit alt om utviklinga av denne pandemien. Kanskje ligg det tyngste enno føre oss, men eg håpar ikkje det. Sjølv om vi veit ein del om utviklinga  av pandemien, kan nye moment framleis kome. 
 

Vaksinering gir håp

I Helse Fonna har rundt 1100 fått første dose av AstraZeneca-vaksinen, og rundt 690 fått to dosar med vaksinen frå PfizerBioNTech. No er AstraZeneca-vaksinen sett på pause i heile Noreg. 

– Min personlege reaksjon er at det er slik det er med medikament; alt kan ha biverknadar. Det ein alltid må vurdere med medisinar er gevinst mot biverknad og biverknadsfrekvensen. Eg tenker at dei med mest kunnskap nasjonalt og i verda no undersøker nøye og treffer dei beste avgjerdene. Slik eg ser det i dag, er raskast mogleg vaksinering av befolkninga einaste håp om få tilbake vårt gamle liv, seier Huanca.

Men er ho sjølv redd for å bli smitta?

– For eitt år sidan tenkte eg sjølvsagt oftare på kva viss eg blir smitta og alvorleg sjuk. Eg tenker svært lite på det no og eg har aldri vore redd. I sjølve jobben har eg aldri vore distrahert av dei tankane. Når eg er på jobb er eg lege og sidan jobben min oftast er intens og krev konsentrasjon tenker eg ikkje på anna enn sjølve jobben. Har eg valt dette yrket veit eg det er inkludert ein viss risiko, slik er det berre. 
 

Taklar stress med prat og fysisk aktivitet

Maria Huanca kjenner seg heldig som bur og jobbar i Noreg, der risikoen for å bli smitta på jobb i ei intensivavdeling har vore veldig liten.  

– Min måte å takle stress på er å snakke med gode kollegaer i etterkant av situasjonar. Du tåler meir stress når du har gode folk rundt deg og gode leiarar. Eg tåler også mykje, så sant eg får tid til fysisk aktivitet i fritida.

I Helse Fonna sitt opptaksområde er det 180 000 innbyggarar, deriblant deg som les dette. Dersom du blir sjuk og treng intensivbehandling, er det kanskje Maria Huanca som tar i mot deg. Det vil ho aller helst unngå. Kva er hennar beskjed til oss som bur her?

– Alle må gjere alt og sitt beste for å overhalde smittevernreglane. Og eg har framleis min lit til vaksiner.