– Digitale helsetenester kan endre kvardagen for unge

Ungdomsrådet i Helse Fonna har gitt innspel til korleis nye digitale tenester for helsestasjon og skulehelse bør vere. Dei trur det kan endre kvardagen for unge som treng helsehjelp.

– Det er viktig med gode digitale tenester, for det er på nettet dei fleste er. Viss ein vegrar seg for å bestille time eller ringe, for eksempel, er det mykje lettare å bestille på nett, seier Elise Fredriksen i Ungdomsrådet i Helse Fonna.

elise-fredriksen-ungdomsraadet.jpg

BETRE TENESTER: Ungdomsrådet i Helse Fonna skal bidra til å utvikle enno betre tenester for barn og unge, anten dei er sjuke sjølv, eller er i nær familie med nokon som er sjuke. Foto: Eirik Dankel.

Også Emma Sofie Lae-Pedersen trur låg terskel for å ta kontakt kan gjere det enklare for unge å søke hjelp når dei treng det.

– For nokon vil nok dette kunne endre kvardagen, meiner ho.

– Kontakten med helsetenesta skal bli enklare

Det er kommunane Oslo, Bergen, Stavanger og Haugesund i samarbeid med Direktoratet for e-helse som no er i gang med å lage dei første digitale tenestene for helsestasjon- og skulehelsetenesta.

– Kontakten med helsetenesta skal bli enklare. Då er det viktig at det enkelt å bruke tenestene. Vi ville møte ungdomsrådet i Helse Fonna for å få hjelp og innspel til kva behov ungdom har og korleis tenestene bør vere for at dei skal vere enkle å bruke, seier avdelingsdirektør Hilde Lyngstad i Direktoratet for e-helse.

Hilde-Lyngstad©RebeccaRavneberg.jpg

Avdelingsdirektør Hilde Lyngstad i Direktoratet for e-helse. Foto: Rebecca Ravneberg

Dei har vore i kontakt med ungdomar fleire stader i landet for å høyre korleis dei syns den nasjonale helseportalen helsenorge.no fungerer og gjere såkalla brukartestar, der dei ser korleis unge brukar dei mange innloggingstenestene som allereie fins. Sjur Sundin og Jhanett Nataly jobbar med utvikling av tenester i Direktoratet for e-helse og møtte medlemene i Ungdomsrådet.

– Dei var superhjelpsomme. Dei var veldig ærlege med kva dei meinte om tenestene og det er bra, seier Nataly.

Enkle funksjonar

Sundin fortel at dei enno ikkje veit nøyaktig korleis tenestene skal utformast og bli gjort tilgjengelege.

– Litt av poenget no er å finne ut kva ungdom har bruk for. Kva treng dei? Resultatet kan kanskje bli ein app, ein chatfunksjon eller kanskje berre forbetring av dei tenestene som allereie fins. Det er viktig at vi lagar noko som dekker eit reelt behov, seier han.

Språk og funksjonar skal vere enkle. Det hjelper ikkje å ha tilbod om «e-konsultasjon» viss brukaren ikkje forstår kva det er. Ein kjem heller ikkje langt dersom brukaren ikkje finn fram til funksjonen for å bytte time. Ei anna utfordring kan vere dei mange nivåa av helsetenester.

– Dei fleste av oss er ikkje opptatt av om helsehjelpa kjem frå helsestasjonen, sjukehuset eller helsesøster, så lenge vi får den hjelpa vi skal ha. Når vi lager digitale tenester må vi sørge for at brukaren ikkje må kunne forskjellen på alle instansane for å finne fram, seier Sundin.

Ungdomsrådet i Helse Fonna er glad for at akkurat dei blei spurt om å bidra.

– Ungdom har andre synspunkt og legg merke til andre ting enn vaksne. Vi bruker andre ord og uttrykk. Det er viktig at tenestene er laga for oss som skal bruke dei. Det er fint at dei lar oss prøve systemet slik at det kan bli tilrettelagt også med tanke på språk, seier Emma Sofie Lae-Pedersen.

Bli betre kjent med Ungdomsrådet i Helse Fonna