– Det blir ein digital revolusjon for oss som jobbar med patologi

Prosjektet Digital patologi i Helse Vest skal gi ein ny og digital kvardag. Frå Helse Fonna deltar patolog Marius Bagdonas og bioingeniør Sophie Saunes Vaage. Dei gler seg til vegen vidare.

Patologi 2016 - foto Eirik Dankel.jpg

IVRIG: Sophie Saunes Vaage deltar for Helse Fonna i det regionale prosjektet. Ho kallar det ein digital revolusjon. Foto: Eirik Dankel

Målet er å anskaffe, tilpasse og implementere eit felles standardisert og digitalt patologisystem i alle patologiavdelingar i Helse Vest. For å få ei slik løysing på plass har vi no eit viktig førebuande arbeid for oss der vi skal sikre at behova blir møtt.

– Dette er eit utruleg spennande prosjekt som vil ha mykje å seie for korleis vi jobbar på patologiavdelinga, seier bioingeniør Sophie Saunes Vaage.


Dei forklarar at patologane vil få ein ny og digital kvardag der ein går meir og meir vekk ifrå etablerte metodar som mikroskopering, og over til diagnostisering på skjerm. Digital patologi vil opne for tettare samarbeid mellom føretaka i Helse Vest slik at vi kan sikre lik, rask og riktig diagnostikk i alle patologiavdelingar.

– Med digital patologi vil vi kunne få auka spisskompetanse hos patologane og sikre rett prøve til rett patolog, noko som igjen vil gi høgare kvalitet og raskare svar. Dette blir ein digital revolusjon for oss innen patologi, og vi gler oss til vegen vidare, seier Saunes Vaage.

Kvar er vi no?

Stemninga var ivrig, på grensa til utolmodig, under kickoff-en i Bergen. Arbeidsgruppa stupte ut i jobben med å kartlegge prosessar og arbeidsflyt i dagens patologiarbeid. Sidan Nils Petter Tveranger frå Helse Vest IKT er ein smart fyr og har vore med på dette før, hadde han ein stor bunke Post-It klar. Og her var det tydeleg for alle – vi startar ikkje tomhendt sidan mykje allereie er kjent.

Arkitekt Nils Petter Tveranger - IKT.jpg

KARTLEGGING: Arkitekt Nils Petter Tveranger fekk god bruk for postit-lappane. Foto: Marius L. Fimland, Helse Vest IKT

Etter kvart som dei overordna prosessane blei plasserte utover veggen, kom fleire og fleire av dei underordna opp i pannebrasken. Ikkje overraskande er det variasjonar frå føretak til føretak, ofte basert på tilgjengeleg utstyr og teknologi, så vel som behov frå rekvirentane.
Denne kartlegginga skal fortsette i samarbeid med fagpersonane, for å lage det overordna biletet som sikrar at alle patologiavdelingar får sine behov dekka i den framtidige løysinga.

Den første delen av «Gjennomføring» handlar naturleg nok om førebuing, og her kjem òg anskaffing av det fysiske utstyret, dei digitale snittskannerane, inn. Innkjøp av felles utstyrs- og programvareløysingar til alle føretak heng saman med utgreiinga til arkitektane. Premien for eit vellukka kartleggingsarbeid er ei samkøyrt prosessløysing for alle føretak.

 
Kvar skal vi?

Denne utgreiinga gir oss òg viktig informasjon om korleis utviklinga mot digital patologi vil påverke kvardagen til patologane og bioingeniørane. Eit vesentleg mål med prosjektet er å betre kvardagen gjennom betre utnytting av tilgjengeleg spesialkompetanse, raskare tilgang til digitale snitt ved re-gransking og bruk av avanserte bildeanalyseverktøy på sikt. I tillegg vil arbeidet rundt førebuingar før tverrfagleg møte (MDT, multidisiplinære team) kunne både betrast og gjennomførast raskare når snitta kjem fram digitalt.

Målet vårt er å sikre høg kvalitet og kort ventetid på patologidiagnosar også i framtida. Med digitale snitt jobbar vi mot at kvar patolog kan utvikle spisskompetanse uavhengig av geografi i framtida, og at Helse Norge blir endå litt mindre.