Mine timar

Kvar dag er det mange som ringer og har spørsmål om timen sin som dei har hatt eller skal ha på sjukehuset. Under har vi svara ut nokre av spørsmåla som pasientar spør mest om.

Logg inn for å sjå dine timeavtalar

Endre/utsette timen

Hugs at endring eller utsetting av timen din forlenger ventetida. Når du får time i sjukehus er mange fagpersonar sett av til deg og din behandling. Det krev grundig planlegging.

Dersom du ikkje kan møte til timen din kan du logg inn på helsenorge.no og gi oss beskjed. Vi vil finne ein ny time til deg. 

Når får eg time?

Fastlegen din sender ei tilvising til sjukehuset dersom du treng utgreiing eller behandling av ein spesialist. Ei tilvising er ein førespurnad frå fastlegen på om du kan få time på sjukehuset. Tilvisinga blir vurdert av ein lege på sjukehuset innan 10 virkedagar. Sjølv om sjukehuset godtar tilvisinga kan det gå ei stund før du får vete når timen din er.  
Du kan logge inn på helsenorge.no og sjå at tilvisinga di er aktiv. Det betyr at du skal få time på sjukehuset, men at dato og klokkeslett ikkje er satt enda. Når dato og klokkeslett for timen er klart vil du kunne sjå det på helsenorge.no, saman med innkallingsbrevet ditt.

Etter at du har hatt time på sjukehuset kan det ver at legen seier du må kome tilbake for ein kontrolltime. Sjølv om sjukehuset veit at du skal tilbake på kontroll kan det ta tid før dei finn ein dato og eit klokkeslett for timen. Når tidspunkt for timen er klart vil det bli synleg på helsenorge.no og du vil få eit nytt innkallingsbrev.

Om du opplev forverring av tilstanden din må du ta kontakt med fastelegen din. Fastlegen kan legge inn ein purring på timen, dersom det er medisinske grunnar til at timen din må framskyndast. 

 

Vanlege spørsmål og førebuing til time

Barne poliklinikk

Gastroskopi
Du må møte fastande til denne undersøkinga. Det vil sei at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden før. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 2 timer før oppmøtida. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 2 timane før undersøkinga kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje brukedrops eller tyggegummi.  Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før undersøkinga. 

Viss det er første gong du skal ta gastroskopi skal du ikkje bruke Nexium eller anna syredempande medisin den siste veka før undersøkinga. 
Før sjølve undersøkinga kan det ved behov gis bedøvelsesspray i munnen. Du kan også få ei sprøyte som hjelp deg å slappe av, men då kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.   

Logg inn på 
helsenorge.no og les innkallingsbrevet ditt der.


Koloskopi

Det vil alltid stå i innkallingsbrevet kva for eit tømmingsmiddel du skal kjøpe. Følge det som står i innkallingsbrevet for å gjennomføre ei god tømming. Tarmtømming er avgjerande for å få til ei god undersøking. 

Før undersøkinga kan du få medisin som hjelper deg å slappe av. Viss du velger å ta desse medisinene kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.

Logg inn på helsenorge.no og les innkallingsbrevet ditt der.

Behandlingshjelpemidler
Dersom du har spørsmål angåande insulinpumpe, må du ta kontakt med Behandlingshjelpemidler på tlf 52 73 46 50.

Dagkirurgisk eining

Dagkirurgisk eining behandlar pasientar med dagkirurgiske inngrep innanfor mage-tarm, ortopedi og urologi. Under finn du informasjon om nokon av dei ulike inngrepa.

Brokkoperasjon
Operasjon blir utført som open kirurgi i full narkose. Du må møte fastande. Du kan reise heim same dag.

Du kan oppleve smerter og ubehag i dagane etter operasjonen. Dag 1 og 2 er ofte verst. Du vil få smertestillande etter behov når du er på sjukehuset, i tillegg til resept når du reiser heim. Sjukmeldingstida er vanlegvis 2-3 veker men kan varierer ut frå kva type arbeid du har.



Hemoroideoperasjon
Hemoroideoperasjon kan utførast med lokalbedøving eller i full narkose. Det kjem an på om ein nyttar HAL eller HAL/RAR metoden. Du må møte fastande uansett kva for ei metode/bedøving som skal brukast. Metoden HAL/RAR utføres alltid i full narkose.

Du kan oppleve smerter og ubehag dei første dagane etter operasjon. Dag 1 og 2 er ofte verst. Du vil få smertestillande etter behov når du er på sjukehuset, i tillegg får du resept når du reiser heim. Sjukmeldingstida ved kirurgisk fjerning av hemoroider er vanlegvis 2-4 veker. Sjukmeldingstida etter HAL/RAR er vanlegvis 1-2 veker



Konisering (fjerning av livmortapp)
Operasjonen blir utført i full narkose. Du må møte fastande. Du kan reise heim same dag. Det er ikkje noko problem å utføre operasjonen sjøl om du har menstruasjon.

Det vil vere lite eller ingen smerter etter operasjonen, men du kan ha blødingar og utflod i nokre veker. Kraftig bløding er vanleg i opptil 10 dagar etter inngrepet. Du bør ikkje løfte meir enn 5-10kg eller trene for hardt dei første 1-2 vekene. Du bør ikkje ha samleie, bruke tampong, ha karbad eller bade i basseng dei første 3-4 vekene eller så lenge du har blødingar.  


NEAS, Hysteroskopi (Operasjon på innsida av livmoren)
Operasjonen blir utført i full narkose. Du må møte fastande. Du kan reise heim same dag.

Det er vanleg med utflod dei første 4-6 vekene etter operasjonen. Utfloda er ofte brunleg og kan lukte litt. Du kan også få feber dei første 1-3 dagane etter operasjonen. Du vil få smertestillande etter behov når du er på sjukehuset, i tillegg til resept når du reiser heim.

Du bør ikkje ha samleie, karbad eller bade i basseng før utfloda er normal. Sjukmeldingstida er vanlegvis mellom 3-7 dagar. 


Operasjoner i mage-tarm (gastro) 
Operasjon blir utført med laparaskopisk teknikk, også kalt kikholsmetode. Det blir gjort i full narkose. Du må møte fastande. På operasjonsdagen må du ha med deg ein pårørande.

Etter operasjonen må du vere på oppvakningen i 2-3 timar før du får reise heim. Pasientar som har lengre reiseveg enn 30 minuttar må overnatte på hotell som sjukehuset har eigen avtale med.

Du kan oppleve smerter eller ubehag i mage-og skulderområde i nokre dagar etterpå. Det kjem ofte av gassen som vert sett inn i bukhola under operasjonen. Dei første 1-3 dagane er det vanleg å kunne få 38.0 – 38.5 i feber. Du vil få smertestillande etter behov når du er på sjukehuset, i tillegg til resept når du reiser heim.

Du kan vere i fysisk aktivitet etter operasjonen, men ta det med ro dei første 1-2 dagane og heller auke aktiviteten etterkvart. Sjukmeldingstida er til vanleg 2-3 veker men kan variere ut frå kva type arbeid du har.


Urinlekkasje 
Operasjonen blir utført i full narkose. Du må derfor møte fastande. Du kan reise heim same dag.

Etter operasjonen bør ein ikkje ha samleie dei første 4 vekene. Sjukmelding er vanlegvis 1 veke. Dersom du har fysisk tungt og krevjande arbeid kan sjukmeldingstida bli lengre. Du kan ta kontakt med fastlege for å forlenge sjukmelding.

Dagkirurgisk eining, Odda 

Du skal faste før alle operasjonar. Det betyr det at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden operasjonen. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 2 timer før du skal møte. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 2 timane før operasjonen kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før operasjonen.

Hugs å les nøye gjennom innkallingsbrevet ditt. Der finn du detaljert informasjon om fasting og anna førebuing til timen din. Logg deg inn på helsenorge.no for å lese innkallingsbrevet ditt. 

Fertilitetssenteret

Haugesund fertilitetssenter tilbyr alle former for assistert befruktning som er lovleg i Noreg. Vi tek imot par frå heile landet, både heterofile og lesbiske.

Assistert befruktning
Vi ønsker helst at tilvisinga kjem frå ein spesialist i gynekologi eller obstetrikk.  Vi tek i mot tilvising frå fastlege dersom vedkommande kan gi oss dei opplysningane vi treng. Når tilvisinga er godkjent får dere tilsendt registreringsskjema. Først etter at vi har mottatt ferdig utfylte skjema vil dere bli satt opp på første ledige time. Ventetida er ca 4-5 månader.

Assistert befruktning er regulert gjennom Bioteknologilova og seier noko om kriteria for behandling.  

  • Kvinna bør ikkje vere fylt 39 år når første tilvising sendes. Etter medisinsk vurdering kan vi i nokre tilfelle avvike frå denne regelen.
  • Mannen bør ikkje vere eldre enn 55 år.
  • Paret må vere gift eller vere sambuande i eit stabilt og ekteskapsliknande forhold.  
  • Paret må vere psykososialt eigna til å ha barn.
  • Kvinner med kroniske sjukdommar som kan bli verre gjennom eit svangerskap eller kor svangerskapet kan føre med seg alvorlege komplikasjonar blir nøye vurdert.
  • Kvinna bær ha ein Body mass index (BMI) på under 32.
  • Barnlause og par som har eitt barn vil bli prioriterte.
  • Par kor ein eller begge har fått påvist at dei er smitteførande med HIV, Hepatitt B eller Hepatitt C, kan ikkje få tilbod om behandling

    Donorbehandling
    Vi har for tida ikkje moglegheit å tilby behandling med donor eller ta i mot sæd frå donorar.

    Nedfrysing av sæd
    Vi kan tilby nedfrysing av sæd for kreftpasientar.


Gastromedisinsk poliklinikk

Gastroskopi
Du må møte fastande til denne undersøkinga. Det vil sei at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden før undersøkinga. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 2 timer før undersøkinga. Klar væske vil sei saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 2 timane før undersøkinga kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje ha drops eller tyggegummi.  Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før undersøkinga. 

Viss det er første gong du skal ta gastroskopi skal du ikkje bruke Nexium eller anna syredempande medisin den siste veka før undersøkinga. 
Før sjølve undersøkinga kan det ved behov gis bedøvelsesspray i munnen. Du kan også få ei sprøyte som hjelper deg å slappe av, men då kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.   

Logg inn på
helsenorge.no og les innkallingsbrevet ditt der.


Koloskopi

Det vil alltid stå i innkallingsbrevet kva for eit tømmingsmiddel du skal kjøpe. Følge det som står i innkallingsbrevet for å gjennomføre ei ordentlig tømming. Tarmtømmingen er avgjerande for å få til ei god undersøking.

Før undersøkinga kan du få medisin som hjelper deg å slappe av. Viss du velger å ta desse medisinane kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.

Logg inn på helsenorge.no og les innkallingsbrevet ditt der.


Geriatrisk poliklinikk

Geriatri handlar om sjukdom i alderdommen. Her utreiar og behandlar vi mange ulike medisinske sjukdommar og tilstander.

Ha med pårørande til timen din 
Det står i innkallingsbrevet at pasient skal ha med seg pårørande til time. Pårørande kan hjelpe med å gi viktig informasjon og observasjonar til legen og samtidig vere til hjelp for pasienten med å ta mot å hugse informasjon som blir gitt.  

Innleggingstimar
Ved planlagt innlegging veit ein ikkje alltid kor lenge pasienten blir liggande på sjukehuset. Testar og undersøkingar som blir tatt underveis kan påverke dette. Innlegginga kan variere frå mellom 3 dagar til 3 veker. Ta med toalettsaker (tannbørste, tannkrem, hårkam, barbersaker), medisinliste og anna medisin som inhalasjonar, augedroper eller uregistrerte legemidlar. Det held å ta med ett klesskift.
Det er viktig at pasienten har med seg ein pårørande når dei møter til innlegging. Pårørande bør kunne vere på sjukehuset nokre timar frem til pasienten har kome seg til rette og ein har fått den informasjonen ein treng.

Spinalpunksjon
Det er ikkje alltid legen veit om pasient skal ta spinalpunksjon når dei møter til time. Det kan vere noko som blir bestemt etter at andre testar og undersøkingar er tatt.

Etter ein spinalpunksjon er det nokon som opplev ubehag. Mange følar seg litt sår og stiv i ryggen. Ein anna etterverknad kan vere hovudeverk. Det  vil ein som regel kjenne innan dei første 24 timane etter undersøkinga. Ofte vil hovudeverken merkast når du står oppreist. Legg du deg ned vil smerten gi seg. Dette skuldast ein lekkasje rundt punksjonsstaden. Opplev du denne typen hovudeverk skal du ta det roleg og halde sengen dei neste 3 dagane. Du kan bruke vanlege smertestillande tabletter. Dersom hovudeverken ikkje har gitt seg etter 3 dagar tar du kontakt med sjukehuset. Dersom du får feber etter undersøkinga skal du kontakte sjukehuset med ein gong.

Spørsmål om køyreforbod?
Eit køyreforbod kan gis av både lege, psykolog eller optikar viss helsekrav ikkje er oppfylt. Kortvarig køyreforbod er når køyreforbodet forventast å vare i mindre enn 6 månader. Dette er eit såkalla «munnleg køyreforbod».

Viss legen trur at køyreforbodet kjem til å vare lenger enn 6 månader skal det sendast skriftleg melding til pasient og fylkesmannen. Det er fylkesmannen som vurderar om køyreforbodet vidaresendast til politiet. 

Før du får køyre bil igjen må ein lege godkjenne at helsekrav er oppfylt. Dersom du vil klage på førarkortvurdering må du ta kontakt med Fylkesmannen.

Gynekologisk poliklinikk

På gynekologisk poliklinikk får du utgreiing, behandling og kontrollar knytt til sjukdommar og plager i underlivet, fruktbarheit og oppfølging i svangerskap.

Abort
Du treng ikkje tilvising frå fastlege eller jordmor for å bestille time til abort. Ønsker du å avbryte svangerskapet kan du ta direkte kontakt med sjukehuset på 52 73 90 00. 


Gravid med bløding? 
Ta kontakt med lege eller legevakt

Kan eg møte til time dersom eg har menstruasjon? 
Sjølv om du har menstruasjon kan du som regel møte til timen din. Det er bare viss du har veldig mykje bløding at nokon cytologiprøver kan bli vanskeleg å gjennomføre. Om du ikkje opplev veldig kraftige blødingar kan du møte til timen din. Alle kan møte på time i slutten av menstruasjonsperioden når bløding har begynt å avta. 

Rutineultralyd
Haugesund sjukehus tilbyr rutineultralyd frå veke 17 - 21 i svangerskapet.
Når du skal rekne kor langt du er på veg skal du rekne frå første dagen i siste menstruasjonsperiode.  Du må vere tilvist frå jordmor eller fastlege for å bli satt opp på ultralyd.

Gynekologisk og obstetrisk poliklinikk, Stord

På gynekologisk poliklinikk får du utgreiing, behandling og kontrollar knytt til sjukdommar og plager i underlivet, fruktbarheit og oppfølging i svangerskap.

Abort
Du treng ikkje tilvising frå fastlege eller jordmor for å bestille time til abort. Ønsker du å avbryte svangerskapet kan du ta direkte kontakt med sjukehuset på 52 73 90 00


Gravid med blødning? 
Ta kontakt med lege eller legevakt

Kan eg møte til time viss eg har menstruasjon? 
Sjølv om du har menstruasjon kan du som regel møte til time på gynekologisk poliklinikk. Det er bare om du har veldig mye bløding at nokon prøver kan bli vanskeleg å gjennomføre. Om du ikkje opplev veldig kraftige blødingar kan du møte til timen din. Alle kan møte på time i slutten av menstruasjonsperioden når bløding har begynt å avta. 

Rutineultralyd
Stord sjukehus tilbyr rutineultralyd frå uke 17 - 19 i svangerskapet.
Når du skal rekne kor langt du er på veg skal du rekne frå første dagen i siste menstruasjonsperiode. Du må vere tilvist frå jordmor eller fastlege for å bli satt opp på ultralyd.

Videre kan du lese om dei ulike gynekologiske inngrepa som blir gjort på Stord sjukehus.

Hysteroskopi (Operasjon på innsiden av livmoren)
Operasjonen blir utført i full narkose. Du må møte fastande. Du kan reise heim same dag.

Det er vanleg med utflod dei første 4-6 vekene etter operasjon. Utfloda er ofte brunleg og kan lukte litt. Du kan også få feber dei første dagane. Du vil få smertestillande etter behov når du er på sjukehuset, i tillegg til resept.

Ein bør unngå samleie, karbad og bading i badebasseng til utfloda er normal. Sjukmeldingstida er vanlegvis mellom 3-7 dagar.

Konisering (Fjerning av livmortapp)
Operasjonen blir utført i full narkose. Du må møte fastande. Du kan reise heim same dag.

Ein har lite eller ingen smerter etter operasjonen, men ein kan oppleve blødinger og utflod nokre veker etter operasjon. Kraftig bløding kan ein ha i ca 10 dagar etter inngrepet. Du skal vere forsiktig med tunge løft og hard trening dei første 1-2 vekene. Du bør unngå samleie, bruk av tampong, karbad og bading i basseng dei første 3-4 vekene eller så lenge du har blødingar.  


Urinlekkasje 
Operasjonen blir utført i full narkose. Du må derfor møte fastande. Du kan reise heim same dag.

Etter operasjonen bør ein ikkje ha samleie dei første 4 vekene. Sjukmelding er vanlegvis 1 veke. Dersom du har fysisk tungt og krevjande arbeid kan sjukmeldingstida bli lengre. Du kan ta kontakt med fastlege for å forlenge sjukmelding.

Kirurgisk poliklinikk, Odda

Abort
Du treng ikkje tilvising frå fastlege eller jordmor for å bestille time til abort. Ønsker du å avbryte svangerskapet kan du ta direkte kontakt med sjukehuset på 52 73 90 00. 


Skal eg faste?

Det er fleire undersøkingar og inngrep som krev førebuing. Du skal faste før gastroskopi, koloskopi og alle operasjonar.

Gastroskopi 
Du må møte fastande til denne undersøkinga. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 2 timer før undersøkinga. Klare væske er saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 2 timane før undersøkinga kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje ha drops eller tyggegummi.  Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før undersøkinga. 

Viss det er første gong du skal ta gastroskopi skal du ikkje bruke Nexium eller anna syredempande medisin den siste veka før undersøkinga. 
Før vi starter undersøkinga får du bedøvelsespray i munnen. Du kan også få ei sprøyte som hjelp deg å slappe av, men då kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.


Koloskopi 
Det vil alltid stå i innkallingsbrevet kva for eit tømmingsmiddel du skal kjøpe. Følge det som står i pakningsvedlegget for å gjennomføre ein ordentlig tømming. Tarmtømmingen er avgjerande for å få til ei god undersøking. 

Du må møte fastande til denne undersøkinga. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden før. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 2 timer før undersøkinga. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 2 timane før undersøkinga kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje ha drops eller tyggegummi.  Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før undersøkinga.

På dagen for undersøkinga anbefalast det at du et ein lett frukost. 

Før undersøkinga kan du får nokre medisiner som hjelper deg å slappe av. Viss du velger å ta desse medisinane kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset


Sting

Har du ikkje fått beskjed om å fjerne stinga ved sjukehuset, må du gå til fastlegen for å fjerne dei.
Skal du fjerne sting ved sjukehuset kan du møte mellom klokka 9.00-10.00 på poliklinikken.

Kirurgisk poliklinikk, Stord

Hjerte poliklinikk

EKG-måling
Når du skal ta ein EKG-måling må ein inn til 2 timar på poliklinikken. Den første timen sett vi på EKG-målaren. På den andre timen koplar vi den av. Du må betale for begge timane.

Når svaret på målinga er klar blir det sendt til tilvisande lege. Det vil sei den legen som bestilte målinga.

Dersom du har spørsmål eller lurar på noko i forhold til epikrisen din kan du kontakte fastlege. Fastlegen kan forklare og gå gjennom epikrisen saman med deg.

Lunge poliklinikk

Kolskurs

Kurset er for deg som har ein kronisk lungesjukdom. Kurset kan hjelpe deg med å få ein lettare kvardag. Alle med kronisk lungesjukdom kan søkje om å få delta på kurs. Fastlegen din kan sende ei tilvising til sjukehuset. 

K
urset går over 5 veker, to dagar i veka. Det er mange som ønsker å delta på kurset, derfor er det viktig at du motivert for kurset. Du kan godt starte med trening på eigehand mens du ventar på innkalling. 

Inhalasjonsmedisinar
  • Nytilviste pasientar skal ikkje ta nokre inhalasjonsmedisinar før undersøkinga. Berre behovsmedisinar inntil 4 timar  før undersøkinga. 
  • Pasientar som skal inn til kontroll skal ta alle faste inhalasjonsmedisinar på undersøkingsdagen. Det er fordi vi ønsker å sjå effekten av medisineringa. 
  • Ta med deg inhalasjonsmedisinen din til undersøkinga. Dei skal brukast til kontroll av inhalasjonsteknikk. 
Oksygenkontroll
  • Kontrollen er på lungepoliklinkken
  • Du skal IKKJE ta med stasjonær konsentrator som du brukar heime når du kjem på kontroll.  Lungepoliklinikken har eigne konsentratorar som brukast på kontrollar
  • På kontrollar vil sjukepleiar går gjennom bruk og vedlikehald av berbart utstyr. Det vil også bli tatt blodprøvar for å kontrollere kva for oksygendosering som er nødvendig. 
  • Ved bytte av berbar konsentrator til O2 flaske må pasienten inn på poliklinikken for å finne rett oksygendosering. 
  • Pasienten skal sjølv ta direkte kontakt med behandlingshjelpemidlar om det er feil med utstyr, om det er noko utstyr som skal bytast eller ein treng forbruksmateriale. Lungepoliklinikken har godt samarbeid med behandlingshjelpemidlar og kan vere behjelpelig med å kontakte dei dersom pasient er usikker. 




Medisinsk poliklinikk

Legen ringer deg om det er funn på prøvane du har tatt.

Medisinsk poliklinikk, Odda

Smertpoliklinikk
Smertepoliklinikken behandlar personar med ulike kroniske smertetilstander. Teamet består av lege, sjukepleiar, psykolog, fysioterapeut og helsesekretær som jobbar saman for å komme fremt til best mogleg behandlingsplan for pasientane. Målet er å motivere og hjelpe pasientar til å meistre smertetilstand og utfordringar i kvardagen og på den måten oppnå betre livskvalitet.

Det er pasientar over 18 år som har opplevd langvarig smerte i meir enn 6 månader som kan få tilbod på smertepoliklinikken. Det er kunn fastlege som kan sende tilvising til poliklinikken.

Når tilvisinga er vurdert og godkjent vil ein få innkalling til fem ulike konsultasjonar fordelt på 3 dagar. Desse dagane treng ikkje vere etter kvarandre. Spørsmål angåande reseptar, sjukmelding og legeerklæring skal handterast av fastlege og ikkje behandlerane på sjukehuset.


Medisinsk poliklinikk, Stord

Bronkoskopi
Du må møte fastande til denne undersøkinga. Då kan du ikkje ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden før. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 2 timer før undersøkinga. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 2 timane kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje ha drops eller tyggegummi. Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før undersøkinga. 

Du skal ikkje ta korttidsverkande inhalasjonsmedisin dei siste 4 timane før undersøkinga. Eksempel på slik medisin: Airomir, Berotec, Bricanyl, Salbuvent og Atrovent.

Blodprøvar skal tas to timar før. 

Du kan ikkje ete før minst 2 timar etter undersøkinga. Desse timane må du vere i ro på grunn av den bedøvinga du har fått. Du får reise heim etter undersøkinga, men kan ikkje køyre bil sjølv.


Gastroskopi
Du må møte fastande til denne undersøkinga. Då kan du ikkje ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt etter 24.00 kvelden før. Yoghurt reknast som fast føde. Du kan drikke klare væsker fram til 4 timer før undersøkinga. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktkjøtt og vatn. Dei siste 4 timane før undersøkinga kan du ikkje ete eller drikke noko. Du skal heller ikkje ha drops eller tyggegummi.  Du bør ikkje røyke eller snuse dei siste 6 timane før undersøkinga.

Viss det er første gong du skal ta gastroskopi skal du ikkje bruke Nexium eller anna syredempande medisin den siste veka før undersøkinga. 
Før vi starter undersøkinga får du bedøvelsespray i munnen. Du kan også få ei sprøyte som hjelp deg å slappe av, men då kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Du må ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.   


Koloskopi
Det vil alltid stå i innkallingsbrevet kva for eit tømmingsmiddel du skal kjøpe. Følg det som står i pakningsvedlegget for å gjennomføre ein ordentlig tømming. Tarmtømmingen er avgjerande for å få til ei god undersøking.

På sjølve undersøkelsesdagen anbefalast det at du et ein lett frukost. 

Før undersøkinga kan du får nokre medisiner som hjelper deg å slappe av. Viss du velger å ta desse medisinene kan du ikkje køyre bil resten av dagen. Då må du ha nokon til å køyre deg heim frå sjukehuset.


Nevrologisk poliklinikk

EEG – undersøking 
Når du møter til undersøkinga må du ha ete godt på førehand og ha nyvaska hår utan hårprodukt. Vi anbefaler at barn kun har med seg ein forelder og ingen søsken. Det er fordi du skal vere rolig under undersøkinga. Det skal ikkje gjere vondt og varer ein time.


Ortopedisk poliklinikk

På ortopedisk poliklinikk undersøkar vi og behandlar sjukdom og skade i kroppen sitt bevegelsesapparat. Det betyr behandling av brot og skader i hofte, kne, skulder, hand, fot, ankel og rygg. 

Bekreftelse når du skal fly
Dersom du har fått satt inn plater eller skruer etter operasjon treng du ikkje bekreftelse fra sjukehuset når du skal fly. Du treng heller ikkje bekreftelse dersom du brukar protese. 

Spørsmål om spesialisterklæring
Ei spesialisterklæring er ein medisinsk dokumentasjon. Det vil sei at det er ein spesialist som uttaler seg om ein medisinske situasjonen. Dersom du treng ei spesialisterklæring er det Nav eller forsikringsselskapet som må søke om det. Du vil ikkje få det ved å sjølv kontakte sjukehuset.

Spørsmål om gips
Merkar du at det er noko feil med gipsen, for eksempel at den er for stram eller for laus må du ta kontakt med sjukehuset.

Teikn på at gipsen er for stram kan vere at du bli hoven og blå på fingrane eller tærne. Det vil ofte gjere veldig vondt. Du kan også føle deg nomen og merke at det er vanskeleg å beveg fingrane eller tærne. Dersom du opplev ein eller fleire av desse symptoma må du ta kontakt med sjukehuset med ein gang. Det er viktig at du prøver å halde det skadde område høgt.

Dette kan du sjølv gjer for å gjere gipsen laus før du kjem til sjukehuset
Dersom du har elastisk bind på armen eller foten kan du prøve å ta det av og feste det på nytt. Du kan også prøve å klippe det heilt av, eller bare klippe den opp der det strammer mest. Prøv å surr på nytt bind eller noko anna som du har tilgjengeleg.
Har du kunstgips på foten eller armen kan du klippe opp gipsen heilt eller delvis der kor den er blitt mjuk. Prøv å feste noko rundt.    

Opningstid
Opningstida på ortopedisk poliklinikk er måndag -fredag klokken 08.00-19.00. Har du problem med gipsen kan du møte hos oss i opningstida dersom du har moglegheit til det. Opplev du problem med gips utanom desse tidspunkta kan du enten kontakte sjukehuset på telefon eller møte opp på skadepoliklikken slik at nokon får sjå på gipsen. Når du møter på skadepoliklinikken utanom opningstidene må du førebu deg på venting før ein lege eller sjukepleier kan sjå på gipsen din.

Krykker
Sjukehuset sel ikke krykker eller låner ut rullestol eller rullator. Dersom du har skada deg og blir behandla på sjukehuset får låna krykker med deg hjem dersom det er nødvendig. 


Radiologisk eining

Vi undersøkar og behandlar både polikliniske og inneliggande pasientar. Vi utfører ulike røntgenundersøkingar, MR, CT, ultralyd, mammografi, angiografi og intervensjon, gjennomlysing og nukleærmedisinske undersøkingar. Vi har akuttberedskap heile døgnet. Det vil sei at vi gjer undersøkingar heile døgnet dersom du har tilvising frå lege. 

MR med pacemaker
Det er ikkje alle pacemaker du kan ta MR med. Vi må derfor vete kva for ein pacemaker du har og når den blei satt inn. Dette må skrivast i tilvisinga frå legen. Denne type undersøking blir kunn gjort i Haugesund.

Opningstid
07.30 - 15.00 måndag-fredag. 
Etter stengetid, i helger og heilagdagar må du vere tilvist som augeblikkeleg hjelp frå lege eller legevakt. 

Stråling
Når du blir tilvist for undersøking på radiologisk avdeling er det fordi nytten av undersøkinga er vurdert som større enn risikoen av strålinga. Informasjon om graviditet tar radiologisk med i vurderinga når time blir tildelt. Du kan gjerne informere om graviditet ved oppmøte sjølv om dette også står i tilvisinga.

Du kan lese meir om stråling på direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA.no)


Du finn meir informasjon om andre undersøkingar på helse-fonna.no

Radiologisk eining, Stord

Vi undersøker og behandlar både polikliniske og innleggande pasientar. Vi utfører ulike røntgenundersøkingar, MR, CT og gjennomlysingsundersøkingar. Vi har akuttberedskap heile døgnet. Det vil sei at vi gjør undersøkingar heile døgnet dersom du har tilvising frå lege. 

Drop-in
For pasientar med tilvising til røntgen frå lege har vi drop-in måndag-torsdag, klokka 09-11 og 13-20.

Opningstid
07.45 - 15.15 måndag - fredag.
Etter stengetid, i helger og heilagdagar må du vere tilvist som augeblikkeleg hjelp frå lege eller legevakt. 


Stråling
Når du blir tilvist for undersøking på radiologisk avdeling er det fordi nytten av undersøkinga er vurdert som større enn risikoen av strålinga. Informasjon om graviditet tar radiologisk med i vurderinga når time blir tildelt. Du kan gjerne informere om graviditet ved oppmøte sjølv om dette også står i tilvisinga.

Du kan lese meir om stråling på direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA.no)


Du finn meir informasjon om andre undersøkingar på helse-fonna.no

Urologisk poliklinikk

På urologisk poliklinikk treng du ikkje faste før nokon av undersøkingane. Ingen av undersøkingane tek meir enn 30 minutt og du kan alltid køyre bil etterpå. Hugs å lese innkallingsbrevet ditt. Der vil det stå meir detaljer informasjon.

Urologisk poliklinikk, Stord

På urologisk poliklinikk treng du ikkje faste før nokon av undersøkingane. Ingen av undersøkingane tek meir enn 30 minutt og du kan alltid køyre bil etterpå. Hugs å lese innkallingsbrevet ditt. Der vil det stå meir detaljer informasjon.

Øye poliklinikk

Øye poliklinikken tilbyr behandling og oppfylging av pasientar med ulike augesjukdomar, grå stær, diabetes og endringar på auge eller problem med augelokk. 

Diabetes
Når du har diabetes skal du ha augeundersøking kvart halvanna år. Dette gjeld både for diabetes type 1 og 2. Diabetes påverkar netthinna sine blodkar som vidare kan vere med på å endre og true syne ditt. Dei fleste diabetikarar opplev endring på netthinna etter om lag 10-15 år. Det kan skje endringar på augene før ein merkar det på synet. Det er derfor viktig at du går på kontrolltimane sjølv om du opplev å ha normalt syn.

God blodsukkerkontroll er med på å forhindre augesjukdom. Hugs at dersom du skal skifte briller bør du gjere det når blodtrykket har vore godt regulert i nokre veker. Viss du er gravid og har diabetes skal du på kontroll kvar tredje månad gjennom heile svangerskapet.

Drypping av auge
Ein veit ikkje alltid om det vil bli brukt dråper på augane dine når du skal til time på øyepoliklinikken, men ofte blir det brukt. På diabeteskontroller vil du alltid bli drypt. Dropar utvidar pupillane. Det gjer at du ser uklart og kan bli lyssky. Det anbefalast ikkje å køyre eigen bil etter desse timane. Dersom du vel å køyre sjølv må du rekne med å måtte vente ei stund før du kan køyre heim. Kor lenge dropane påverkar synet kan variera frå person til person.  

Eg har ikkje fått ny brilleseddel 
Dersom brilleseddelen er nyare enn 1 år kan den skrivast ut og sendas til deg. Dersom brilleseddelen er eldre enn 1 år og du ventar på time, kan barn over ti år gå til optikar. Ein treng ikkje augelegetime.

Har barn rett på reservebriller?  
Barn har ikkje rett på reservebriller, men vi anbefaler å ta vare på dei gamle briller når du får nye.

Kvifor får ikkje barn dekning for briller? 
Det er strenge krav for refusjon. Barnet må sjå dårligare enn +/-5 og ha skjeling eller anna diagnose. Om legen ikkje har kryssa av for desse, får ein ikkje refusjon.

Grå stær operasjon
For å kunne få tilbod om kataraktoperasjon på sjukehuset må du ha ei tilvising. Du kan tilvisast enten frå ein privat augelege, fastlegen din eller ein optikar. Viss ein privat augelege tilvisar deg vil du bli satt opp direkte til operasjon. På operasjonsdagen skal du møte i 2.etasje på sjukehuset på dagkirurgisk avdeling. Før operasjonen må du hugse å bestille 1 dagskontroll sjå augelegen som har tilvist deg. Om tilvisinga kjem frå ein optikar eller frå fastlegen din vil du få ein time hos augelege på sjukehuset før du blir satt opp til operasjon. Dagen etter operasjon vil du få 1 dagskontroll på augepoliklinikken.

Før du skal opererast skal du drypp auga dine med to ulike dropar. Du skal drypp med Spersadex med kloramfenikol 5 gonger om dagen og Nevanac 3 gonger dagleg. Dette skal du gjere 2 dagar før operasjonen og i 3 veker etter operasjonen. Før første operasjonen drypp du begge auga. Før andre operasjon drypp du bare det auge som ikkje er operert. Du treng ikkje drypp auga same dag som du skal til operasjon. Du skal ikkje bruke augedroper som inneheld pilokarpin på morgonen operasjonsdagen. Det er augelege på sjukehuset som skriv ut resept på augedropene.

Vi opererar kunn eit auge om gongen med ca 2 vekers mellomrom. Det er for å gjere det tryggast mogleg for pasienten dersom det skulle oppstå komplikasjonar.

Sjølve operasjonen tar ca 30 minutt men du vere på sjukehuset i 2-3 timar. Før du får reise heim vil du få meir informasjon om blant anna korleis du skal drypp augene dei neste vekene.

Du skal byrje å drypp det opererte auge 3 timar etter operasjonen. Når du drypp med ulike dropar er det lurt å gjere det med 10 minutt mellomrom slik at du ikkje skylje vekk den første dropen.

Etter operasjon får du eit skjold over auge. Det er viktig at du brukar skjoldet om natta den første veka etter operasjonen. Dette for å unngå å røre ved auga når du søv. Dette blir festa med tape eller plaster. Du bør unngå tunge løft den første tida etter operasjonen. Du skal unngå å få vatn og såpa i det nyopererte auga i 2 veker. Du kan i denne perioden bruke handdusj og dusje frå halsen og ned.


Øyre-nase-hals poliklinikk

Har du blødning etter fjerning av mandler – ring 113

Spørsmål om høyreapparatet 
Dersom det er noko gale med høyreapparatet ditt kan du levera det inn i skranken ved øyre-nase-hals.  Ein audiograf vil i løpet av dei neste dagane sjå om dei kan ordne det. Audiografen vil ringe deg når reparasjonen er utført. Dette kan ta opp mot ei veke. Du kan hente høyreapparatet i skranken kor du leverte det inn. Nokre gonger må apparatet vidaresendast til leverandør for reperasjon. Audiografen vil informere deg dersom apparatet blir sendt vidare. Då vil det ta mellom 2-4 veker før du får høyreapparatet tilbake. Det vil bli sendt heim til deg posten.

Spørsmål om undersøkingar
Dersom du skal ha operasjoner i narkose tar vi kontakt mede deg  Vi kontaktar deg nokre dagar før operasjon for å gi deg meir informasjon.

I linken under kan du lese meir om narkose hos barn som skal inn til operasjon på øyre-nase-hals avdelinga. 

Skeiv naseskillevegg (Septum)

Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil
sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret kvelden før eller på morgonen før operasjonen. Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk under operasjonen. Du kan ha briller og høyreapparat på deg. Du kan ikkje køyre bil sjøl etter operasjonen.

Det er vanleg å føle seg litt tett i nasen de første dagane etter operasjonen. Du skal ikkje trene elle løfte tungt dei første 2 vekene. Etter 2 veker kan du gradvis auke treninga. Det anbefalast ikke å drive kontaktidrett dei første 6 veker etter operasjonen. 

Du bør ikkje snyte deg dei første 10 dagane etter operasjonen eller bruke nasespray den første månaden. Det kan gjere at du byrja blø i nasen. 

Vanleg sjukmeldingstid er 7 dagar. 

Les meir om skeiv nase operasjon

Hol i trommehinna (Myringoplastikk) 
Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande.Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret kvelden før eller på morgonen før operasjonen. Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk under operasjonen. Du kan ha briller og høyreapparat på deg. Du kan ikkje køyre bil sjøl etter operasjonen. 

Det kan gjere litt vondt rundt operasjonssåret og bandasjen det første døgnet. Bandasjen rundt hovudet skal du sjølv fjerne dagen etter operasjonen. Ein vil ofte ha litt dårlegare høyrsle etter operasjonen. Det vil bli betre dei neste 6-8 vekene. Bandasjen i øyregangen fjernast etter ca 10 dagar. 

Vanleg sjukmeldingtid er 3-4 veker men det kan variere ut frå kva for eit yrke du har. Barn kan gå på skulen eller i barnehagen etter nokre dagar. Dei vil bli fritatt frå gymnastikk i minst 4 veker. 


Tannbehandling
Tannbehandling blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før behandling.

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret kvelden før eller på morgonen før operasjonen. Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk under operasjonen. Du kan ha briller og høyreapparat på deg.  

Du kan ikke køyre bil sjølv og  må ha følge med deg heim. Ein vaksen person må vere med deg første kvelden og natten etter operasjonen. Viss du har tilleggssjukdomar eller det har oppstått komplikasjonar etter operasjon kan du bli lag inn på sjukehuset til neste dag. 

Vanlegvis kan du ete og drikke som normalt nokre timar etter behandlingen. 

Vidare kontroll og oppfølging avtalast med eigen tannlege. 


Biholeoperasjon
Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Du kan ha litt vondt over nasen og pannen etter operasjonnen. Det kan vere lurt å kjøle ned nasen den første kvelden. Etter at tampongane er blitt fjerna skal du skylje nasen med saltvatn 3-4gonger til dagen. Det er viktig at du ikkje snyt deg. 

Du skal ikkje trene eller løfte tungt dei første 14 dagane etter operasjonen. Vanleg sjukmeldingstid er 10 dagar. 


Dren  ( ventilasjonsrøyr)
Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Det er viktig at barnet dusjar og vasker håret kvelden før eller på morgonen før operasjonen. 

Barnet vil vanlegvis være på oppvakningsrommet i 2 timer etter operasjonen.  

Det er viktig at øyra haldast tørt den første veka etter operasjonen. Barnet kan vanlegvis gå i barnehagen eller på skulen dagen etter. Dei første 2 veken tar ein kontakt med sjukehuset dersom det skulle vere problemer med øyrene. Går det lengre tid tar ein kontakt med fastlegen. 

Halsmandlar (Tonsillektomi)
Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Det er viktig å drikke ofte. Et gjerne is, det virkar smertelindrande. Ikkje et mat med skarpe kantar ( knekkebrød, brødskorper, nøtter) eller varm mat og drikke den første veka. 

Du skal ikkje trene eller lyfte tunge dei første 2 vekene etter operasjonen. Det anbefalast at barn er borte frå barnehage og skule i 10 dagar etter operasjonen. Ein bør ha fritåk fra gym i 2 veker. Foreldre har krav på pleiepenger desse 10 dagane, samt operasjonsdagen. Sjukmeldingstida for vaksen er vanlegvis mellom 1-2 veker.  

Dei 2 første vekene etter at ein fjernar mandlar kan det oppstå blødning. Dette er sjeldent men kan vere alvorleg. Om det skjer skal ein ringe 113. 


Redusere halsmandlar (tonsillotomi)
Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Det er viktig å drikke ofte. Et gjerne is, det virkar smertelindrande. Unngå mat med skarpe kantar ( knekkebrød, brødskorper, nøtter) eller varm mat og drikke den første veka. 

Du skal ikkje trene eller løfte tungt dei første 2 vekene etter operasjonen. Vanleg sjukmeldingstid frå jobb er 1-2 veker. Barn kan gå i barnehage eller på skulen etter 3 dagar, men ein anbefalar leik med tilsyn av vaksne dei første 1-2 vekene. Foreldre har krav på pleiepenger i 3 dagar pluss operasjonsdagen. 

Dei 2 første vekene etter at ein fjernar mandlar kan det oppstå blødning. Dette er sjeldent men kan vere alvorleg. Om det skjer skal ein ringe 113. 


Falske mandlar
Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande. Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Barnet vil vanlegvis være på oppvakningsrommet i 2 timer etter operasjonen. Dei kan ete og drikke same dag etter operasjonen. Unngå for hard og varm mat dei første 3-4 dagane. Barnet kan gå i barnehagen eller på skulen etter 3 dagar. Foreldre til barn som må vere heime med barnet må bruka eigenmelding for sjukt barn.

Det er vanleg med spor av blod i spytt eller snørr.


Utståande øyrer (aurikkelplastikk)
I det offentlege helsevesenet er det kun barn og unge opp til 18 år som kan bli vurdert for operasjon av utståande øyrer. Personar over 18 år som ønsker slik operasjon må oppsøke private klinikkar og får ikkje dette dekka av det offentlege.

Operasjonen blir utført i narkose og du må derfor møte fastande.Det vil sei at du ikkje kan ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen. Unngå røyk og snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Etter operasjonen er det viktig at bandasjen holdes tørr.  Vanleg fråverstid frå skulen eller barnehagen er 1 veke. Foreldre til barn som må vere heime med barnet må bruka eigenmelding for sjukt barn. 

Øyrene vil sjå litt raudlilla ut ei stund etter inngrepet. Det forsvinn etter nokre veker. Sting fjernast etter 8-10 dagar.






Fann du det du leita etter?