Medarbeidar på Stord sjukehus har fått påvist covid-19

Søndag ettermiddag har 18 fått svar på koronatest. Alle testa negativt.

anne-beth-njærheim1.JPG

  Ein medarbeidar fekk fredag kveld positivt svar på koronatest og vi samarbeider med Stord kommune om smittesporing. Vi har som følgje av dette sett 24 medarbeidarar og to pasientar i karantene, opplyser klinikkdirektør Anne Beth Njærheim (biletet) ved Stord sjukehus. 

– Smittesporinga pågår enno, i tett samarbeid med kommunen, og vi testar no alle medarbeidarar og pasientar som har vore i nærkontakt med den smitta, seier Njærheim.

Søndag ettermiddag var det komme svar på 18 av testane. Alle var negative. Fire ventar framleis på svar, medan to medarbeidarar blir testa måndag.

Ho seier pasientar og besøkande som har vore på sjukehuset denne veka ikkje sjølv skal ta kontakt med sjukehuset eller kommunen, men at smittesporingsteamet ringjer dei som er definerte som nærkontaktar av den aktuelle medarbeidaren.

Søndag morgon hadde det framleis ikkje komme svar på dei testa medarbeidarane.


Har følgt retningslinjene

Njærheim fortel at medarbeidaren har følgt retningslinene ved å teste seg så snart vedkomande blei merksam på symptoma.

Personar som får covid-19 kan vere smitteførande i opptil 48 timar før symptom oppstår.

  – Personen kan derfor ha vore smitteførande medan vedkomande var på jobb, seier Njærheim.

Medarbeidarane som kan ha vore nærkontaktar med personen er difor i karantene. Ho reknar med å få testsvar for desse i løpet av helga.

- Vi har gode smittevernrutinar på sjukehuset, men førebels veit vi ikkje korleis medarbeidaren har blitt smitta, og det kan smittesporinga gje svar på, fortel Njærheim.

Klinikkdirektøren seier drifta ved sjukehuset går tilnærma som normalt, men at dei har kalla inn ekstra medarbeidarar i helga for å ta vakter for dei som er i karantene.

 

Møt opp til timen

– Pasientar som har time på sjukehuset skal møte som normalt, men sjølvsagt vere obs på eigen helsetilstand. Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene må du i staden for å møte opp til timen din ta kontakt med sjukehuset på telefon, seier Njærheim.

Stord sjukehus har på det meste hatt tre innlagte pasientar med covid-19 den siste tida, men laurdag føremiddag er det berre éin pasient som er innlagt med påvist smitte.

I tillegg er det éin pasient med covid-19 på Haugesund sjukehus.