Unikt register gir unike studiar
Med 2,6 millionar menneske i fødselsregistret, er nær halve Noregs befolkning inkludert i registerstudien frå Helse Fonna. – Noreg er unikt fordi vi har eit komplett fødselsregister som går såpass langt tilbake i tid. Få andre land i verda har det. Derfor er forskinga vår relevant internasjonalt, seier overlege og professor Bjørn Egil Vikse, som er leiar for forskingsgruppa i Helse Fonna. Han minner om at fødselsregisteret
berre inkluderer nordmenn fødde i 1967 eller seinare og at det derfor blir interessant
å følgje utviklinga etter kvart som dei eldste registrerte passerer 60 år.
Forskingsgruppa i Helse Fonna har også gjennomført ein pasientstudie for å sjå nærare på årsakssamanhengane mellom fødselsvekt og nyresjukdom. I Haugesund-studien
blei 105 menneske invitert til nøye helseundersøking og måling av nyrefunksjon.
57 av dei var oppførte med låg fødselsvekt i Norsk medisinsk fødselsregister,
medan 48 av dei var oppførte med normal fødselsvekt. Alle var i alderen 41-52 år. Studien blei leia av PhD-stipendiat og overlege Bjørn Steinar Demma Lillås.
– Vi fann at kvinner som hadde låg fødselsvekt eller veksthemming, hadde lågare nyrefunksjon og mindre nyrestorleik enn kvinner med normal fødselsvekt. Men vi fann ikkje denne samanhengen hos mennene i studien, seier Lillås.
I denne studien var ei rekke sjukdomar oppført som eksklusjonskriterium, og deltakarane var derfor relativt friske. Lillås seier meir forsking må til for å avdekke meir
om årsakssamanhengar.
– Vi snakkar gjerne om at fleire uheldige forhold må til for at ein skal utvikle alvorleg nyresjukdom. Den første uheldige tilstanden kan vere å ha låg fødselsvekt. Seinare i livet kan ein få høgt blodtrykk, diabetes eller andre meir spesifikke nyresjukdomar.
I våre studiar ser vi at dei som berre har låg fødselsvekt, stort sett har normal nyrefunksjon, men at låg fødselsvekt aukar fallet i nyrefunksjon om ein får andre tilstandar som kan gi nyreskade, seier Vikse.

Barn som er fødde for tidleg eller med låg fødselsvekt, har større risiko for nyresvikt seinare i livet enn andre. Forskning frå Helse Fonna gir ny kunnskap om førebygging, oppdaging og tidleg behandling. Frå venstre PhD-stipendiat og overlege Bjørn Steinar Demma Lillås, overlege og professor Bjørn Egil Vikse og PhD-stipendiat og lege i spesialisering Anna Gjerde. Foto: Eirik Dankel
Nyrefunksjonen blir utvikla tidleg i fosterstadiet
Men kvifor er det slik at det vi veg som nyfødde har noko å seie for sjukdomsutvikling i vaksen alder?
– Dei funksjonelle einingane i nyrene våre, nefronane, blir berre danna fram til svangerskapsveke 37, og kroppen kan ikkje lage nye seinare i livet. For lite næring til livmora vil både gi låg fødselsvekt og dårleg utvikling av nyrene, forklarar Anna Gjerde.
Dette er éi av forklaringane på kvifor samanhengen mellom fødselsvekt og nyresjukdom er så tydeleg. Dersom ein er fødd for tidleg, vil nyrene ikkje ha rekt å danne like mange nefronar som eit fullborent eller større barn. Har ein få nefronar, kan nyrene
kompensere med å jobbe hardare.
– Nyrene kan ha god nok funksjon med færre nefronar enn normalt, men ein er meir sårbar. Viss ein får nyresjukdom, vil den kunne utvikle seg raskare, forklarar Gjerde.
Kan få alvorlege konsekvensar
Forskingsgruppa i Helse Fonna ønsker å dele kunnskap slik at fleire i risikogruppa
kan oppdage begynnande nyresjukdom tidleg. Gjerde meiner vaksne med låg fødselsvekt bør ta ein prat med fastlegen sin.
– Det vil vere fornuftig å jamleg måle blodtrykket, sjekke urinen og undersøke nyrefunksjonen, seier Gjerde og legg til at nyrelegar bør spørje pasientar om fødselsvekt ved første konsultasjon.
– Konsekvensane av at nyresjukdommen får utvikle seg kan vere store. Dersom ein ikkje oppdagar nyresvikt tidleg og kan få førebyggande behandling, kan ein i verste fall bli
avhengig av dialyse og trenge nyretransplantasjon. Nyresjukdom gir også auka risiko for hjarte- og karsjukdom. Helsegevinsten av å førebygge og oppdage sjukdom
tidleg er stor, seier Gjerde.
– Nyrene er veldig lite forska på samanlikna med hjartesjukdomar, men dei har livsviktige funksjonar i kroppen. Det er stadig fleire som utviklar nyresjukdom
og nyresvikt. Det er avgjerande at vi får meir kunnskap om førebygging og behandling,
både for å sikre betre helse og livskvalitet for enkeltmenneske og fordi dialyse og transplantasjon er ei stor påkjenning og veldig kostbart for helsevesenet, seier Vikse.