Koronainformasjon

For tilsette
Helse Fonna ønsker at medarbeidarar har tilgang på informasjon frå arbeidsgivar også dersom dei ikkje har moglegheit til å lese intranett. Her samlar vi relevant informasjon om situasjonen rundt koronavirus.
Vi minnar om at du må oppsøke informasjon aktivt og halde deg oppdatert på gjeldande retningsliner og rutiner. Følg råda frå helsemyndigheitene og hald deg oppdatert på informasjon frå Folkehelseinstituttet.


Viktig informasjon på SMS - oppdater mobilnummeret ditt i MinGat

Det er viktig at du står oppført med rett mobilnummer i MinGat slik at sjukehuset kan sende viktige beskjedar til alle medarbeidarar. Oppdater derfor profilen din i MinGat.

Karantenereglar

Publisert 15.03.2020. Sist oppdatert 15.03.2020

Helse Fonna følger rådene fra Folkehelseinstituttet og ber alle ansatte som kommer fra reiser i utlandet utenom Sverige og Finland om å være hjemme fra jobb i 14 dager etter hjemkomst.

Nærkontakter til personer som har fått påvist covid-19 skal også være i hjemmekarantene i 14 dager.

Personer i karantene som utvikler forkjølelsessymptomer, skal oppholde seg i isolering fra symptomer inntrer til 7 dager etter symptomfrihet.

Rutinen gjelder også for våre studenter.

Årsaken til at dette nå er hovedregelen, er utviklingen de siste dagene, med et økt antall smittede. Hensikten er å redusere risikoen for smitte til pasienter og ansatte i helse- og omsorgstjenesten. Helse- og omsorgstjenesten er spesielt sårbar for smitteutbrudd som kan ramme utsatte pasientgrupper.

Rådet har tilbakevirkende kraft for reisende som har kommet hjem etter 27. februar 2020. De vil bli oppdatert etter hvert som smittesituasjonen endres.

Folkehelseinstituttet sine sider om koronaviruset

Rådene gjelder alle ansatte i helse- og omsorgstjenesten i hele landet.

Både ansatte i helse- og omsorgstjenesten og andre reisende som utvikler luftveissymptomer i løpet av de første 14 dagene etter hjemkomst, skal isolere seg hjemme og kontakte fastlegen på telefon. Hvis man ikke får kontakt med fastlegen, skal man ringe legevakt på telefon 116117.

Symptomer på covid-19 er feber, hoste, pustebesvær eller andre luftveissymptomer.

Oppdatert oversikt over områder med vedvarende spredning

På grunn av utviklingen globalt, vil utbruddsområdene kunne bli endret på kort varsel.

Gravide medarbeidarar

Gravide er p.t. ikkje ei av gruppene som til no er registrert å ha høgare risiko for alvorleg forløp av covid-19 i følgje Folkehelseinstituttets informasjon.Les meir på Folkehelseinstituttet sine sider:

Råd og informasjon til risikogrupper Informasjon til gravideInformasjon til helsepersonell som er gravide

Prøvetaking av tilsette

Dersom du meiner du oppfyller krava for testing, skal du ta kontakt med legevakt på telefon 116117. Helse Fonna testar ikkje eigne medarbeidarar.

Reiseråd for tilsette

Medarbeidarar i Helse Fonna skal ikkje dra på tenestereise ut av helseføretaket. Ved spesielle behov kan dette avklarast direkte med klinikkdirektør. Samlingar, konferansar og større møter er sterkt fraråda og skal vurderast nøye.

Helsepersonell har forbod mot å reise ut av Noreg, både i jobbsamanheng og privat. 

Sjå skriv frå Helsedirektoratet

Sjukemeldingar i samband med koronaviruset

Du har rett til sjukemelding viss ein lege vurderer at du må haldast isolert fordi du kan vere smitta av koronaviruset. Dette gjeld også hvis legen ikkje veit sikkert om du faktisk er smittebærar. NAV kan godta sjukemelding utan personleg undersøking når det gjeld smittsam sjukdom av betyding for folkehelsa.

NAV: Sykepenger ved fravær grunnet koronavirus

Handhygiene

Smittevern er alltid viktig i helsetenesta. Ver ekstra merksam på god handhygiene. Medarbeidarar skal ikkje handhelse eller klemme. Dette er i tråd med nasjonale anbefalingar og eitt av mange tiltak vi innfører for å redusere smitte.

Rutinar og retningsliner

Retningslinje for håndtering av pasient med mistenkt/bekreftet smitte med koronavirus (SARS-CoV-2) (eHandboka) eHandbok for Helse Fonna


Slik får du som arbeider heime laga passord til Kompetanseportalen

Leverandør har laga ei løysing som gjer at medarbeidarar som arbeidar heim og ikkje har passord til Kompetanseportalen kan få det tilsendt via SMS.  Slik gjer du:

1. Velj gløymt passord

11.jpg

2. Skriv inn mobilnummer

2.jpg

3. Nytt eingongspassord er gyldig i 15 minutt

4. Opprett nytt passord 

5. For å logge på Kompetanseportalen heime må du bruke denne lenkja https://hv.dossier.no/profile/app/#/login/1/nb-NO

6. Du kan også last ned Kompetanseportalen som eigen app (Dossier Helse) på nettbrett eller PC

3.jpg

7. Dersom du ikkje mottar SMS, må du gå inn i Samlepunktet og aktivere nummeret ditt på følgande måte;

  • Opne Samlepunktet
  • Trykk på namnet ditt oppe i høyre hjørne
  • Kryss av i boks like til høgre for mobilnummeret ditt: synleg for andre.

 

Slik kan du logge på læringsportalen på PC heime

Ønsker du å logge deg på frå privat pc, må du logge deg på med brukernavn og passord for å få kursene registrert på deg. Det er viktig at du kjenner til ditt passord. Du må derfor laga deg eit passord i Læringsportalen når du er på jobb/er pålogget slik at du kan gjennomføre kursene heimefrå etterpå.


Videoopplæring i sentrale funksjonar i MEONA og DIPS

I lenkja over finn du videoopplæring i sentrale funksjoner i MEONA og DIPS for sjukepleiarar/helsefagarbeidar (denne lenken virker både internt i helsenett og på internett).

Film i MEONA for leger er under utarbeidelse og kommer fortløpende på siden. Hensikten er at helsepersonell skal få en rask innføring i systemene for å kunne registrere og dokumentere informasjon i pasienten sin elektroniske pasientjournal (EPJ). 

Helse Vest IKT har betra heimekontorløysinga og Skype i Helse Vest


Helse Vest IKT har arbeidd på spreng for å betre heimekontorløysinga og Skype til helseføretaka. Med mangedobla trafikk på heimekontorfronten har det vore eit trykk utan like. 

Etter at koronaviruset spreidde seg i Noreg måtte mange tilsette i landet endre på arbeidssituasjonen sin, og arbeide heimanfrå. Talet på tilsette som arbeidde heime i Helse Vest gjekk plutseleg i vêret, og Helse Vest IKT såg seg naud til å auke kapasiteten på heimekontorløysinga og Skype.

– No har vi akkurat gått gjennom ei stor oppgradering av vår ytre brannmur. I tillegg har vi forbetra heimekontoløysinga ved å leggje til ni serverar og Skype med to nye serverar, fortel leiar for Tenesteproduksjon i Helse Vest IKT Harald Flaten. 

Betre rusta for heimekontor og uønskt trafikk 
Oppgraderinga har gjort at Helse Vest IKT har nye sikkerheitsmekanismar som gjer dei mykje betre rusta til å stoppe uønskt trafikk i Helse Vest. 

Brannmuroppgraderinga og dei ekstra serverane har ikkje minst auka kapasiteten til internettet betrakteleg, og er no fem gonger så høg som før. I tillegg har heimekontorløysinga fått eit kraftig løft og Skype har fått betra kapasiteten sin.

– Før hadde vi rundt 200 menneske på heimekontor kvar dag i Helse Vest. No er det meir enn 2600 PCar som er pålogga heimanfrå. Trafikken har med andre ord auka enormt, fortel seksjonsleiar på Datakommunikasjon Andreas Espelid. 

Lurer du på korleis du logger deg på?
For at heimekontorløysinga skal fungere for alle som no sit heime og arbeider, er Helse Vest IKT avhengig av at trafikken fordeler seg jamt utover alle desse serverane.

– I praksis betyr dette at tilsette må forsøke ei anna oppkopling enn den du er på, om ikkje du kjem inn på nettet, avsluttar Flaten.

Er du usikker på korleis du loggar deg på når du sit på heimekontor? Sjå Helse Vest IKT si side for heimekontoroppkopling for meir informasjon og detaljert rettleiing for oppkopling på heimekontor.

Kompetanseplan i smittevern for tilsette i klinikk for psykisk helsevern


Valen sjukehus har i fobindelse med koronaviruset laga ein kompetanseplan i klinikk for psykisk helsevern for «Smittevern COVID 19». Alt personale som har klinisk arbeid skal gjennomføre den (lege-sykepleier-helsefagarbeider/ hjelpepleier-assistent/pleiemedhjelper.)

Følgjande e-læringskurs er lagt inn i kompetanseplanen:

  1. Pandemiopplæring: Smittevernsforelesning (ca. 22 min.)

  2. Smittevern: Basale smittevernsrutiner (ca. 25.min)

  3. Smittevern: Håndhygiene ( ca. 30 min.) Denne ligg i dag som pålagt kurs for jevnlig gjennomgang

  4. Smittevern: Isolering i sykehus (ca. 7-10 min.)

  5. Smittevern: Isolering (ca. 30 min.)

  6. Smittevern: Teknisk desinfeksjon (ca. 10-15 min.)

  7. Smittevern: Isolering-beskyttelsesutstyr COVID-19 (ca. 15 min.)

Alle kurs ligg lett tilgjengeleg i Læringsportalen. Er du pålogga frå eit eksternt nettverk, eller heimenett bruk denne lenka: https://hv.dossier.no/profile/start?empId=355316


Stressmeistring - ei øving i å meistre ubehag

Vi har spurt psykiater og ekspert i stressmeistring Bjarte Stubhaug om å dele gode råd med oss som jobbar i Helse Fonna. I denne filmen får du lære ei øving i å meistre ubehag.