Jobbar du i Helse Fonna og har vore på ferie i utlandet? Dette gjeld for våre medarbeidarar

Medarbeidarar som har vore på reise utanlands må ta kontakt med næraste leiar før dei kjem tilbake på jobb. Om du skal testast eller i karantene avhenger av kvar du har vore. 

Reglane for deg som er tilsett i eit helseføretak i Noreg

  • Har du vore i land med lav smitterisiko («grøne» land) skal du testas om skal tilbake på jobb innan ti dagar. Fram til resultat av test føreligg, skal du bruke munnbind eller unngå pasientnært arbeid.
  • Har du vore eller planlegg besøk til land med høgare smitterisiko («røde» land) skal du ha karantene i ti dagar når du kjem heim. Det kan også vere aktuelt om landet du besøker har endra status frå «grøn til rød» i løpet av reise.

For å gjere reiser til «rød» land bør det vere ein god grunn for dette. Snakk med din leiar på førehand.

Generelt reiser innanlands og utanlands

Om du får luftvegssymptom etter ei reise, skal du teste deg for Sars-CoV-2 og halde deg heime til du er symptomfri, også ved milde symptom eller vag mistanke om smitte.

Dette er reiseråda i Noreg

Generell oppfordring er å tenke deg godt om før du reiser – er denne reisa naudsynt? Sett deg også inn i reglar og restriksjonar for det aktuelle landet før du reiser.

Sjå eiga sak om reiseregler og gode råd

Utenriksdepartementet fraråder alle reiser som ikke er strengt nødvendige til alle land. Det er nokre unntak til land som oppfyller smittekrava.

Sjå informasjon hos Utenriksdepartementet

For nokre land er det unntak i karanteneplikt – sjå oversikt over «grønne land» hos FHI.

Ta kvikktesten

Bruk dette skjema for å ta ei rask vurdering om du er usikker på smitte