Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann i hvit frakk

LIS i medisin

Som lege i spesialisering hos oss lærer du utruleg mykje fordi du får høve til å gjera så mykje forskjellig. Det er berre starten.

Publisert 26.02.2025

Vi støttar deg

Vi treng gode kollegaer og pasientane treng god behandling. Saman fiksar vi det.

Når du startar hos oss, har vi eit eige introduksjonsprogram til deg. Ei eiga fadderordning gjer at du får den beste oppstart i spesialiseringa di.

Du får raskt ansvar, og med det følgjer også god rettleiing. Eit nært samarbeid mellom LIS og overlege er viktig for oss. Skal du for eksempel arbeide i det flotte nye  akuttmottaket vårt, vil du ikkje vere åleine.

Vi håpar at du tenkjer det same.  

Arbeidsmiljøvinnarar

Vi har stor forståing for at du ikkje kan alt, og at du er ny. Difor gjer vi takhøgda stor og set pris på drøfting og diskusjonar.

Vi har ein stabil overlegestab som er klare til å hjelpe deg vidare i spesialiseringa di.

Som du skjønar er eit godt arbeidsmiljø viktig for oss i Medisinsk avdeling, veldig viktig, faktisk.

(Dessutan er vi ganske rå på løn, berre sjekk.)

Vinnarar også utanfor sjukehuset

Sjukehuset ligg midt i byen, og like nært til alt anna.

Vel du Haugesund, vel du også litt mindre praktiske problem enn i større byar. Vi bur i ein by, men bustadproblem, mange timar med pendling og lang avstand til fantastiske naturopplevevingar er ikkje del av kvardagen vår.

Dessutan har vi eit skikkeleg bra LIS-miljø. Både på jobb og utanfor. Det veit vi er viktig, iallefall når du kjem til oss frå ein annan stad.