Sikra sommarjobb: Legestudent Christine Skare (23) byrja som pleieassistent i juleferien, og er alt sikra ein månads sommarjobb. Minst. I tillegg jobbar ho i helgar og i feriar. Foto: Privat
- Jobben gir meg verdifull erfaring. Sjølv om eg ikkje får jobba som vikarlege før i fjerde studieåret, får eg nyttig erfaring i jobben som pleieassistent på sengeposten hemato/endo/infeksjon. Det er mykje ein ikkje kan lese seg til i ei bok, slik som å ha kontakt med pasientar, fortel Christine Skare, som kjem frå Utsira.
Jobbe som ferievikar? Sjå ledige jobbar
Skryt til medstudentaneHo starta å jobba i jula, og har alt no fått tilbod om ein månads jobbing til sommaren. I tillegg jobbar ho både i helger og feriar. Meir eller mindre når ho sjølv kan og vil.
- Eg har ein såkalla nullprosentavtale, som vil seie at eg tek kontakt når eg kan jobbe, og så får eg jobbe dersom det er behov for meg. Og det er det stort sett alltid, fortel ein strålande nøgd 23-åring, som ikkje ser bort frå at ho endar opp på Haugesund sjukehus den dagen ho er ferdig utdanna.
- Eg stortrivst her, og eg fortel om kor kjekt eg har det til mine medstudentar. Eg veit jo ikkje kvar eg er i verda om nokre år, men eg likar meg overraskande godt på Haugesund sjukehus, og kan godt tenkje meg å jobbe der i framtida, fortel førsteårsstudenten, som også har eitt år på sjukepleistudiet før ho byrja på legestudiet.
- Det har vore ein stor fordel i denne jobben. Det har gjeve meg nyttig erfaring, fortel ho.
Meir jobbing grunna korona
No er Christine Skare tilbake att i Bergen, etter å ha vore mykje heime i januar.
- Vi skulle eigentleg ha ei veke praksis, som vart avlyst grunna korona. Og så har vi hatt mykje heimeundervisning. Difor har eg jobba ekstra mykje i januar, men no er det fullt kjør på studiet att, så difor siktar eg meg inn mot påsken og sommarferien. Det å ha ein fot innanfor på sjukehuset er gull verd, og gir meg ein stor fordel vidare, meiner Christine Skare.
Jobbe som ferievikar? Sjå ledige jobbar