Ingen fleire positive testar

Så langt har ingen fleire medarbeidarar ved Stord sjukehus fått påvist covid-19.

Stord sjukehus september  (2).JPG

Fredag kveld fekk ein medarbeidar på Stord sjukehus positivt svar på koronatest, og måndag morgon er 25 medarbeidarar og éin pasient i karantene.

Alle nærkontaktar har testa seg, og fårr negativt svar på koronatestane. Det er heller ingen som har meldt om symptom.

- Vi er sjølvsagt glade for at alle testane er negative, men dei skal framleis vere i karantene ut veka, og difor har det vore ein kabal å få alle vaktene fylt opp. Men det har vore lagt ned ein kjempeinnsats i helga, og også utover i veka ser det ut til at vi skal klare å halde oppe bemanninga. Mange har stilt opp ekstra, noko eg er takksam for, seier klinikkdirektør Somatikk Stord, Anne Beth Njærheim.

Drifta går tilnærma som normalt.

- Det er litt redusert aktivitet på poliklinikkane, og nokre kirurgiske inngrep er utsett, elles går alt som normalt, forklarar Njærheim.

Måndag morgon kom det ei gladmelding til frå Stord sjukehus, som har hatt mange pasientar med covid-19 siste vekene. Søndag vart den siste av desse utskriven, og måndag er det for første gong sidan 27. desember ingen innlagde koronapasientar på Stord sjukehus.

I Helse Fonna er det no éin pasient med covid-19, på Haugesund sjukehus.