Helse Fonna vil ha minst mogeleg besøk

Helse Fonna har i fleire månader hatt restriksjonar for besøk. Men det er ikkje alle som følgjer reglane.

Blant anna er det berre opna for éin pårørande per pasient. Men somme gonger dukkar fleire opp. Helse Fonna oppmodar besøkjande om å respektere besøksreglane – slik at ein slepp å gå tilbake til slik det var i fjor vår, då alle landets sjukehus var stengde for besøk.

- Smittesituasjonen lokalt her på Haugalandet gjer at vi må vere ekstra varsame og passe på at det ikkje kjem smitte inn på sjukehuset. Då må vi ha færrast mogeleg folk inne på sjukehuset, og vi ber om at publikum respekterer besøksreglane, seier klinikkdirektør John Conrad Brandsø i Medisinsk klinikk. Han understrekar at reglane er til for at sjukehuset skal vere trygt for pasientar, pårørande og tilsette.

john-conrad-brandsø-foto-stina-steingildra-2-medium.jpg

Bekymra: Klinikkdirektør John Conrad Brandsø er uroa over smitteutviklinga på Haugalandet, og han håpar på færre besøkjande på sjukehusa. Foto: Stina Steingildra


Besøksreglane gjeld for alle sjukehusa i Helse Fonna.

Denne veka kom sju kommunar i Nord-Rogaland med lokale smitteverntiltak, grunna aukande smitte i Haugesund og Karmøy. Her er det ei generell oppmoding til folk om å avgrensa talet på sosiale kontaktar, og halde god avstand til kvarandre.

- Dette er reglar som gjeld også på sjukehuset, presiserer Brandsø.

Pågangen av besøkjande er til tider så stor at det er kø langt utover inngangsdøra. Helse Fonna ber difor pårørande om å vurdere i kva grad besøk er naudsynt.

Pasientar som ligg inne i kort tid, gjerne berre eit døgn eller to, eller har mindre alvorlege og avklarte diagnosar, er døme på pasientar som ein kanskje ikkje bør besøkje i dagens situasjon.

Med nødvendig besøk meiner ein besøk til alvorleg og kritisk sjuke pasientar, pasientar i siste fase av livet, pasientar som er innlagt over tid, og der besøk er viktig for behandling og/eller livskvalitet, og besøk til barn og ungdom.

 

vestibyle - køordnar - korona.jpg

Stor pågang: Alle som kjem på besøk må registrere seg og får utdelt munnbind når dei kjem. Men til tider kjem det altfor mange som vil besøkje pasientar. Helse Fonna ber no folk om å tenkje seg om ein ekstra gong før dei kjem til sjukehusa. Foto: Magne Kydland

Her er dei viktigaste besøksreglane i Helse Fonna:

* Vurder nøye om besøk er nødvendig. Vi ønskjer færrast mogleg besøkande på sjukehuset.

* Besøkstid er mellom klokka 16.00 og 17.30 alle dagar.

* Det er berre tillate med éin besøkjande per pasient.

* Er pasienten på einerom, kan besøket vara inntil éin time.

* På fleirsengsrom kan ein berre vere på besøk i opptil ein halv time.