Helse Fonna går til grøn beredskap

Auke i smitte og høgt press på mange avdelingar gjer at Helse Fonna no går til grøn beredskap. Pasientane blir oppmoda om å møte til timen sin.

Beredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok i dag å gå over til grøn beredskap. Det betyr at helseføretaket førebur seg på auke i talet på pasientar med covid-19 dei komande dagane og vekene, og set i verk tiltak.

korona-illustrasjon-FotoEirikDankel.jpg

Helse Fonna var i ulike nivå av beredskap frå pandemien starta til 11. juni i år. No går ein altså tilbake i beredskap.

– Det er fleire årsaker til dette. Aukande smitte i lokalsamfunnet, fråvere blant personale og stort press på enkelte avdelingar, særleg akuttmottak, medisinske sengepostar og barneavdelinga, gjer at vi no aukar beredskapen, opplyser administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

I første omgang handlar det om mindre bygningsmessige tilpassingar og kartlegging av tilgjengelege personell, slik at føretaket er i stand til å behandle fleire pasientar.

 

Tredje koronarelaterte d​ødsfall

Fredag ligg det inne 6 pasientar med påvist covid-19 i Helse Fonna. 5 av desse ligg på Haugesund sjukehus, og 1 på Stord sjukehus. Ein av pasientane i Haugesund får intensivbehandling.

Denne veka døydde ein pasient med covid-19 på Haugesund sjukehus. Dette er det tredje koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta.

 

Til​sett på Stord sjukehus smitta med koronavirus

Ein medarbeidar ved Stord sjukehus fekk torsdag påvist smitte av koronavirus. Smittesporing blant pasientar og tilsette er avslutta. Det er så langt ikkje meldt om fleire smittetilfelle som følgje av dette.

–  Vedkomande medarbeidar hadde vore på jobb i løpet av dei siste 48 timane før testen blei tatt, og kan derfor ha vore smitteførande på jobb. Vi har følgt gjeldande rutinar og ringt til dei pasientane som medarbeidaren har vore i kontakt med. Vi opplyser til dei at det er låg terskel for å teste seg, anten dei har fått symptom eller ikkje, seier Klausen.

 

Møt opp til timen

Klausen oppmodar alle som har time på sjukehusa om å møte som normalt, men følgje gjeldande rutinar om å ta kontakt før timen dersom ein mistenker at ein kan vere smitta.

Helse Fonna har denne veka bede folk om å unngå besøk til innlagte pasientar med mindre det er nødvendig. Dette er for å redusere risikoen for smitte i sjukehusa.​​


Utskrivingsklare pasientar​

Det ligg fleire utskrivingsklare pasientar på sjukehusa i føretaket. Klausen oppmodar kommunane i opptaksområdet om å ta imot flest mogleg av desse for å redusere overbelegg og korridorpasientar på sjukehusa.​