Ambulansetenesta i Helse Fonna har mange flotte og dedikerte medarbeidarar, som er stolte av jobben sin. Ein av dei er Jarle Larsen, som jobbar på ambulansestasjonen på Husnes. I samband med internundervisning for ambulansepersonell i heile Sunnhordland, laga Larsen ein film som viser kvardagen på ambulansestasjonen på Husnes, i tillegg til litt om ambulansebåten og redning ute i terrenget (biletet).

- Vi har fått mange gåver frå Sparebank1-stiftinga, som er brukt til blant anna ATV, ein drone og mykje anna utstyr. Så dronen er mellom anna brukt til å lage filmen, fortel stasjonssjef Frode Nygård.
Jarle Larsen har alle dei naudsynte sertifikata for å fly drone, og har fått mange positive tilbakemeldingar på filmen.
- Ja, mange har sett filmen, og det er kjekt å vise fram for omverda kva vi held på med. For vi gjer mykje anna enn berre «vanlege» utrykkingsoppdrag, fortel Larsen.
Den lange versjonen, som vart laga til internt bruk, nærmar seg 2000 avspelingar på Youtube etter ein dryg månad. Filmen, som er på om lag 13 min, kan du sjå her.
I tillegg er det no laga ein redigert versjon på om lag 2,40 minutt, og den kan du sjå her.
Eller så kan du sjå eit redigert utdrag frå ambulansebåten «Rosedoktoren» her.
