Har framleis korona-etterslep

Helse Fonna jobbar for å redusere ventelister og fristbrot etter at koronapandemien slo inn over landet i vår. Men køen blir mindre for kvar månad som går.

Dette kom fram i direktøren sin gjennomgang av drifta for oktober på dagens styremøte. Sjølv om aktiviteten har vore høg, så er det framleis utfordringar med å ta att det tapte frå i vår.

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 59 dagar, kravet er ventetid på under 50 dagar innan utgangen av 2021. Lengst ventetid er det i somatikken (62 dagar), medan ein innan psykisk helsevern for vaksne, rusbehandling og BUP-feltet ligg godt innafor kravet.

Det er gjort ein stor innsats for å halde oppe aktiviteten i haust, og ventetida er på veg ned månad for månad. I september var ventetida for alle behandla pasientar 64 dagar.

644 pasientar på ventelistene har ikkje fått time innan fristen som er sett.

- Utfordringa er størst i Medisinsk klinikk og klinikk somatikk på Stord. I tillegg er det mange fristbrot på øyre/nase/hals-avdelinga ved Kirurgisk klinikk i Haugesund. Her har det vore redusert aktivitet fordi avdelinga har vore nytta til pandemimottak. Avdelinga er no i full drift, og jobbar for å hente inn etterslepet. På Stord sjukehus har det vore ein auke i fristbrot på fordøyelsessjukdommar og hjarte. Dette skuldast mangel på legeressursar, kjem det fram av adm. dir. Olav Klausen si oppsummering.

Det er også Medisinsk klinikk som hadde flest korridorpasientar, totalt 222, alle desse var ved vaksenavdelingar på Haugesund sjukehus.

Styret uttrykte at dei er nøgde med drifta, både økonomisk og kvalitetsmessig, men at ein framleis må jobbe med å få opp aktiviteten innan dagbehandling.

 

Vedtok budsjettet

Styret vedtok også budsjettet for 2021, med eit positivt resultat på 14 millionar kroner, av eit totalbudsjett på 3,6 milliardar kroner. For å klare dette må Helse Fonna jobbe med kostnadsreduserande tiltak.

- Enkelte kostnadar, som til dømes legemidlar og IKT, vil auke meir enn prisveksten skulle tilseie. Med den pågåande pandemien og innflytting i nytt bygg i 2021, vil det vere naudsynt å tilpasse drifta undervegs, og samstundes arbeide med realisering av gevinstar med ByggHaugesund2020 og IKT-prosjekt, heiter det i budsjettsaka. Det blir også vist til fleire moglege utfordringar i året som kjem. Blant anna har det sidan 2017 vore høgare vekst i personalkostnad innan somatikken enn i den inntektsgivande aktiviteten.

- Med pandemien har gapet mellom personalkostnader og inntektsgivande aktivitet blitt endå større. Dette vil kunne gje utfordringar etter pandemien, dersom ekstra midlar blir fjerna for raskt medan føretaket sitt kostnadsnivå fortsatt ligg høgare enn dei normaliserte rammene tillèt. Aktiviteten innan somatikk har gått markant ned i 2020. Det er knytt usikkerheit til kor stor aktiviteten vil bli neste år, og kor mykje den auka aktiviteten vil koste, heiter det i budsjettutgreiinga.

Eit samrøystes styre vedtok budsjettet, som aldri før har vore vedteke så tidleg som i år. Budsjettet vil bli oppdatert i januar, i samsvar med endelege løyvingar frå Helsedepartementet og Helse Vest.

- Budsjettforslaget er grundig bearbeidd og dokumentert, og særleg er detaljar om tiltak for å redusere kostnader gode. Covid 19 fører framleis til stor uvisse, og vi kan risikere uføreseieleg økonomi også i 2021. Ein eventuell reserve bør difor setjast av for å ta høgde for ekstra utgifter som måtte komme, seier styreleiar Per Bjørn Habbestad.

 

Grønt sjukehus

I 2011 sette Helse- og omsorgsdepartementet krav om at alle helseføretaka skulle miljøsertifiserast. Grønt sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt svar på miljø- og klimautfordringa. I mars 2016 fekk Helse Fonna tildelt sertifikatet. Dei overordna miljømåla er å redusere føretaket sine CO2-utslepp, førebyggje utslepp gjennom avløp, miljøbevisste medarbeidarar og auke av kjeldesortert avfall.

På nyåret skal Helse Fonna revidere sine miljømål for perioden 2021-2023. Føretaket vil vurdere tiltak for å erstatte forbruksmateriell som er naudsynt i pasientbehandlinga med meir miljøvennlege produkt. Klinikk for psykisk helsevern har til dømes bytta ut medisinbeger i plast med pappbeger. Det vert også jobba med tiltak for å redusere matavfallet. Erfaringar frå Covid-19 pandemien syner at bruk av videokommunikasjon har auka.

- Denne utviklinga er positiv for miljøet, og ein vil arbeida vidare for at løysinga også skal bli nytta i framtidas pasientbehandling og i samband med gjennomføring av andre møte i føretaket, heiter det i saka.

 

Gjenbruk og kjeldesortering

Avdelingsleiar Ingrid Camilla Aasbøe Heggland på Haugaland DPS og funksjonsleiar Karianne Christensen ved ungdomsenheten ved Karmøy DPS informerte styret om korleis avdelinga jobbar med dette i det daglege. Her har dei blant anna fokus på redesign og sortering av avfall.

- Vi kjøper til dømes brukte møbler og interiør, som vi sjølv pussar opp. Dette er óg ein viktig del i behandlinga. I tillegg har vi innført kjeldesortering, langt utover det som elles er vanleg i Karmøy kommune. Til dømes så er det ikkje søppelbøtter på behandlingsromma. I staden er det avfallstasjonar i fellesområdet, fortalde Christensen.

Innkjøpsavtalar og målplanar kan vere utfordrande opp imot det å tenkje miljø. Blant anna er det krav om meir ambulerande verksemd og behandling heime hjå pasientane.

- Dette går på kostnad av mål om reduksjon av CO2-utslepp. Men her prøver vi å byte ut fossilbilar med meir miljøvennlige alternativ, seier Aasbøe Heggland.

 

Pasientryggleik

Laila Østebøvik og Kristin Ingvaldsen Folven gjorde greie for korleis det vert jobba med kvalitet og pasienttryggleik, noko styret er svært opptekne av. Styreleiar Per Bjørn Habbestad og resten av styret uttrykte at dei var godt nøgde med jobben som vert gjort innanfor dette feltet.

- Dette er eit viktig fokus, og målet må vere å få ned storleiken på pasientskadeerstatning, kommenterte styreleiaren.