Frå og med neste veke aukar Helse Fonna aktiviteten att. Det har beredskapsleiinga bestemt.

Aukar aktiviteten: Helse Fonna satsar på å komme i gang att med fleire operasjonar frå og med neste veke. Foto: Eirik Dankel
– Vi aukar opp forsiktig med operasjonar, slik at vi får behandla fleire pasientar, som no sit og ventar på å komme inn for operasjon. Vi er framleis usikre på korleis dei neste vekene blir med tanke på korona, men akkurat no er det færre koronapasientar innlagd, spesielt på intensivavdelingane våre. Difor aukar vi opp no, men kan fort ta ned att drifta om det skulle vere behov for det, seier administrerande direktør Olav Klausen.
Han får støtte frå klinikkoverlege Helge Espelid i kirurgisk klinikk.
– Det er fint at vi no kan komme i gang med meir kirurgi. Først opnar vi for dagkirurgi denne veka, og satsar på å få opp att operasjonsteam frå og med neste veke. Vi prioriterer å komme i gang med pasientar som ikkje er av det tyngste slaget, men vi er også innstilte på at vi raskt må snu oss om og redusere aktiviteten, om situasjonen elles tilseier det, seier Espelid.

Nøgd: Klinikkoverlege Helge Espelid er glad for at ein no kjem i gang att med operasjonar. Foto: Eirik Dankel
Helse Fonna har hatt redusert aktivitet heilt sidan midten av november. Auka ventetid fører til fleire fristbrot, og Klausen har tidlegare beklaga sterkt dei konsekvensane dette har fått for pasientane.
– Det er viktig at vi kjem i gang med mest mogeleg planlagt behandling når det er rom for det, seier Klausen. Han rosar medarbeidarane som snur seg raskt rundt for å ta opp behandling.