Koronainformasjon

For tilsette

Helse Fonna ønsker at medarbeidarar har tilgang på informasjon frå arbeidsgivar også dersom dei ikkje har moglegheit til å lese intranett. Her samlar vi relevant informasjon om situasjonen rundt koronavirus.

​Vi minnar om at du må oppsøke informasjon aktivt og halde deg oppdatert på gjeldande retningsliner og rutiner. Følg råda frå helsemyndigheitene og hald deg oppdatert på informasjon frå Folkehelseinstituttet.

Viktig informasjon på SMS - oppdater mobilnummeret ditt i MinGat

Det er viktig at du står oppført med rett mobilnummer i MinGat slik at sjukehuset kan sende viktige beskjedar til alle medarbeidarar. Oppdater derfor profilen din i MinGat.

Karantene reglar

Publisert 15.03.2020. Sist oppdatert 26.03.2020

Helse Fonna følgjer rådene frå Folkehelseinstituttet og ber alle tilsette som kjem frå reiser i utlandet om å være heime frå jobb i 14 dager etter heimkomst.

Nærkontaktar til personar som har fått påvist covid-19 skal også være i heimekarantene i 14 dager.

Personar i karantene som utvikler forkjølelsessymptomer, skal opphalde seg i isolering fra symptomer inntrer til 7 dagar etter symptomfrihet.

Personar med akutt luftveisinfeksjon tilbys vanligvis ikkje test, heller ikkje etter reise. De skal halde seg i heimen til 1 dag etter symptomfrihet.

Rutinen gjelder også for våre studentar. 

Årsaken til at dette nå er hovudregelen, er utviklingen dei siste dagane, med eit økt tal smitta. Føremålet er å redusere risikoen for smitte til pasientar og tilsette i helse- og omsorgstenesten. Helse- og omsorgstenesten er spesielt sårbar for smitteutbrot som kan ramme utsatte pasientgruppar.

Rådet har tilbakevirkande kraft for reisande som har kommet heim etter 27. februar 2020. De vil bli oppdatert etter kvart som smittesituasjonen endras.

Folkehelseinstituttet sine sider om koronaviruset

Rådene gjelder alle tilsette i helse- og omsorgstenesten i heile landet.

Både tilsette i helse- og omsorgstjenesten og andre reisande som utviklar luftveissymptomer i løpet av dei første 14 dagene etter heimkomst, skal isolere seg heime og kontakte fastlegen på telefon. Hvis man ikke får kontakt med fastlegen, skal man ringe legevakt på telefon 116117.

Symptomer på covid-19 er feber, hoste, pustebesvær eller andre luftveissymptomar.

Oppdatert oversikt over områder med vedvarende spredning

På grunn av utviklingen globalt, vil utbruddsområdene kunne bli endret på kort varsel.

Gravide medarbeidarar

Oppdatert 27.03.2020

Det er i dag manglande kunnskap om Covid-19 kan vere meir alvorlig under graviditet. Risikovurdering av dette vil derfor i vesentlig grad vere basert på samanlikning med vist effekt av influensa og infeksjon med andre koronavirustypar.

Erfaringane etter utbrot av andre koronavirusinfeksjonar (SARS-CoV, MERS-CoV) gjev mistanke om auka risiko for komplikasjonar hos gravide.

Råd og informasjon frå Folkehelseinstituttet til helsepersonell som er gravide: 
Helsepersonell med pasientkontakt har risiko for eksponering for koronasmitte frå sjuke personar som oppsøkjer helsetenesta. Tilrådd smittevernutstyr skal brukast av alt helsepersonell ved mottak og behandling av mistenkt eller sikker covid-19-sjuk pasient.

For helsepersonell som er gravide, er det ut frå eit føre-var-prinsipp tilrådd at anna helsepersonell tar prøver av og behandlar personar med mogleg covid-19-sykdom, så langt det er råd. Tilrettelegging vert gjort i samråd med arbeidsgjevar.

For helsepersonell som er gravide, og som også har svangerskapskomplikasjonar eller kroniske sjukdomar som kan vere knytt til auka risiko for alvorleg forløp av covid-19 (sjå avsnitt om gravide og risikofaktorar ovanfor), er rådet omplassering til andre arbeidsoppgåver.

Sjukmelding er ikkje tilrådd med mindre omplassering eller tilrettelegging for heimekontor ikkje er mogleg.

Helse Fonna har i vore i dialog med Helse Bergen/Helse Førde og tilrår:
Arbeidssituasjonar der tilsette tar prøver av og behandlar pasientar med mogleg eller stadfesta covid-19-sjukdom, vil typisk vere i mottakssituasjonar før resultat ligg føre på testar, eller på avdelingar som behandlar pasientar med påvist covid-19-sykdom. Så langt råd er må arbeidet organiserast slik at gravide tilsette ikkje utfører desse oppgåvene.

Rådet til leiarar er å ha dialog med gravide tilsette for å legge til rette arbeidet ut frå eit føre-var prinsipp slik at den gravide kan vere i arbeid. BHT kan bistå med den individuelle risikovurderinga.

Informasjon til gravide

Informasjon til helsepersonell som er gravide

Medarbeidarar som tilhøyrer risikogrupper

Personellgrupper og skjerming frå aksponering for COVID-19
Helsepersonell med pasientkontakt har risiko for eksponering for koronasmitte frå sjuke pasientar som oppsøker helsetenesta.

Anbefalt smittevernutstyr skal nyttast av alt helsepersonell ved mottak og behandling av mistenkt eller sikker covid-19-sjuk pasient. For helsepersonell med risikofaktor(ar) tilrår Folkehelseinstituttet (FHI) tilrettelegging slik at anna helsepersonell utan risikofaktorar tek prøver av og behandlar personar med mogleg covid-19-sjukdom. Tilrettelegging skal gjerast i samråd med arbeidsgjevar.

Ved arbeid der pasientnært arbeid og eksponering for covid-19-sjuke pasientar ikkje kan unngåast, tilrår FHI omplassering til andre arbeidsoppgåver eller heimekontor vurdert ut frå individuell risiko. Sjukmelding er ikkje tilrådd med mindre omplassering eller tilrettelegging for heimekontor ikkje er mogeleg.  

Sjå FHI: Råd og informasjon til risikogrupper

Helse Fonna følgjer tilrådningane til FHI
Helse Fonna vil så langt råd er skjerme tilsette som tilhøyrer risikogruppene mot eksponering for covid-19 smitte, dvs. arbeide med risikopasientar og/eller i avdelingar med høg smitterisiko (kohortane).  

Ein legg ikkje opp til å kunne skjerme friske tilsette som røyker. For elles friske tilsette med velregulert diabetes (utan komplikasjonar) og velregulert høgt blodtrykk er risiko også skildra som usikker eller minimalt auka jf. normalbefolkninga. Gravide tilsette skal i størst mogleg grad skjermast mot eksponering for covid-19-smitte som eit føre-var tiltak.

I tvilstilfelle kan leiarar be om ei vurdering hjå bedriftshelsetenesta v/ bedriftslege, bedriftsjordmor eller bedriftssjukepleier.

Ved eventuell mangel på smittevernutstyr, skal tilsette i risikogruppene skjermast frå slik eksponering.

Risikogrupper:

  • Eldre tilsette > 65 år
  • Tilsette med underliggande kroniske sjukdommar: Lungesjukdommar, autoimmune sjukdommar og redusert immunforsvar, kreftsjukdom, diabetes og hjarte-kar sjukdom.
  • Gravide tilsette 

Prøvetaking av tilsette

Testing av medarbeidarar i regi av Helse Fonna etter avtale med nærmaste leiar.

Reiseråd for tilsette

Medarbeidarar i Helse Fonna skal ikkje dra på tenestereise ut av helseføretaket. Ved spesielle behov kan dette avklarast direkte med klinikkdirektør. Samlingar, konferansar og større møter er sterkt fraråda og skal vurderast nøye.

Helsepersonell har forbod mot å reise ut av Noreg, både i jobbsamanheng og privat. 

Sjå skriv frå Helsedirektoratet

Eigenmelding og sjukemelding i samband med koronaviruset

Tilsette som må være borte frå arbeid på grunn av koronasmitte, eller mistanke om slik sjukdom, har rett til sjukepengar.

Eigenmelding

  • Eigenmeldingsperiode utan krav til sjukemelding er utvida til 16 dagar. Frå dag 17 er det krav til sjukemelding. Det er ikkje lenger krav til personleg oppmøte for å få sjukemelding
  • Alle arbeidstakarar har fått dobla tal omsorgsdagar for kalenderåret 2020.
  • Det er mogleg å overføra omsorgsdagar til ein anna omsorgsperson når barnehagen eller skulen er stengt på grunn av koronasituasjonen. Les meir om kven dette gjeld og korleis ein overfører omsorgsdagar her.
  • Omsorgspengar, kjent som «sjukt born dagar», kan kun nyttast når ein i utgangspunktet skulle vore i arbeid, men grunna stengt skule/barnehage må vere heime med born under 12 år. Dersom ein nyttar egenmelding grunna sjukdom eller lovpålagt karantene kan ein ikkje nytte omsorgsdagar innimellom egenmeldingsdagar. 

Utvida tilgang til bruk av eigenmeldingar er viktig for at fastlegane og legevaktlegane må bruke kompetansen og arbeidskrafta si på å behandle pasientar, ikkje skrive sjukmeldingar.

Sjukemelding
Du har rett til sjukemelding viss ein lege vurderer at du må haldast isolert fordi du kan vere smitta av koronaviruset. Dette gjeld også hvis legen ikkje veit sikkert om du faktisk er smittebærar. NAV kan godta sjukemelding utan personleg undersøking når det gjeld smittsam sjukdom av betyding for folkehelsa. 

NAV: Sykepenger ved fravær grunnet koronavirus

Handhygiene

Smittevern er alltid viktig i helsetenesta. Ver ekstra merksam på god handhygiene. Medarbeidarar skal ikkje handhelse eller klemme. Dette er i tråd med nasjonale anbefalingar og eitt av mange tiltak vi innfører for å redusere smitte.

Rutinar og retningsliner

Retningslinje for håndtering av pasient med mistenkt/bekreftet smitte med koronavirus (SARS-CoV-2) (eHandboka) eHandbok for Helse Fonna


Slik får du som arbeider heime laga passord til Kompetanseportalen

Leverandør har laga ei løysing som gjer at medarbeidarar som arbeidar heim og ikkje har passord til Kompetanseportalen kan få det tilsendt via SMS.  Slik gjer du:

1. Velj gløymt passord

11.jpg 

2. Skriv inn mobilnummer

2.jpg 

3. Nytt eingongspassord er gyldig i 15 minutt

4. Opprett nytt passord 

5. For å logge på Kompetanseportalen heime må du bruke denne lenkja https://hv.dossier.no/profile/app/#/login/1/nb-NO

6. Du kan også last ned Kompetanseportalen som eigen app (Dossier Helse) på nettbrett eller PC

3.jpg 

7. Dersom du ikkje mottar SMS, må du gå inn i Samlepunktet og aktivere nummeret ditt på følgande måte;

  • Opne Samlepunktet
  • Trykk på namnet ditt oppe i høyre hjørne
  • Kryss av i boks like til høgre for mobilnummeret ditt: synleg for andre.

Kurs og opplæring for tilsette - Læringsportalen

Helse Fonna tilbyr ei rekke kurs og opplæring i samanheng med koronasituasjonen vi nå er i. Det er viktig at du har dialog med din næraste leiar om kva som er relevant for deg. Vi tilbyr både fysiske kurs og digitale kurs.

Tilsette kan gjennomføre kurs heimefrå via Læringsportalen uavhengig om ein er på jobb pc eller privat pc.

Ønskjer du å logge deg på frå privat pc, må du logge deg på med brukernavn og passord for å få kursene registrert på deg. Det er viktig at du kjenner til ditt passord. Du må derfor laga deg eit passord i Læringsportalen når du er på jobb/er pålogget slik at du kan gjennomføre kursene heimefrå etterpå.

Lenke til demo: https://kursbygger.ihelse.net/?startcourseid=34

Dersom du ikkje kjenner til ditt passord i Læringsportalen og ikkje har tilgang til jobb pc, må du ta kontakt med Helse Vest IKT (tlf.55976540) for å få tilsendt passord på sms.

Aktuelle kurs:

  • Smittevern: Isolering - beskyttelsesutstyr COVID-19 for alle medarbeidarar
  • Pandemiopplæring: Smittevernforelesning for sjukepleiar (kurs-ID. 5084)
  • Pandemiopplæring: Behandlingsprinsipper forelesning for legar og sjukepleiar (kurs-ID: 5087)
  • Pandemiopplæring: ABCDE-forelesning for sjukepleiar med ansvar for COVID-19 (kurs-ID: 5085)
  • Pandemiopplæring: Respirasjonsforelening for sjukepleiar med ansvar for COVID-19 (kurs-ID: 5086)
  • MEONA på skype for legar og sjukepleiar (to timars kurs). Ettersom ikkje alle har moglegheit til å delta på skype-kurs er det også utarbeida videoopplæring
  • MEONA for stab - legar
  • MEONA for stab - sjukepleiar
  • DIPS for sjukepleiar og helsedagarbeidar

Helse Vest IKT har betra heimekontorløysinga og Skype i Helse Vest

Helse Vest IKT har arbeidd på spreng for å betre heimekontorløysinga og Skype til helseføretaka. Med mangedobla trafikk på heimekontorfronten har det vore eit trykk utan like. 

Etter at koronaviruset spreidde seg i Noreg måtte mange tilsette i landet endre på arbeidssituasjonen sin, og arbeide heimanfrå. Talet på tilsette som arbeidde heime i Helse Vest gjekk plutseleg i vêret, og Helse Vest IKT såg seg naud til å auke kapasiteten på heimekontorløysinga og Skype.

– No har vi akkurat gått gjennom ei stor oppgradering av vår ytre brannmur. I tillegg har vi forbetra heimekontoløysinga ved å leggje til ni serverar og Skype med to nye serverar, fortel leiar for Tenesteproduksjon i Helse Vest IKT Harald Flaten. 

Betre rusta for heimekontor og uønskt trafikk 
Oppgraderinga har gjort at Helse Vest IKT har nye sikkerheitsmekanismar som gjer dei mykje betre rusta til å stoppe uønskt trafikk i Helse Vest. 

Brannmuroppgraderinga og dei ekstra serverane har ikkje minst auka kapasiteten til internettet betrakteleg, og er no fem gonger så høg som før. I tillegg har heimekontorløysinga fått eit kraftig løft og Skype har fått betra kapasiteten sin.

– Før hadde vi rundt 200 menneske på heimekontor kvar dag i Helse Vest. No er det meir enn 2600 PCar som er pålogga heimanfrå. Trafikken har med andre ord auka enormt, fortel seksjonsleiar på Datakommunikasjon Andreas Espelid. 

Lurer du på korleis du logger deg på?
For at heimekontorløysinga skal fungere for alle som no sit heime og arbeider, er Helse Vest IKT avhengig av at trafikken fordeler seg jamt utover alle desse serverane.

– I praksis betyr dette at tilsette må forsøke ei anna oppkopling enn den du er på, om ikkje du kjem inn på nettet, avsluttar Flaten.

Er du usikker på korleis du loggar deg på når du sit på heimekontor? Sjå Helse Vest IKT si side for heimekontoroppkopling for meir informasjon og detaljert rettleiing for oppkopling på heimekontor.

Medarbeidarar som har behov for overnatting 

Helse Fonna tilbyr hotellovernatting for tilsette som grunna driftssituasjon, eller smitterisiko i heimen knytt til koronavirus om overnatting utenfor heimen.

Behov for hotellovernatting skal avklaras i forkant med næraste leiar.

Stressmeistring - ei øving i å meistre ubehag

Vi har spurt psykiater og ekspert i stressmeistring Bjarte Stubhaug om å dele gode råd med oss som jobbar i Helse Fonna. I denne filmen får du lære ei øving i å meistre ubehag.

 





Fann du det du leita etter?