Beredskap: Koronavirus

Helse Fonna er i beredskap grunna situasjonen med koronavirus. På denne sida finn du informasjon om korleis utbrotet av koronasmitte påverkar Helse Fonna og våre tenester. Vi oppdaterer sida.


Fyll ut dette skjemaet før du skal på sjukehuset

 


Ikkje ring naudnummer for spørsmål om koronavirus

Har du generelle spørsmål om koronavirus, skal du ikkje ringe nødnummeret 113 eller legevaktnummeret 116 117. Her skal du kun ringe når du treng hjelp raskt. 

Lurer du på testing for koronavirus?

Dersom du lurer på om du burde bli testa for koronavirus, ta kontakt med din fastlege eller legevakt. Helse Fonna har ikkje tilbod om testing til befolkinga.

Nasjonale informasjonssider om koronavirus

Folkehelseinstituttet

Helsenorge

Finn du ikkje svar på desse nettsidene? Ring Helsedirektoratet sin publikumstelefon: 815 55 015.

Besøk til sjukehus og DPS i Helse Fonna

Sjå eiga sida for retningslinjer for besøk på sjukehus under pandemien

Har du time på sjukehuset og behov for ledsagar?

Dersom du har time på sjukehuset og må ha med deg ledsagar, må dette avtalast med avdelinga på telefon før du kjem. Vi vil vurdere om timen skal gjennomførast eller utsettast. Viss timen skal gjennomførast med ledsagar, vil vi stille spørsmål om ledsagaren si helse og reise. Ledsagar kan ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust) og kan ikkje ha vore utanfor Norden siste 14 dagar eller dei siste 14 dagane ha vore i nærkontakt med ein person med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus.

Skal du hente medisin på sjukehusapoteket?

Publikumsavdelinga til sjukehusapoteket er også stengt for kunder. Dersom du skal hente klargjort medisin, må du vise fram SMS med hentemelding for å sleppe inn hovudinngangen.

Sjukehusapoteket oppmodar pasientar til å bruke e-bestillingsløysinga vår for å gjere istand medisinar: www.sav.no/eresept
Pasienten blir varsla på SMS når medisinane er klar for henting.

Brukarar av bipap og heimerespirator

Nasjonal kompetansetjeneste for hjemmerespiratorbehandling og det nasjonale nettverket jobber for at dere som brukere skal ivaretas på best mulig måte. 


Informasjon til medarbeidarar

Følg med på intranett og i leiarlinja. Noko av den interne informasjonen blir gjort tilgjengeleg på helse-fonna.no 

Sjå temaside om koronavirus for medarbeidarar

Informasjon til media

Slutt på dagleg oppdatering

Helse Fonna har slutta med sine daglege oppdateringar om Covid 19-pasientar på helse-fonna.no. Dette grunna det låge talet på pasientar, og eit stabilt og lågt smittetrykk i regionen. Dette vil bli vurdert på ny om det kjem ei ny smittebølgje. I staden vert det vist til Helse Vest sine oppdateringar på helse-vest.no.

Av personvernomsyn vil sjukehuset ikkje gje fleire opplysningar om medarbeidarar, pasientar eller pasientar sin helsetilstand.

Pressekontakt

Magne Kydland, kommunikasjonssjef
Mobil 482 73 291
E-post:magne.kydland@helse-fonna.no  

Fann du det du leita etter?