Ber publikum respektere besøksreglane

Helse Fonna ber folk nok ein gong om å vurdere i kva grad besøk er nødvendig. Og at dei som kjem på besøk følgjer reglane.

Det har dei siste to vekene vore høg aktivitet ved fleire av sjukehusa i Helse Fonna, med mange innlagde pasientar, og dermed er det mange som ynskjer å besøkje sine næraste.

Dette har ført til at det somme tider har vore lange køar i visittida, og Helse Fonna minner folk om besøksreglane, blant anna det at det berre skal vere éin besøkjande per pasient

Adm. dir. Olav Klausen fortel at det sit langt inne å stengje sjukehuset for besøk, slik ein gjorde i fjor vår då koronapandemien braut ut. Difor ber han publikum om å vurdere i kva grad besøk er nødvendig. Sjølv om regjeringa no har opna for at folk i større grad kan gå på besøk til kvarandre i private heimar, er det likevel ikkje fritt fram. Dei same reglane gjeld på sjukehusa.

- Ein skal avgrense besøk og talet på kontaktar, og då er det naturleg at dette også gjeld på sjukehuset, seier Klausen. Helse Fonna-direktøren håpar folk – både pasientar og deira pårørande – skjønar kor viktig det er å ta smittevern på alvor, og halde sjukehusa frie for smitte, for at ein skal kunne oppretthalde drifta.

Med nødvendig besøk meiner ein besøk til alvorleg og kritisk sjuke pasientar, pasientar i siste fase av livet, pasientar som er innlagt over tid, og der besøk er viktig for behandling og/eller livskvalitet, og besøk til barn og ungdom.

Pasientar som ligg inne i kort tid, gjerne berre eit døgn eller to, eller har mindre alvorlege og avklarte diagnosar, er døme på pasientar som kanskje klarar seg fint utan besøk.

- Dette er ikkje noko vi gjer for å vere vanskelege, men av omsyn til tryggleiken for våre medarbeidarar og pasientar, understrekar Klausen.

Her er dei viktigaste besøksreglane i Helse Fonna:

* Vurder nøye om besøk er nødvendig. Vi ønskjer færrast mogleg besøkande på sjukehuset.

* Besøkstid er mellom klokka 16.00 og 17.30 alle dagar.

* Det er berre tillate med éin besøkjande per pasient.

* Er pasienten på einerom, kan besøket vara inntil éin time.

* På fleirsengsrom kan ein berre vere på besøk i opptil ein halv time.