Undersøking

Ultralydundersøking

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Bruk av ultralyd er ikkje skadeleg for kroppen.

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Tilvising og vurdering

Fastlege og lege på sjukehuset kan tilvise til ultralydundersøking.

Før

Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

  • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga. Du skal heller ikkje tygge tyggegummi eller ete pastillar. Er du avhengig av medisinar, skal du ta desse som vanleg med lite vatn.
  • Ved undersøking av urinblæra skal du drikke rikeleg i forkant og møte med full urinblære.
  • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i forkant av undersøkinga.

Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

Etter

Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same. Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga.

Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag.

Ver merksam

Ultralydundersøkinga medfører ingen komplikasjonar.