Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB), Karmøy DPS

Behandlingsprogram, Karmøy DPS

Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) er nemninga på behandling av rus- og avhengigheitsbehandling på spesialistnivå. Behandlinga er eit samarbeid mellom deg og personar med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.

Innleiing

Rus- og avhengigheitsproblem kan ramme menneske i alle aldersgrupper og lag av befolkinga. Personar som blir tilvist til TSB for sine ruslidingar eller for annan avhengigheitsproblematikk (spelproblematikk, bruk av anabole androgene steroider) får tilbod om pakkeforløp TSB. Det same gjeld pasientar som blir innlagt akutt, under tvang innan rusbehandlinga, eller er i fengsel med rus- og avhengigheitslidingar.

Pakkeforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig.  I pakkeforløpet legg vi til rette for at du skal vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.

Når du får tilbod om pakkeforløp i TSB, bør det sikrast eit samarbeid med dine pårørande og/eller andre instansar, ut frå dine ønske og behov.

For å sikre at du får god oppfølging og for å unngå unødvendig venting har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørende som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet. Under "Kontakt", lenger ned på denne sida står telefonnummeret til forløpskoordinatoren hos oss.

Introduksjonsfilm - "Hva er TSB?"

 


Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling for ditt rus- og avhengigheitsproblem i TSB, treng du ei tilvising. Dette kan du få frå lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell som har rett til å tilvise til TSB.

Du skal få tilbod om å vere med på å utforme di eiga tilvising til behandling, og saman med behandlaren skal du lage ein behandlingsplan. Når vi i spesialisthelsetenesta får tilvisinga di , vurderer vi om du har rett til helsehjelp i TSB, basert på prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet.



Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Utgreiing

Dersom du har fått rett til behandling i TSB, får du eit brev frå oss med informasjon om kven du skal møte til samtale med, kvar og når.

For å kunne gi best mogleg behandling, tilpassa deg og dine behov, er det nødvendig med ei utgreiing. Hensikta med dei første samtalane er å finne ut kva behov, mål og ønske du har for behandlinga og basert på det avtale vidare oppfølging.

I samtalen får du spørsmål om mellom anna rusbruk, alvorlegheit, varigheit, omfang og funksjon. Det kan også vere aktuelt å bruke nokre kartleggingsverktøy for at vi skal bli best mogleg kjent med deg. Saman skal vi også utgreie levevanane dine og di fysiske form, slik at eventuelt behov for ytterlegare behandling kan startast opp. 

2. Behandling

Saman med deg vurderer vi kva behandling du har behov for.

Behandling i TSB kan omfatte avrusing, kartlegging/utgreiing, poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og ambulerande oppfølging/behandling.

Som oftast får du tilbod om å starte behandlinga på poliklinikk. Saman med deg vurderer vi fortløpande om du har behov for eit anna behandlingsopplegg, som for eksempel døgnbehandling.

Avrusing

Mange kan ha behov for avrusing i starten eller undervegs i eit behandlingsforløp. Avrusinga kan skje poliklinisk ved dagbehandling eller ved innlegging i ei avrusingsavdeling.

Vi følgjer Nasjonal faglig retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler.

Les meir om Avrusing frå alkohol

Avrusing frå alkohol

Avrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens eller abstinenskramper, viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

  1. Før

    Du får først time til førehandssamtale med behandlaren din. I denne samtalen ser de på tilvisinga di. Her kan du stille dei spørsmåla du måtte ha. Du og behandlaren din går gjennom og lagar ein plan for behandlinga.

    Du kan også få omvising på avdelinga viss du ønsker det, i tillegg til informasjon om rutinar og generelt behandlingsopplegg.

    Du bør lage deg ei oversikt over alkoholforbruket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette. Det er veldig viktig at du opplyser oss om eventuelle episodar med delir eller kramper, då dette vil auke faren for at det kan skje igjen, og du må få behandling for å førebygge dette.

    Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

    Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.

    Viss du gløymer å spørje om noko eller lurer på meir etter samtalen, kan du når som helst ta kontakt med oss.

    Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

  2. Under

    I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

    Du får eit behandlingsteam, som ofte består av ein behandlar og to sjukepleiarar/miljøterapeutar.

    Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av kyndig helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Du blir bedt om å avgi promilletest (blåsetest) slik at vi kan vete om du har promille og at den eventuelt er synkande.

    For å førebygge faren for utvikling av Wernickes encefalopati, som kan oppstå som følge av vitamin B, vil du få tilbod om B- vitamininjeksjonar dei første dagane. Vi anbefaler sterkt at du tar imot dette. Vi vil i den første tida måle puls og blodtrykk, og også sjekke andre symptom på abstinensar, slik at du kan få rett medisinsk behandling og for å førebygge komplikasjonar.

    Viss du er i fare for å utvikle kramper, vil du få medisin som førebygger dette. Dette vil legen informere deg om. Nok søvn og mat er viktig for at du skal kome best mogleg gjennom denne fasen, så du får opphalde deg på rommet og blir oppfordra til å sove mykje dei første dagane. På generell basis varer denne fasen ca ei veke.

  3. Etter

    Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp. Vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

    Vi kommuniserer elektronisk med fastlege og eventuelle andre du vil ha bruk for når det gjeld oppfølging etter opphaldet, for eksempel kommunal oppfølgingsteneste, LAR, apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.

    Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.

    Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga (som AA, NA og liknande)

Gå til Avrusing frå alkohol

Les meir om Avrusing frå benzodiazepiner

Avrusing frå benzodiazepiner

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Benzodiazepiner er angstdempande middel og sovemiddel. Desse legemidla er avhengigheitsskapande, og viss dei blir brukt over tid kan det vere vanskeleg å slutte med dei utan hjelp.

Personar som blir innlagt med avhengigheit av benzodiazepiner har ofte samtidig bruk av og avhengigheit til andre rusmiddel. I tillegg viser studiar at ein stor del har samtidig psykisk liding. Innlegging i institusjon, spesielt i startfasen av avrusing frå benzo kan bidra til ei grundig kartlegging av omfang av misbruk og vere ein viktig del av ein nedtrappingsplan.

  1. Før

    Du får først time til førehandssamtale med behandlaren din. I denne samtalen ser de på tilvisinga di. Her kan du stille dei spørsmåla du måtte ha. Du og behandlaren din går gjennom og lagar ein plan for behandlinga.

    Du kan også få omvising på avdelinga viss du ønsker det, i tillegg til informasjon om rutinar og generelt behandlingsopplegg.

    Du bør lage deg ei oversikt over legemiddelinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å starte nedtrappinga heime med poliklinisk rettleiing, dette vil eventuelt behandlaren og legen din kunne samarbeide om.

    Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

    Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.Viss du gløymer å spørje om noko eller lurer på meir etter samtalen, kan du når som helst ta kontakt med oss.

    Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

  2. Under

    I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

    Du får eit behandlingsteam, som ofte består av ein behandlar og to sjukepleiarar/miljøterapeutar.

    Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av kyndig helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Legen treng nøyaktig informasjon om siste tids inntak slik at den medikamentelle delen av avrusingsbehandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.

    Du og legen din skal sette opp ein plan for nedtrapping på benzodiazepiner. Kva legemiddel som blir brukt kan variere mellom dei ulike behandlingsstedene, men baseres på anbefalinger i Nasjonal faglig retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler – les mer her!Nedtrappingsplanene er individuelle, og varigheten av nedtrappingen kommer an på hvor mye du har inntatt den siste tiden og hvor lenge misbruket har pågått. Anbefalingene er at prosessen skjer over tid, slik at noe kan gjøres mens du er innlagt, og noe kan gjøres etter utskrivelse med god støtte og planlegging.

    Vi monitorerar abstinensproblematikk kontinuerleg den første tida ved hjelp av anerkjente verktøy. Desse målingane vil hjelpe deg og legen til å finne ein best mogleg nedtrappingsplan. Kva medikament som blir brukt i denne fasen vil variere.

    Du vil få tilbud om tilrettelagde miljøterapeutiske tiltak som kan hjelpe mot abstinensplager i denne fasen. Lengda på innleggingsperioden vil variere ut frå tidlegare inntak av rusmiddel, vanlegvis frå to til åtte veker.

  3. Etter

    Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp, vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

    Vi kommuniserer elektronisk med fastlege og eventuelle andre du vil ha bruk for når det gjeld oppfølging etter opphaldet, for eksempel kommunal oppfølgingsteneste, LAR, apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.

    Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.

    Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga (som AA, NA og liknande).

Gå til Avrusing frå benzodiazepiner

Les meir om Avrusing frå opioid

Avrusing frå opioid

Personar som ønsker avrusing av opioider bør innleggast på institusjon etter anbefaling frå helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing. Opioider er her brukt som felles nemning på preparat/rusmiddel som for eksempel heroin, morfin, metadon og buprenorfin.

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Her er Helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing frå rusmiddel og vanedannande legemiddel

  1. Før

    Du får først time til førehandssamtale med behandlaren din. I denne samtalen ser de på tilvisinga di. Her kan du stille dei spørsmåla du måtte ha. Du og behandlaren din går gjennom og lagar ein plan for behandlinga.

    Dersom du er tilknytta LAR vil vi samarbeide med desse om behandlinga di viss det er ønskeleg.

    Du kan også få omvising på avdelinga viss du ønsker det, i tillegg til informasjon om rutinar og generelt behandlingsopplegg.

    Du bør lage deg ei oversikt over opioidinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette.

    Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

    Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.

    Viss du gløymer å spørje om noko eller lurer på meir etter samtalen, kan du når som helst ta kontakt med oss.

    Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

  2. Under

    I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

    Du får eit behandlingsteam, som ofte består av ein behandlar og to sjukepleiarar/miljøterapeutar.

    Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av kyndig helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Legen treng nøyaktig informasjon om siste tids inntak slik at den medikamentelle delen av avrusingsbehandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.

    Vi monitorerar abstinensproblematikk kontinuerleg den første tida ved hjelp av anerkjente verktøy. Desse målingane vil hjelpe deg og legen til å finne ein best mogleg nedtrappingsplan. Kva medikament som blir brukt i denne fasen vil variere.

    Du vil få tilbud om tilrettelagde miljøterapeutiske tiltak som kan hjelpe mot abstinensplager i denne fasen. Lengda på avrusingsperioden vil variere ut frå tidlegare inntak av rusmiddel, vanlegvis frå to til åtte veker.

  3. Etter

    Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp, vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Gå til Avrusing frå opioid

Poliklinikk

Poliklinikk er ofte hovudtilbodet i behandlinga. Her startar og avsluttar som regel behandlinga. Under vegs i behandlinga, kan du ha behov for annan type behandling. I ein poliklinikk går du til regelmessige samtalar hos ein behandlar over ein periode.

Les meir om Rus - poliklinisk behandling

Rus - poliklinisk behandling

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om polikliniske tenester. TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og pasienten sine rettar går fram av pasientrettighetsloven.

  1. Før

    Før første behandlingstime vil du få eit brev med informasjon omtidspunkt og oppmøtestad.

  2. Under

    Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar, eventuelt par- og familiesamtalar. Vi kan også gi eit tilbod om gruppesamtalar.

  3. Etter

    Etter avslutta poliklinisk behandling sender vi ei epikrise til deg og til den som tilviste deg.Epikrisa oppsummerer innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod.

Gå til Rus - poliklinisk behandling

Ambulante tenester/behandling

Prinsippet i ambulant behandling er at oppfølginga skjer der du har nettverket ditt. Behandlinga blir altså flytta ut frå vår institusjon og heim til deg og ditt nærmiljø. Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandling eller eit eige behandlingstilbod. Vi kan vere tett på, med moglegheit for dagleg oppfølging saman med deg, i ein intensiv, men tidsavgrensa periode.

Døgnbehandling

Dersom du og behandlaren din kjem fram til at poliklinisk behandling ikkje er tilstrekkeleg, kan det vere nødvendig med innlegging. Då vil behandlinga føregå ved ein døgnavdeling. Ei innlegging har vanlegvis ei varigheit på 3 – 6 månader (korttid), eller inntil 12 månader dersom det er behov for det (langtid).
Les meir om Rus - døgnbehandling

Rus - døgnbehandling

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling. TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og pasienten sine rettar går fram av pasientrettighetsloven.

  1. Før

    For at ei døgninnlegging skal gi best mogleg resultat er det viktig med godt forarbeid. Forarbeidet består i å avklare fleire forhold relatert til pasienten sin situasjon. Det er også viktig at institusjonen er best mogleg kjent med pasienten sin situasjon.

    For dei pasientane som har lokal oppfølging, er det viktig at det blir knytt kontakt mellom behandlingsinstitusjon og det lokale hjelpeapparatet.

  2. Under

    Når du får døgnbehandling for rusmiddelproblem, så bur du her på institusjonen. Tilbodet består av individuelle samtalar og deltaking i grupper. Behandlinga blir lagt til rette ut i frå dine behov. Her er behandlingspersonell tilgjengeleg gjennom heile døgnet.

  3. Etter

    Etter eit opphald her skal det lokale hjelpeapparatet ta over. Før du avsluttar døgnbehandlinga blir det halde møte/samtalar mellom sjukehuset og det lokale hjelpeapparatet.

    Ved utskriving mottek du og den som tilviste deg ein epikrise som er ei oppsummering av opphaldet og ei anbefaling av vidare tiltak.

Gå til Rus - døgnbehandling

Det finst fleire metodar og terapiformer for behandling av rusavhengigheit. Dei ulike behandlingsstadane har forskjelleg tilnærming.

Dagbehandling

For nokre kan det vere aktuelt med eit dagtilbod. Dagtilbodet kan vere eit tilbod i ein døgnavdeling der du kan kome og følgje eit behandlingsopplegg på dagtid, eller tilbod i eige dagsenter.

Les meir om Rus - dagbehandling

Rus - dagbehandling

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om dagbehandling.  Dagbehandling er for pasientar som har behov for behandling, men ikkje innlegging. Dagbehandling blir ofte gitt i forlenging av ei innlegging. 

  1. Før

    Før oppstart i dagbehandling er det viktig at du som pasient er kjent med behandlingstilbodet, og at vi blir kjent med deg. Det er nyttig med formøte og/eller planleggingsmøte før behandlinga startar.

  2. Under

    Dagbehandling består av individuell behandling i form av samtalar og eventuelt kartleggingar eller deltaking i ulike grupper. Gruppetilboda varierer og kan vere samtalegrupper, behandlingsgrupper, kreative grupper eller treningsgrupper.

  3. Etter

    Etter avslutta dagbehandling sender vi deg ein epikrise. Denne oppsummerer innhaldet i behandlinga, og gir eventuelt forslag til vidare behandling eller andre tilbod. Epikrisen blir også sendt til den som tilviste deg.

Gå til Rus - dagbehandling

3. Oppfølging

Etter anbefalt utgreiing og behandling er gjennomført og avslutta, får du tett oppfølging av den som tilviste deg/fastlegen din eller fagpersonar frå ulike instansar, avhengig av situasjonen din eller etter avtale med den som tilviste deg.

Behandlingen du har vore gjennom vil vere førande for kva type oppfølging du har behov for og kor ofte. Etter avslutta behandling sender vi ein epikrise (ei samanfatning av utgreiinga og behandlinga hos oss) til deg og til tilvisar.

Ved tilbakefall er det viktig å søke hjelp raskt for å unngå at du fell tilbake til rusbruk

Tilbakefall til rusmiddelbruk og avbot frå behandlinga kan skje med fleire. I samarbeid med behandlarane dine bør du raskt lage ein plan for å førebygge og handtere eventuelle tilbakefall. Denne planen blir kalla ein kriseplan.

For god meistring kan det vere viktig å inkludere livspartnar/pårørande i behandlinga. Det er også fornuftig å finne sjølvhjelpsgrupper, der du kan dele erfaringar med andre som er i same situasjon. Dette gjeld også for pårørande.


Sjekkliste for utskriving - fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Kontaktinformasjon

Karmøy DPS
Telefon
52 73 43 00
måndag - fredag 8.00-15.30
Vel å leve-telefonen 907 61 525, velgåleve.no
E-post
Postadresse
Karmøy DPS, PB 224, 4291 Kopervik

Praktisk informasjon

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.