Behandling

Spinalpunksjon

Spinalpunksjon er ei undersøking der vi tar ein prøve av spinalvæske ved hjelp av ein nål som blir stukke inn nederst i ryggen. Spinalvæske er den væska som omgir hjernen og ryggmargen din. Nokre sjukdommar kan gje forandringar i denne væska.

Spinalvæske

Vi har ca 150 mililiter spinalvæske, men den blir fort skifta ut. Normalt produserer kroppen ca ein halv liter spinalvæske dagleg. Ved spinalpunksjon tappar vi kun nokre få milliliter.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen din eller den avdelinga du er knytt til på sjukehuset som kan tilvise til denne undersøkinga.

Før

Du kan ete frukost dersom du ikkje har fått anna beskjed.

Dersom du bruker blodtynnande medikament må undersøkinga eventuelt utsettast, eller dosene justerast (ta i tilfelle kontakt med legen din). Informasjon om dette finn du i innkallingsbrevet.

Under

Sjølve punksjonen og tappinga tar omtrent 20 - 30 minutt. Du blir bedt om å ligge på sida med ryggen mot legen, i forsterstilling. Av og til kan det vere ein fordel å gjennomføre punksjonen sittande med bøygd rygg. Begge stillingane gjer at opninga mellom ryggtaggane blir større slik at punksjonen blir enklare å gjennomføre.

Du vil merke eit stikk i huda. Sjølve ryggmargen endar fleire nivå over innstikksstaden, og det er ingen fare for at nåla kjem borti den. Ein sjeldan gong kan nokre nervar mot beina irriterast. Dette merkar du ved smerter i beina. Det er ikkje farleg, men gi beskjed viss du kjenner det, slik at vi kan korrigere stillinga på nåla. Når nåla er på plass dryp væska passivt ut og blir samla opp i nokre rør for analyse. Etter at væska er oppsamla tar vi ut nåla og legg på ein liten bandasje over innstikksstaden.

Etter

Vi anbefaler at du er sjukmeld den dagen du er til undersøking.

Du kan gjerne ligge å kvile ein time etter undersøkinga, men det er ikkje vist at sengeleie etter undersøkinga førebygger hovudpine. Du bør unngå anstrengande arbeid som tunge løft, tungt kroppsarbeid og trening det første døgnet etter undersøkinga. Det kan ta ein månad eller meir før vi har alle resultata frå undersøkinga. Prøvesvara blir då sendt til legen som tilviste deg til undersøkinga. Du får eventuelt time til kontroll på nevrologisk avdeling.

Dersom du får hovudpine etter punksjonen, kjem den vanlegvis innan 1 døgn, og er lokalisert til panna eller bakhovudet. Hovudpinen skuldast ein liten lekkasje rundt punksjonsstaden. Den gir seg nesten heilt når du ligg og kjem raskt tilbake når du står opp. Hovudpina gir seg ofte i løpet av 24 timar, og det er i den tida vanleg å prøve smertestillande tablettar. Vi anbefaler då reseptfrie smertestillande som inneheld koffein.

Dersom smertene ikkje gir seg i løpet av 3 dagar skal du kontakte avdelinga/legen som utførte undersøkinga. Legen vil vurdere om hovudpina skal behandlast ved å sette litt av blodet ditt rundt innstikkstaden (blood patch). Dette vil lodde igjen lekkasjeopninga, og smertene vil gi seg.  

Det er svært sjeldan at det oppstår bløding eller infeksjon etter ein spinalpunksjon. Kontakt lege dersom du får feber etter undersøkinga.

Nokre kan også kjenne seg stiv og vond i ryggen etter undersøkinga. Dette kan også vare i nokre dagar.