Dei fleste kan reise heim same dag. Dersom du har meir enn ein times reiseveg, må du overnatte ei natt ved sjukehusets avtalehotell. Etter operasjonen blir du observert minst 1 time. Ein lege undersøker deg før heimreise. Du må ha følge heim. Du kan ikkje køyre bil sjølv og må ha ein vaksen person i huset med deg første kvelden og natta etter operasjonen.
Saltvannsskylling av nasen
Det er viktig å skylle nasen godt med saltvatn frå dag 1 etter operasjonen eller etter at eventuelle tamponader er fjerna. Du kan kjøpe ferdig utblanda saltvatn på apoteket eller lage dette sjølv. Kok opp 1 liter vatn og tilsett 1 spiseskjei salt. Saltvannet skal ha kroppstemperatur ved bruk. Det er tilrådd å skylle 3–4 ganger dagleg fram til første etterkontroll eller i minimum 2 veker. Du kan bruke sprøyte eller nasehorn.
Sjukemelding
Dei fleste treng sjukemelding i 7 dagar, men dette kan variere.
Kontroll/oppfølging
Kontroll etter 1-2 dagar for å fjerne tamponader i nasen.
Kontroll etter 7-10 dagar hos lege på sjukehuset.
Enkelte pasientar blir også sette opp til kontroll etter 6 månadar.
Trening/aktivitet
Du bør ikkje trene eller ta tunge løft dei første to vekene etter operasjonen. Etter to veker kan du starte forsiktig og auke treninga gradvis. Kontaktidrett (ballspel etc.) bør du unngå i seks veker.
Bruk av nesespray
Ein del pasientar bruker nasespray som Nasonex, Avamys, Rhinocort eller Flutide Nasal. Du kan vente sju dagar etter operasjonen før du bruker nasespray igjen då det er hevelse, skorper og gammalt blod i nasen den første tida etter operasjonen.
Når kan du snyte deg?
Du bør ikkje snyte deg dei første ti dagane etter operasjonen. Ved snyting/blåsing oppstår det eit høgt trykk i nasen og dette kan framprovosere blødningar og er ikkje bra i tilhelingsprossessen. Det er derimot heilt ok å trekke luft innover.
Generelt kan du føle deg litt tettare i nasen dei første dagane etter operasjonen fordi slimhinnene reagerer med hevelse etter kirurgi. Når platene blir fjerna etter ca. ei veke vil nasen som regel kjennast open.
Unngå svært varm mat og drikke i to dagar etter operasjonen på grunn av blødningsfare. Det er ikkje uvanleg med noko siving av blodtilblanda sårvæske dei første to dagane etter operasjonen.