Rus - poliklinisk behandling

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om polikliniske tenester. TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og pasienten sine rettar går fram av pasientrettighetsloven.

1. Før

Før første behandlingstime vil du få eit brev med informasjon om tidspunkt og oppmøtestad.

2. Under

Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar, eventuelt par- og familiesamtalar. Vi kan også gi eit tilbod om gruppesamtalar.

3. Etter

Etter avslutta poliklinisk behandling sender vi ei epikrise til deg og til den som tilviste deg. Epikrisa oppsummerer innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.