HELSENORGE
Folgefonn DPS

Psykoedukasjon ved Folgefonn DPS

Psykoedukasjon er ein behandlingsform der pasientar og deira pårørande får kunnskap og informasjon omkring ein spesifikk diagnose. Behandlinga skal gi realistiske forventningar til betring og prognose, informasjon og ein slags undervising i den akuelle lidinga.

Innleiing

Hensikta er at pasientar og deira pårørande skal få kunnskap om korleis dei kan meistre sjukdommen på best mogleg måte i kvardagen. Du lærer mellom anna korleis du kan gjenkjenne symptom på lidinga, slik at ein kan førebygge eventuelt tilbakefall.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise.

Når vi får ei tilvising vil vi på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren til Helsedirektoratet "Psykisk helsevern for voksne" vurdere om du har krav på behandling hos oss.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Behandlinga krev inga førebuing.

Under

Det er viktig at du og behandlar blir einige om måla for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp. Behandlinga er ein del av eit behandlingsforløp.

Etter

Bruk det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av behandlinga.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Parkering Folgefonn DPS Odda

​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Parkering Folgefonn DPS Valen

Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.


Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.


Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?