Kroniske smerter: Utgreiing og behandling

Smertepoliklinikk

Langvarige smertetilstandar er ofte sammensette. Smertereduksjon, eigenmeistring og auka funksjonsnivå kan gi betre livskvalitet.

Innleiing

Utgreiinga skjer tverrfagleg etter ein biopsykososial modell. Målet er å forstå korleis både biologiske, psykologiske og sosiale faktorar påverkar eit sjukdoms- og smertebilde. Langvarige smertetilstandar er ofte sammensette og derfor blir alle desse faktorane kartlagt og vurdert av fleire fagfolk. Ved smertepoliklinikken på Odda sjukehus arbeider helsepersonell som lege, sjukepleiar, fysioterapeut og psykolog.

Nokre pasientar kjem til utgreiing med håp eller forventning om å bli heilt smertefri. Det er sjeldan at ein oppnår dette umiddelbart, men tverrfagleg arbeid og samarbeid med pasienten kan bidra til mellom anna smertereduksjon, betre smertemeistring, auka funksjonsnivå og slik totalt sett betre livskvalitet.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Personar over 18 år med langvarige smerter (over seks månadar) kan bli tilvist til smertepoliklinikken. Tilvisinga må komme frå fastlege. Vi kan dessverre ikkje tilby utgreiing/behandling til personar under 18 år, personar med maligne smerter, personar med pågåande, uavklarte forsikringssaker eller personar med rusavhengigheit. Dette er fordi det kan påverke behandlingsutbyttet.

Ein tilvising til smerteklinikk bør innehalde:

  • Forventningar til utgreiing/behandling
  • Klar beskriving av problemstilling
  • Aktuell sjukehistorie
  • Samanfatting av tidlegare utgreiingar og resultater (på eit relevant detaljnivå)
  • Tidlegare behandling og eventuell effekt
  • Oppdatert og aktuell medikamentanamnese
  • Funksjonsnivå (evne til deltaking i det daglege, aktivitetar, eventuelle hjelpebehov osv.)
  • Psykososial anamnese inkludert arbeidsstatus og familieforhold
  • Tidlegare sjukdomar.

Kopi av tidlegare epikriser kan leggast ved, men erstattar ikkje ein gjennomtenkt henvisningstekst.

 

1. Før

Før du kjem til første time hos oss, får du tilsendt eit vurderingsskjema. Dette må du fylle ut og sende tilbake til oss før første konsultasjon. Du får nytt innkallingsbrev før dei ulike konsultasjonane.

2. Under

I utgreiingsperioden vil du ha avtalar med helsepersonell som lege, sjukepleiar, fysioterapeut og psykolog. Her vil vi snakke med deg om di smertehistorie, nåværande livssituasjon, korleis du fungerer i det deglege, tidlegare behandling, eigenmeistring og personlege mål. Det vil bli gjort fysiske undersøkingar hos lege og fysioterapeut. Du vil få råd og rettleiing.

Du blir innkalla til fem konsultasjonar fordelt på tre dagar. Desse tre dagane er ikkje påfølgande, men fordelt over ein periode. Dei to første dagane møter du helsepersonell til undersøking og vurdering. Den tredje dagen møter du til siste konsultasjon, der du møter alle faggruppene samla for ein tilbakemeldingssamtale. Om du ønsker, kan du ta med pårørande på møtet. Fastlege er også velkommen. Her samlar vi alle tilrådingar om aktuelle tiltak vidare. Vi sender også ei oppsummering frå dette møtet til fastlegen din.

3. Etter

Smertepoliklinikken fungerer som rådgivar til fastlegen og gir tilrådingar om aktuelle tiltak, som for eksempel medisinjustering, behandlingstilbod og eigenmeistring.

Etter det tverrfaglege møtet blir oppfølginga hos oss avslutta, og fastlegen din har ansvar for den vidare oppfølginga av deg.

Kontakt

Smertepoliklinikk
Telefon
53651161 / 53651164
Odda sjukehus
Besøksadresse
Sjukehusvegen 1, 5750 Odda
Besøkstider
måndag - sundag 16.30-18.30
Telefon
53651000

Transport Odda sjukehus

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

Daglegvare Odda

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Odda

​Kantina ligg i U-etg.

Kiosken ved hovudinngangen har ope kvardagar kl. 10.00-18.00. Kiosken har ikkje betalingsterminal.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Odda

​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering Odda

​Det er gratis parkering for pasientar og besøkande på sjukehusområdet.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.