Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Komplekse traumer hos barn og unge

Vi kallar det kompleks traumatisering når barn og unge er blitt utsette for vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt i nære relasjonar. Andre ord som blir brukt er utviklingstraume eller relasjonstraume. Komplekse traume skil seg frå akutte eller enkeltståande traume som overfall, blind vald, ulukker eller naturkatastrofer. Det viktigaste skillet er at komplekse traumer blir påført av vaksne personar som skulle tatt vare på barnet/ungdommen og i omgivelser der barnet/ungdommen skal kjenne seg trygg.

Vald, overgrep og omsorgssvikt kan skje i det skjulte og over lang tid utan at det blir oppdaga. Sped- og småbarn er særlege utsette. Når barn og ungdom opplever traume i nære relasjonar påverkar det utvikling og fungering på alle livsområde. Teikn på traumatisering kan vere at ein trekk seg vekk frå sosiale samanhengar og aktiviteter, opplever håpløyse og kjensle av depresjon, strevar med å regulere kjensler, har vanskar med konsentrasjon og merksemd, spenning og smerter i kroppen, problem med familie og venner, dårleg sjølvbilde, spisevanskar og sjølvskading.

Les meir om vald, overgrep og omsorgssvikt

Viss du er barn/ungdom og opplever vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar, kan du ta kontakt med ein voksen du stolar på for å få hjelp. Det kan for eksempel vere ein lærar, helsesøster eller andre du kjenner. Du kan også ta kontakt med politiet, helsestasjon for ungdom og/eller barnevernstenesta i kommunen der du bur.

Informasjon om kor barn og unge kan søke hjelp

Barneombodet om vald og overgrep

Tilvising og vurdering

Viss du er vaksen og har grunn til å tru at eit barn eller ungdom blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt bør du ta direkte kontakt med barnevernstenesta i din kommune eller familievaldskoordinator i politiet. Dei vil hjelpe deg å vurdere bekymringa og korleis den kan handterast vidare.

Les meir om vald og overgrep

Barn og unge som har opplevd alvorlege traume vil ofte ha behov for hjelp frå fleire instansar over tid . Tilvising til BUP bør vurderast ved tydelege teikn på kompleks traumatisering. Det er fastlege, barnevernstenesta eller psykolog i kommunen som kan tilvise til BUP. Viss det er behov for akutt hjelp frå psykisk helsevern, er det fastlege eller kommunal legevakt som gjer ei vurdering og eventuelt kontaktar vaktsystemet i BUP.

Samhandlingsforløp ved komplekse traumer hos barn og unge i Helse Fonna

Utgreiing

Utgreiing av traumereaksjonar skjer ved poliklinikken i BUP. Ved første samtale lagar vi ein plan for utgreiinga saman med barnet/ungdommen og føresette. Viss barnet/ungdommen bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, kan barnevernstenesta også inviterast til den første samtalen. Utgreiinga kan innehalde samtalar med barnet/ungdommen, samtalar med føresete, utfylling av spørreskjema, observasjon i barnehage/skule, legeundersøking og ulike observasjonar/testar.

Etter at utgreiing er gjennomført, oppsummerer vi funn og vurderer om det er grunnlag for diagnose og behov for behandling i BUP.

Behandling

Fokus i traumebehandling er å få hjelp til å akseptere at dei vonde erfaringane har skjedd og lære seg å meistre vanskelege tankar og kjensler som følger med. Ein trygg relasjon til ein behandlar som kan følge barnet/ungdommen over tid er ein føresetnad for god behandling.

Behandling av traumer kan ta tid og kan innebere:

  • Opplæring til barnet/ungdommen og viktige støttepersonar om kva som er vanlege reaksjoner på komplekse traume og korleis det påverkar fungering i det daglege
  • Stabilisering av symptom handlar om å sikre at barnet/ungdommen har det trygt både heime og i barnehage/skule, slik at dei kan fungere best mogleg
  • Bearbeiding av traumeerfaringar handlar om å jobbe med dei vonde minna slik at desse ikkje er plagsamme i kvardagen og at det er mogleg å tenke på dei utan å bli overvelda av vanskelege kjensler
  • Rettleiing av omsorgspersonar og andre støttepersonar rundt barnet/ungdommen.

Oppfølging

Behandlinga av kompleks traumatisering går ofte i fasar. Det kan derfor vere aktuelt å avslutte behandlinga i BUP for ein periode og så bli tilvist på ny med eit anna fokus for behandlinga. I desse periodane kan barnet/ungdommen få eit tilbod i kommunen viss det er behov for det.

Ved avslutning i BUP oppsummerer vi kontakten saman med barnet/ungdommen og støttepersonar. BUP sender skriftleg tilbakemelding (epikrise) til fastlegen og den som har sendt tilvisinga til BUP. Her står om det er behov for oppfølging i kommunen, kva eit slikt tilbod bør innehalde og kva som kan vere grunn til ny tilvising til BUP.

Kontakt

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10


    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.



    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 


    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.