Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Klinisk nevrologisk undersøkelse

Ei klinisk nevrologisk undersøking er ei rekke testar som blir gjort for å finne ut om det er svikt i korleis nerve nervesystemet virker.

Tilvising og vurdering

Du kan bli tilvist denne undersøkinga frå fastlege eller frå legar på sjukehuset.




Før

Tenk gjennom din eigen sjukehistorie og kva symptom du har, før du kjem til undersøkinga.

Under

Nevrologen vil gjere fleire testar som kan gje svar på om du har ein nevrologisk skade eller sjukdom. Heile undersøkinga varer som regel circa 10–15 minutt. 

Legen tester om du ser tydeleg, bevegelsane til auget, om du har dobbeltsyn og sjekke synsfeltet. Du får også testa lukt, smak, høyrsel, følsemda og bevegelegheita til ansiktet,  og bevegelegheita i tunga, og om du snakkar utydeleg. Legen vurderer også skulderbevegelsar og hovuddreiing. 

Legen brukar ein reflekshammar til å slå tre stader på armen din, og to stader på foten for å sjekke refleksane dine. Han eller ho vil også stryke deg under foten. Viss stortåa di går opp kan det for eksempel vere eit teikn på ein skade i sentralnervesystemet. 

Viss det er forskjell mellom refleksane dine på venstre og høgre side av kroppen, kan det vere teikn på sjukdom. 

Under følsemdsundersøkinga testar legen kor følsom du er for berøring, stikk, temperatur og vibrasjon. Det kan for eksempel hende at du synst berøring er smertefullt, eller at du ikkje kjenner berøring på normal måte. Testen viser også om du klarer å skilje varmt frå kaldt, og om temperatursansen din er svekka. 

Denne delen av undersøkinga avdekker også om du har ulik følsemd på høgre eller venstre side av kroppen.

Legen ber deg om å lukke auga, peike på di eiga nase og føre hælen din over kneet på motsett side av kroppen. Du blir også bedt om å løfte armane mens du står med auga lukka, og å gå på tå og hæl. Balansetesten kan gje svar på om det er problem med veslehjernen. 

Nevrologen vil teste kor mykje kraft du klarer å legge i bevegelsane dine, og kan be deg skuve han eller henne vekk. Det kan til og med hende at du blir bedt om å bryte handbak med legen for å avdekke om det er forskjell på styrken du har på høgre og venstre side av kroppen. 

Legen beveger armane og beina dine (du skal ikkje hjelpe til) for å sjekke om du har stive musklar eller om musklane har motstand mot bevegelsane.


Det er ofte ikke nødvendig å gjøre alle testene i oversikten under. Nevrologen vurderer hvilke tester som er aktuelle.

Etter

Resultata av den kliniske undersøkinga kan gjere at du må gjennom meir utgreiing og behandling, eller tyde på at det ikkje er noko galt likevel. Undersøkinga blir ofte kombinert med CT-undersøking eller MR-undersøking eller andre nevrologiske testar.

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​