Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, Cancer mammae

Kirurgisk behandling av brystkreft

Operasjon for brystkreft inneber anten brystbevarande operasjon eller fjerning av brystet. Hvis brystet skal bli fjerna, vil det også vere ein operasjon i armhola med fjerning av ein vaktpostlymfeknute (sentinel node) eller fjerning av lymfekjertlar i armhola (aksilledisseksjon). For nokre pasientar kan det vere aktuelt med rekonstruksjon ved fjerning av bryst. Desse inngrepa blir oftast gjort i samarbeid med plastikkirurg.

Det er fleire aktuelle operasjonsmetodar ved brystkreft. Legen vil hjelpe deg med råd og rettleiing, og du vil bli tilbudt behandling som er tilpassa din krefttype. Dei fleste brystkreftoperasjonar blir utført dagkirurgisk.

Ved brystbevarande operasjon fjernar legen kun sjølve svulsten og det omkringliggande vevet. Om du får tilbod om brystbevarande operasjon er avhengig av svulsttype, størrelse, utbreiing og plassering. Størrelsen på brysta har også betydning.

For at ein brystbevarande operasjon skal vere like trygg som å fjerne heile brystet, anbefaler vi strålebehandling mot brystet. Dette er for å hindre tilbakefall.

Denne operasjonsmetoden fjernar heile brystet. Muskulatur under brystet blir ikkje fjerna.

I enkelte tilfelle legg vi inn eit dren. Drenet blir fjerna 1-2 døgn etter operasjonen. 

For nokre pasientar kan det vere aktuelt å operere inn ein silikonprotese som erstatning for brystet som blir fjerna. Dette kan skje under same operasjonen som når brystet blir fjerna, eller seinare. Viss dette er aktuelt får du snakke med ein plastikkirurg.

Ved brystkreft og enkelte tilfelle av forstadium til brystkreft, er det viktig å avdekke om det finst spreiing av brystkreftceller til nærliggande lymfeknutar. For å operere så skånsamt som mogleg har ein utvikla ein metode som blir kalla vaktpostlymfeknutebiopsi.

Vaktpostlymfeknutebiopsi

Det finst ein første lymfeknute (vaktpostlymfeknute) i aksillen som drenerer lymfen frå brystet. Status til denne lymfeknuten reflekterer status for dei andre lymfeknutane som drenerer frå det same området. Vaktpostlymfeknuten er dermed den første lymfeknuten som tar imot kreftceller. Viss vaktpostlymfeknuten ikkje inneheld brystkreftceller, vil dei øvrige lymfeknutane i aksillen med stor sannsynlegheit vere fri for kreftceller, og ein aksilledisseksjon vil vere unødvendig.

Det blir brukt to metodar for påvising av vaktpostlymfeknuten, radioaktivitet og blåfarge. Radioaktiv isotop blir som regel injisert dagen før operasjonen. Etter injeksjonen gjer vi ein lymfoscintiografi. I tillegg set vi inn eit blått fargestoff i brystet under operasjonen. Dette blir sugd opp i lymfebanene og er også eit hjelpemiddel for å finne vaktpostlymfeknuten.

Under inngrepet tar vi ut blå og/eller radioaktive lymfeknutar og sender dei til histologisk undersøking, eventuelt frysesnitt.

Blåfargen blir skilt ut av kroppen via nyrene, og det gjer at urin og avføring blir blågrøn ca eit døgn etter operasjonen.

Aksilledisseksjon

Ved aksilledisseksjon fjerner vi alt feittvev med tilhøyrande lymfeknutar i armhola.  

Det blir som regel lagt inn eit dren (plastslange) i såret i samband med operasjonen for å drenere sårvæske. Drenet blir som regel fjerna 1-2 dagar etter operasjonen.  

 

Før

Dei fleste møter til førebuande prøver og undersøkingar på sjukehuset dagen før operasjonen.

Denne dagen vil du få snakke med sjukepleiar, kirurg og narkoselege om operasjonen og tida etterpå. Det kan hende du og skal ta blodprøver og hjarteprøve (EKG). Du kan reise heim når du er ferdig.

Viss du ikkje kan opererast dagkirurgisk, vil du få tilpassa førebuing og innlegging på sengepost. 

Før operasjonen får du smertestillande tablettar og veneflon på handbaken.

Hygiene

Du skal dusje og vaske håret heime om morgonen på operasjonsdagen. Du skal ikkje bruke neglelakk, sminke, parfyme, bodylotion eller smykke (inkl. piercing). Ta på deg nyvaska klede etter at du har dusja. Det kan vere komfortable klede som ikkje strammar over operasjonsstaden.

Faste

Du må ikkje ete fast føde, drikke mjølk, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi, ete pastillar/drops etter kl 24:00 kvelden før operasjonen. Du kan drikke 1-2 glas vatn, saft, kaffi eller te utan mjølk fram til kl 06:00 operasjonsdagen. Tannpuss utfører du som vanleg.

Medisinar

Viss du ikkje har fått annan beskjed, kan du ta faste medisinar med eit halvt glas vatn tidleg operasjonsdagen. Ved bruk av blodfortynnande medisinaar (for eksempel Marevan, Abyl-E, Plavix) må du avklare med kirurgen og/eller fastlegen din om du må slutte med desse før operasjonen og eventuelt når.

Dersom du brukar insulin må du ta omsyn til at du fastar og eventuelt vente med morgondosen til etter operasjonen.   

Under

Når du er klargjort til operasjon blir du køyrt i seng til operasjonsstova. Her blir du tatt i mot av ein anestesisjukepleiar og ein operasjonssjukepleiar.

Sjølve operasjonen blir utført i narkose og varer 1-2 timar.

Etter

Etter operasjonen blir du køyrt til dagkirurgisk avdeling. Her blir du observert til bedøvinga har gått ut, vanlegvis i 2-4 timar. Du kan ete og vere i aktivitet etter kort tid. Kirurgen vil kome og snakke med deg og då ordnar vi også alle papira som du skal ha med deg heim. Viss du har behov for sjukmelding og/eller rekvisisjon til fysioterapeut, ordnar vi dette før heimreise.

Etter operasjonen vil kroppen normalt produsere noko sårvæske i operasjonsområdet. Nokre gongar kan det bli så mykje at ein kjenner det sprenger over arret. Dette er ikkje farleg, men det kan vere behov for å tappe ut væska. Dette er ein enkel prosedyre som kan gjerast av lege/sjukepleiar på sjukehuset, eller eventuelt fastlegen din.

Dersom huda blir raud og varm, og du hovnar meir opp og/eller får aukande smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også kome gult puss ut av såret. Dersom dette skjer skal du ta kontakt med lege som kan vurdere behovet for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.

Den som får operert bort heile brystet vil ha behov for ein utvendig protese. Før du reiser frå sjukehuset får du med deg ein bomullsprotese som du kan ha dei første vekene etter operasjonen. I tillegg får du ein rekvisisjon på utvendig silikonprotese og ei liste over forhandlarar. Det kan vere lurt å vente med å tilpasse denne protesen til såret er grodd og eventuelle reaksjonar i operasjonsområdet er borte.

Det finst fleire ulike typar protesar. Dei tradisjonelle protesane skal ein bruke med ein spesial-BH, der det på eine sida er laga ei lomme som protesen kan ligge i. Det finst også protesar som kan limast direkte på huda. Proteseforhandlaren vil gi deg god hjelp til å finne den som passer best for deg.

Du får informasjon frå fysioterapeut om tilpassa fysisk aktivitet umiddelbart etter operasjonen og i tida etterpå. Her får du instruksjon i øvingar som skal ta vare på bevegelegheita i skulderen og arma på operert side. Ingen av øvingane skal gjere vondt.

Det er vanlegvis lite smerter forbunde med inngrepet, men ein kan kjenne at operasjonsområdet er ømt. Du får smertestillande medikament for å lindre eventuelle plager.

For å førebygge redusert bevegelegheit i skulder og arm er det viktig å følgje instruksjonane frå fysioterapeut.

Symptom på lymfødem er ein kjensle av at arma og handa di blir tung og hoven. Dersom du får plagsamt og varig lymfeødem kan du få rekvisisjon til spesialist for lymfedrenasje.

I armhola er det fleire større og mindre nervar som forsyner hud og muskulatur i arma med nerveimpulsar. Viss ein eller fleire av desse nervane blir strekt eller delt i samband med operasjonen, kan det bli ein midlertidig eller varig svekka kjensle i huda i eit område på overarma og i armhola. Dette er rekna for å vere ein vanleg følgetilstand til inngrepet. Ein sjeldan gong kan pasienten få noko redusert muskelkraft i arm/skulder.    

Ver merksam

Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte sjukehuset ved poliklinikken eller sengeposten:

Bløding

Bløding skjer sjeldan og vanlegvis kort tid etter operasjonen, som regel innan det første døgnet. I slike tilfelle vil du bli hoven og kjenner smerter i form av spreng i sårområdet. Dersom dette skjer skal du ta kontakt med sengeposten. Nokre gongar er det tilstrekkeleg å legge stram kompresjon over såret. Andre gongar må ein opne såret for å stanse blødinga. Dette blir gjort på operasjonsstova i narkose.

Infeksjon

Dersom huda blir raud og varm, og du hovnar meir opp og/eller får aukande smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også kome gult puss ut av såret. Dersom dette skjer skal du ta kontakt med lege som kan vurdere behovet for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.