Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hemoroider, strikkbehandling

Strikkbehandling av hemoroidar er eit velprøvd og godt val ved behandling av mindre hemoroidar. Behandlinga blir ofte utført samtidig som du er til undersøking på poliklinikk.

Før

Det kan vere behov for at du tar miniklyster før undersøkinga på poliklinikk. Følg rettleiingane i innkallinga du får frå sjukehuset. Strikkbehandling er lite smertefullt og kan bli gjort utan bedøving.

Under

Kirurgen fester gummistrikk rundt slimhinna som dekker hemoroiden. Når strikken er på, blåser slimhinna som dekker hemoroiden seg opp. Blodforsyninga i slimhinna blir strope, og strikken med slimhinne fell av etter 10–12 dagar. Det som då er att, er eit lite arr der strikken satt. Dette arret fikserer slimhinna, slik at hemoroiden ikkje sig ned.

Etter

Det er vanleg å kjenne trykk og ubehag i endetarmen i 1–2 dagar.

Gummistrikken fell av etter 10–12 dagar og blir ofte følgt opp av ei lita frisk bløding.

Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll.

Dersom det er fleire og store hemoroidar, kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Det blir då avtalt kontroll på poliklinikk etter 6–8 veker i første omgang. Plagene til pasienten etter første behandling er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig. 


Ver merksam

Ved sterke smerter eller stor bløding må du ta kontakt med legevakt/sjukehus.


Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.